søndag 2. januar 2011

Godt Nytt År

Vi står ved starten på eit nytt år.
Det siste året har vert prega av den tragiske bortgangen til Albrigt Sangolt og året me har lagt bak oss har såleis vore utfordrande på mange vis.


I Sund har me nett vedteke eit budsjett der fokus også i år har vore sparing. Den store saka i økonomiplanen er ein mogeleg endring av skulestrukturen og ein organisasjonsendring i kommunen. Dersom det er store beløp å spare på å endra skulestrukturen så reknar eg med at det vert gjennomført, men det er viktig å ha eit godt alternativ som ivareteke behovet til elevane på ein god måte.
I det kommande året vert det også særleg fokus på samferdselsprosjekta Sotrasambandet med nord/sør traseen og sambandet til Lerøy og Bjelkarøy. Ei anna stor sak er revidert kommuneplan. Kommuneplanen vitnar om at vi har ambisiøse innbyggjara som ser lyst på framtida og har et ønskje om å få til noko. Her har det blitt lagt ned eit omfattande arbeid både frå innbyggjarane, administrasjonen og politikkarane.

I min kvardag opplever eg mange som engasjerer seg og tek kontakt med meg, enten for å koma med konstruktive forslag, eller for å be om hjelp til enkeltsaker. Ikkje alle kan eg gjera til lags, men både eg og mine medpolitikarar set pris på engasjementet me ser i bygdene våre.

Eg vil med dette takka alle innbyggjarane våre og tilsette i kommunen for at de er med på å gjera kommunen me bur i til å væra så bra. Me byggjer samfunnet vårt i lag, og det skal me få til!


Eg ynskjer dykk eit godt nytt år!
Helsing
Ove


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar