lørdag 26. februar 2011

Oppsummert veke 8

Då er det endeleg helg og tid for å oppdatere Bloggen! Også denne veka har vore variert med formannskapsmøte og tur til Oslo for å delta på opninga av VM på ski.



Måndagen var det møte i formannskapet. Møtet var opphavlig planlagt 15 februar, men grunna kort sakshandsamingstid på saka om utviding av Stranda skule vart møtet flytta til Måndag 22 februar. Den største saka her var såleis saka om skule utvidinga. Formannskapet ville ikkje drøfta dei økonomiske rammene til utvidinga av skulen før formannskapet hadde fått tilstrekkeleg innsyn i argumenta og prosessen som førte fram til val av leverandør. Saka vart såleis sendt attende til administrasjonen for vidare utgreiing. Nytt ekstraordinert formannskapsmøte vert Onsdag 2 mars. Nina Glesnes vart peika ut av formannskapet til å delta saman med ordførar, varaordførar og rådmann i drøftingane med Fjell kommune om Sotrasambandet. Vi skal ha eit møte med representantar frå Sotrasambandet AS Onsdag 2 mars. Nytt møte med Fjell kommune er planlagt måndag 7 mars.

Tysdagen var det møte i Kultur og Ressursutvalet i Hordaland Fylkeskommune. På agendaen sto saka om fastlandsforbindelsen til Lerøy – Bjelkarøy. Utfallet frå dette møtet var identisk med ordlyden frå sakshandsaminga i Samferdselsutvalet førre veke. I Fylkesutvalet Torsdag 24.februar vart det ei endring i ordlyden i vedtaket. Der blei det presisert at Fylket ser prosjektet som krevjande reint økonomisk og lyt konkurrera med andre vegprosjekt i Fylket.

Tysdag ettermiddag var det markering av Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg. Dette var eit flott arrangement. Mange gode ord om Fylkesordføraren vart poengtert i fine taler. Eg fekk bekrefta mitt førsteinntrykk om at Fylkesordføraren er eit serdeles opent og imøtekommande, hjelpsamt og godt menneske. Fylkesmann Lars Sponheim ”tok av” som vanlig i si tale og hadde eit innlegg som etter fleire sin oppfatning ikkje hører heime i ein 60 årsdag. Det er uforståelig at staten sin fremste mann i fylket ter seg slik. Tala var ein blanding av politikk og nærmast sjikane mot enkelte politikara og parti i Bergen.

Onsdag bar det til Oslo saman med mange av dei andre ordførarane her i Hordaland. Vi var invitert til Oslo for å delta på opninga av VM på ski 2011. Alle landets ordførara var invitert. Dette var eit kjempeflott arrangement som vart avslutta med middag i Oslo rådhus med kongeparet og kromprinsparet og andre gjestar. Flott underhaldning og god mat. Veldig kjekt å treffe ordførara frå heile landet, bystyre og  byrådsmedlemmar i Oslo og representantar frå regjeringa. Etter det formelle var over var vi i god stemning og dei fleste la ”ordførar kjede på hylla” og blei sein til køys! Torsdagen starta konkurransene i Holmenkollen og i Oslo sentrum var det eit yrande liv.



Fredagen var det møte med Gode Sirklar/Sintef om Marin satsing og realisering av BRB sin næringsplan. Dette er eit pilotprosjekt der ein tar sikte på at Gode Sirklar skal bidra til å realisere andre kommunar sin marine næringsplan. Dette vert eit spanande prosjekt dersom aktørane vert einige om å bruke Gode Sirklar til dette formålet. Vi vil då kunne få ekstern finansiering til prosjektet.

Ha ei fin fin helg
Ove

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar