torsdag 6. januar 2011

Sotrasambandet og Sund sine alternativ

Dette innlegget er også basert på et resymé av samandraget i  rapporten frå Opus då dette er samanfallande med mykje av det som kom fram på møtet i dag.

I dagens Vestnytt 6.januar 2011 gjer eg uttrykk for mine bekymringar rundt nord – sør traseen. Bakgrunnen er slik eg opplever det, er tilsynelatande manglande resursar til å lage en teneleg veg frå Kolltveit til Sund, den såkalla nord – sør traseen.


I dagens møte med gruppeleiarane kom det tydelig fram at politikarane i Sund har store forventningar til nord-sør traseen. Det blei tatt til ordet for at traseen helt sør til Austefjorden kan deles i fleire utbygging etappar, men at det må til ein 80 soners veg sørover til Sund der løysningen går utanom Fjell sentrum. Gruppeleiarane ønskjer et møte med vegvesenet for å diskutere realistiske alternativ innafor same bompengesøknad/pakke. Dei var også samde om at skal ein sende ein søknad om bompengar no på bakgrunn av at ein har behov for kollektivtrase så må ein kollektiv trasee gå frå Kolltveit og ikkje frå Straume.

Hadde trafikkplanleggjarane hatt blanke ark når dei skulle velje kvar eit nytt samband til Sotra skulle gå, ville dei truleg valt kryssing i sør.  Denne traseen er framtidsretta og fleksibel.  Den utløyser nye område som kan utvikla Bergensregionen, kortar vegen mellom viktige næringsklynger på Sotra og i Ytrebygda  - og kan på lang sikt avlaste dagens samband.

Diverre er ikkje arka blanke og regjeringa har fatta vedtak om ei løysing nord i saka. Det meste av busetjinga og dei fleste arbeidsplassane ligg nord for, eller nært opp til dagens samband. Tyngda av trafikken over sambandet skjer mellom Litlesotra og Loddefjord. Det er derfor kommunane Fjell, Øygarden og Bergen i tillegg til Hordaland fylkeskommune og Staten går inn for eit samband i nord. Kollektivtrafikken vil tene på dette.  Skal det bli plass for eit samanhangande kollektivnett frå Straume til Bergen, trengs det eit nytt samband her. Fotgjengarar og syklistar får eigen gang- og sykkelveg. I tillegg vil eit nytt samband betre framkomsten for privatbil- og næringstrafikken.

Slik saka står har samfunnet to val. Det eine er ny firefelts bru i høgspent traseen noko som tilsynelatande gjev få midlar til vegen sørover til Sund eller ei ny tofelts bru parallelt med eksisterande bru – det såkalla kollektivalternativet. Kollektivalternativet kan vera eit klokt val. På dagens gruppeleiarmøte meinte både Høgre og Arbeidarpartiet at dette er ein løysning som kan realiserast fortare enn ei 4 felts bru i høgspent traseen og kan gje ei tidligare realisering av ei løysing i sør. KRF, SP og FRP var meir tvilande til ei løysning med to felt. Gruppeleiarane var likevel samstemte i at dei føresetnadane som låg til grunn for kommunestyret si alternative støtte til 4 felts bru ikkje lengre er tilstades. Alle ønskjer unnsett ei løysing i sør. Ei ny 2 felts bru er parallelt med eksisterande, gjev plass til to kollektivfelt i tillegg til gang- og sykkelveg. 
  • Kollektivalternativet er mest framtidsretta i moderne urbane strøk med tett busetnad.
  • Saman med restriktive tiltak mot biltrafikken vil det redusere trafikken på eit vegnett i Bergen som ikkje toler ein kraftig trafikkauke noko politikarane i Bergen er opptekne av.
  • Det er i  tråd med nasjonale klimamål og rikspolitiske retningslinjer for areal- og transportplanlegging og Fylkesmann Lars Sponheim støttar godt opp om.
  • Det er billegast, og kan gje meir pengar til vegar langs nord/sør-korridoren.
  • Det gjev liten kapasitetsauke til dagens samband og støttar såleis ein langsiktig strategi for eit samband i sør

Det skal bli spanande å sjå kva løysingar Vegvesenet kjem med no når planprogrammet snart skal leggje ut på høring, og om løysingane dekkjar Bergen sine behov og ønskjer jamfør Bystyret sitt vedtak i mars 2010.

Folketalsveksten i Bergensregionen vert på minst 100.000 innan 2030. Med stadig færre personar i kvar husstand, kan dette bety minst 50.000 nye bustader dei neste 20 åra. Alle desse bustadene får ikkje plass i Bergen. Sund har gjort arbeid med bygging av VA og kommunevegar som gjer det lett å leggje til rette for endå fleire bustader i kommunen. Folketalsveksten dei siste åra peikar mot ei dobling av folketalet i Sund på dei neste dryge 30 åra. Bergen manglar næringsareal. Sund har areal. Det vi manglar er et teneleg samband!

Det er etter min oppfatning ein langsiktig og tolmodig strategi for samband i sør Sund kommune må leggje opp til dersom vi ikkje får ei teneleg løysing på nord – sør traseen.

Hilsen
Ove

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar