torsdag 10. februar 2011

Sotrasambandet - Sund krev nye løysingar

På kommunestyret Tysdag 8 februar fekk vi informasjon frå Sotrasanbandet AS om status i prosjektet om nytt Sotrasamband. Løysinga som vart presentert inneber ei ny 4-felts bru i høgspent traseen og ny veg frå Kolltveit til Ågotnes. Får Kolltveit og sørover til Sund er det berre foreslått nokre utbetringar på Krossleite, Dala og i området ved Kørilen. Oppdraget til prosjektet var å levere ny veg heilt frå Austefjorden til Ågotnes.


Vi ønskjer alle ei løysning som ivareteke samfunnet sine behov for transporteffektive løysningar, og som løyser regionale utfordringar og forventningar for heile regionen her vest.

Opphavleg ønskje frå Sund var tunnel i sør. Vi meinte at dette var den beste løysinga, og vi meiner det fortatt. Regjeringa har bestemt at tunnel løysinga ikkje lengre skal vere med i kommunedelplanen for dette prosjektet, og det må vi forholda oss til. Vi støtta såleis for ei tid tilbake ei ny 4 felts bru i høgspent traseen under føresetnad av at vi også skulle få ny veg frå Kolltveit til Austefjorden, og ikkje berre frå Kolltveit til Ågotnes.

Etter det vi fekk presentert i kommunestyret tysdag 8.februar er politikarane i Sund overtydde om at ny veg frå Kolltveit til Austefjorden ikkje vert realisert på uendeleg lang tid, om det i det heile vert realisert. Vi ser av presentasjonen at det vert lagt opp til midlartidige løysningar som gjer at kommunestyret ikkje har tru på at vegvesenet sine framlegg til løysingar vert realisert. Dette grunna at utbyggingskostnadane er store og bopengesatsane lave.

Etter mitt syn så er dette brot på føresetnadane som låg til grunn då vi støtta ei ny bru i høgspenttraseen og eg meinar Sund må revurdere heile støtta til – konseptet om 4 felt i høgspent traseen.

Eg har diskutert mulige løysingar med Byråd Lisbeth Iversen - som ivra etter gode klimavennlege løysingar som samtidig løyser regionale samferdselsbehov. Ho og fleire i Bergen meinar vi må gå for ei løysing i nord som gir gode kollektivløysingar og som ikkje krev dyre kostnadskrevjande løysingar på bysida. Lisbeth Iversen meinar at veksten i trafikken hellar må takast i ei søre løysing. Denne løysinga må inn i Bergensprogrammet. Heile kommunestyret gav støtte til dette synet.

I den seinare tid ser vi frå media at Bergen og regionen har store miljø utfordringar knytt til den formidable veksten i biltrafikken. I Bergensregionen forventa SSB 50% auke i biltrafikken fram til 2030 dersom samfunnet ikkje satsar kollektivt. Fylket sin klimaplan legg opp til 30% reduksjon i utslepp frå biltrafikken i same periode. Bergen har såleis fatta vedtak om at alle innfartsårene til Bergen skal søkast omgjort til 2 felt + 2 sambruksfelt grunna miljø og klimautfordringane i Bergen, samt økt satsing på kollektiv transport.

Eg føreslo at Sund kommune tar ”Time out” i støtta til brua i høgspent traseen, grunna manglande regional heilskapstenking i løysninga vi fekk presentert, og dei klima og miljø utfordringa denne løysinga skapar i Bergen. Eg fekk kommunestyret sin tilslutnad til dette.

I møte med Fylkesrådmannen har eg uttrykt min bekymring om Sotrasambandet og han foreslår eit møte med Fjell.
 
Det vi fekk presentert i kommunestyret gjer meg trygg på at det beste er ei 2 felts bru i nord, og samstundes få ei løysing i sør inn i Bergensprogrammet eller regionpakke Bergen.

Eg fekk støtte frå kommunestyret til å arbeide vidare både med Fjell, Bergen og Fylkeskommunen om dette.

Så får vi håpa at vi i fellesskap kan finne gode løysingar for heile regionen.




Helsing
Ove

 

2 kommentarer:

  1. Å ordne en vei med bro i sør via Lerøy og Bjelkarøy bør være det beste alternativet. Ikke minst fordi en da får nærhet til arbeidsplasser og næring i Sandsli-Kokstad området. Noe hele Sotra og Bergen ville være tjent med.
    Det er kun disse dillitantene på Hjellestad som motsetter seg dette. De glemmer tydeligvis at de må over Oddlandsbroen for å komme seg til byen selv. De glemmer også at en ny bro vil også trenge ny vei. Veien fra Blomsterdalen til Hjelløyen må være dårligere enn gjennomsnittlig veistandard i Sogn og Fjordane...

    SvarSlett
  2. Hei og takk for kommentar!
    Mykje godt i det du skriv. Det er mange som er einig med deg her i at dette ville vore den mest framtidsretta løysinga, men det å få alle til å sjå dette er ei krevjande pedagogisk oppgåve. Politikara i Bergen kan sjå det, men det sit svert langt inne blant dei to andre kommunane her vest!
    Det einaste eg kan sei er at "vi må arbeide for det vi trur på"!

    Helsing Ove

    SvarSlett