onsdag 9. februar 2011

Rullering av Kommuneplanen

Kommunestyret vedtok på møtet Tirsdag 8.februar å legga kommuneplanen ut på høyring. Høyringsfristen er 6 veker. Planen består av ein tekstdel og ein arealdel. Det er lagt ned eit betydeleg arbeid med planen. Innbyggarane har vore involvert og mange har delteke på bygdamøter og reserverte kontordagar for innbyggjara. Det er det motteke ca 130 private innspel som er imøtekomme så langt som mogeleg.



Kommuneplanen sin arealdel er ein del av kommunen sin langsiktige og overordna planlegging. Minst ein gong i kva valperiode skal kommuneplanen vurderast og foreta endringar dersom det er naudsunt, jfr plan og bygningslova. Planen er delt inn i ein samfunnsdel og ein arealdel. Samfunnsdelen er ein langsiktig planlegging med brei samfunnsmessig tilnærming. Samfunnsdelen viser og konkretiserer politiske mål og visjonar for utvikling av kommunen. Denne delen lyt vi arbeida litt meir med. Arealdelen fastset arealbruken i kommunen og som oftast engasjerer innbyggarane og grunneigarane. Det er også bakgrunnen for denne bloggen.

Arealplanen er juridisk bindande og består av eit plankart med vedtekter. Avvik frå planen skal handsamast som dispensasjonssaker etter plan og bygningslova. Den nye fylkesmannen Lars Sponheim har som målsetjing at kommunane skal bli flinkare til å planleggje slik at ein kan verta meir restriktiv med dispensasjons søknader. Planen kan også innehalde retningsliner til planen som ikkje er juridisk bindande, men gjev viktige føringar i høve til arealdisponeringar.

Forvaltningsstyret – planutcvalet har arbeida for at dei ønskja som innbyggara i Sund har skal bli ivareteken i planen. Dette gjelder spesielt mogeligheita til å få til noko i strandsona, og at det er gode mogeligheiter for at bygdene skal utvikla seg ved at det er mogeleg å bygga nye hus i grendene.

I arbeidet med planen fram til no har statlege og fylkeskommunale mynde vore involvert i planprosessen slik at det som no er vedteke lagt ut på høring er eit resultat av mange innspel både frå private og statlege og fylkeskommunal mynde. Planutvalet ønskjer å vera realistiske slik at vi ikkje får motsegn. Det som er det store spørsmålet no er om andre instansar vil fremje motsegn mot kommuneplanen.

Kva er ei motsegn?
Fylkeskommunen, statlege styresmakter og nabokommunane kan reisa motsegn mot kommuneplanen sin arealdel, reguleringsplan og utbyggingsplan i samband med høyring av planforslag. Fylgjen er at kommunestyret ikkje kan eigengodkjenna planen, men den må godkjennast av Miljøverndepartementet som kan gjera endringar i planen. Motsegn skal i utgangspunktet gjelde realiteten i planen og om denne strir imot overordna plan og retningsliner på fagområdet, ikkje formelle feil i planane. I utgangspunktet er det kommunen som ut i frå ei samla vurdering avgjer korleis areala skal nyttast. Dette føreset samarbeid, samråd og offentleg informasjon.  Kommunen kan ikkje la vera å ta omsyn til overordna statlege og regionale interesser. Dersom regionale og nasjonale interesser ikkje vert tilstrekkjeleg ivaretatt kan dei regionale organa fremja motsegn, og det gjer dei ofte. Det er opp til  motsegnsorgana å avgjera kva som er så vesentleg at avgjerdsmakta bør vera i Miljøverndepartementet. Fylkesplanen er eit viktig dokument i slike vurderingar. Dei fleste motsegner gjeld konflikt mellom kommunen sine ynskjer (på vegne av innbyggarane) og behov og overordna regionale og nasjonale interesser i arealbruken.

Kven kan fremja motsegn?
Desse kan fremja motsegn i Hordaland:
Bergvesenet (massetak/bergverk). Direktoratet for brann- og eksplosjonsvern (brann- og eksplosjonsvern/førebygging). Fiskeridirektoratet sine regionkontor (havbruk og havbeite og fiskeri). Mattilsynet (fiskesjukdomar). Forsvarsbygg (bygningar og eigedomar for forsvaret).Fylkesmennene (Forureining/miljø-, naturvern, landskapsomsyn og friluftsliv, miljøretta helsevern, barn og unge sine interesser, beredskap, tilfluktsrom, risiko- og sårbarheit)
Fylkeskommunen (Kulturminne, kulturmiljø og landskapsomsyn fylkesplan/regionale planinteresser/planfagleg kvalitet). Fylkeslandbruksstyret(jord- og skogbruk).Luftfartsverket AVINOR (Lufthamnar, lufttransport). Kystverket sine distriktskontor (Hamne- og farvassforvaltning, utnytting av sjøområde, kaianlegg, sjøverts - transport
Jernbaneverket, baneregionane (Jernbanar, jernbanetransport). Noregs vassdrags- og energiverk (Energi, vassdrags og grunnvantsspørsmål). Riksantikvaren (Nasjonale kulturminneverninteresser når fylkeskommunen ikkje fylgjer faglege råd frå fylkeskonservator). Telenor A/S teleinfrastruktur. Statens vegvesen regionvegsjef Vest (riksvegar, vegtransport). Statsbygg (Bygningar og eigedomar for Staten). Stiftsdireksjonane/bispedømeråda Bjørgvin (kyrkjer og kyrkjegardar). Nabokommunane.

Vi ser såleis at kommunane har ei rekkje instansar som kan fremja motsegn og som Sund kommune må forholda seg til i arbeidet med planarbeid. Det er difor det er svært vanskeleg å imøtekomma alle innspela og tilfredstilla alle grunneigara.

Etter at det er fremja motsegn har kommunen fylgjande alternativ for vidare handling:
1.         Imøtekoma motsegna direkte og endra planane
2.         Forhandla med partane med sikte på å oppnå kompromiss/semje
3.         Be om at fylkesmannen meklar mellom partane og koma fram til løysing.

Dette må gjerast etter tilråding frå planutval, men før handsaming i kommunestyre.
Dersom ingen av desse metodane fører fram, blir saka sendt Miljøverndepartementet frå fylkesmannen for endeleg avgjerd etter uttale frå fylkesmannen og fylkeskommunen.
Om lag 85 % av motsegnene vert løyst før mekling, 10% vert løyst ved mekling og 5% vidaresendt til Miljøverndepartementet. Det er eit mål å unngå motsegn frå regionalt nivå.

Talet på plansaker som gjeld sjøområda er stadig aukande.  Dette gjeld i særleg grad regulering for hyttefelt, naustområde og småbåthamn. Til tross for auka press er det få konfliktar mellom fiskeri, akvakultur og anna arealbruk. Hordlandskommunane er langt framme når det gjeld kystsoneplanlegging og har kompetanse i dette. Samarbeidet
med fylkeskommunen og planforum kan ha medverka til dette i stor grad.

Kommunane får motsegn i følgjande tilfeller (det er også fleire eksemplar):
Manglande registrering, oppdatering og vektlegging av kulturminne både automatisk freda, verdifulle kyrkjer og frå nyare tid (SEFRAK). Byggjeområde og område for spreidd bustadbygging/ hyttebygging i område med automatisk freda kulturminne.  Manglande forankring av planar i stadanalysar for tettstader. Føresegner som ikkje fangar opp kulturminneverdiar. Nedbygging av strandsone med friluftsliv/landskapsverdiar. Manglande sikring av strandsona som fellesområde/ friluftsområde i bustadområde. Område for spreidd bustadbygging/hyttebygging i 100-m beltet ved sjø.
Rorbuer/hyttenaust i område avsett til naust/anna føremål. Småbåthamn utan avklaring i kommuneplan. Bygging i strandsona i strid med kommuneplan. Manglande føresegner for byggegrense mot sjø. Storleik på naust (over 40kvm) i føresegnene. Uheldig utbygging i område med vesentlege landskapskvalitetar og/eller friluftslivinteresser. Uheldig utbygging i verdifulle kulturlandskap. Bygging innafor byfjellsgrense. Fritidsbustader i fjellområda. Manglande avklaring i overordna plan. Manglande grøntstruktur- og landskapsomsyn. Omdisponering av leikeareal for barn i nærmiljø utan erstatningsareal. Uteareal for skular. Utbygging i område med verdifullt biologisk mangfald. Føresegner som ikkje fangar opp biologisk mangfald. Utflytande utbyggingsmønster med spreidd bustadbygging og satellitt - bustadområde i funksjonelle arbeids- og bustadregionar som Bergensregionen og Haugalandsregionen. Område for spreidd bustadutbygging inntil Bustadområde. Bustadområde i tilknyting til farleg skuleveg. Veg- og gateutforming som ikkje tek omsyn. til trafikktryggleik på ein god nok måte. Manglande avgrensing av talet på bustader i område for spreidd utbygging. Manglande tilrettelegging for infrastruktur til kollektivtransport. Uheldige verknader for framkomsten på vegnettet og strid med vegnormalane. Jernbanetransport utan tilstrekkjeleg trygging og framkomst, areal- og interesser. Sjøtransport utan tilstrekkjeleg trygging og framkomst. Konflikt mellom store akvakulturområde og ferdsel til sjø. Manglande planlegging av tilstrekkjeleg hamneareal, ankringsområde og farleier. Plassering av kablar, røyr og leidningar i konflikt med ankringsområde og viktige farleier. Generelt strid med rikspolitiske retningsliner for samordna areal og transportplanlegging.

Ut frå dette kan vi sjå at det er eit omfattande regime i Noreg for kva omsyn ein må ta i areal og plansaker. Den lokale sjølvråderetten er etter mitt syn minimal og det er viktig at sundsoknera som engasjerer seg i plan og arealspørsmål kjenner til og forstår at handlefridomen til lokalpolitikarane i Sund kommune er svert avgrensa grunna statleg politikk.
     Solnedgang sett fra Trellevik: Foto Camilla Smistad Tofterå.

Ønskjer du å meir informasjon om kommuneplanen kan du henvenda deg til servicetorget i kommunen eller du kan sjå om du finn svara på dine spørsmål her:
http://www.sund.kommune.no/innsyn.aspx?response=arkivsak_detaljer&arkivsakid=2008002675&scripturi=/innsyn.aspx&skin=infolink&Mid1=1700&

Helsing
Ove

 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar