lørdag 2. april 2011

veke 13. Styremøte Gode Sirklar, Ungdomsråd og omstillingsarbeid i fokus

Då er det jaggu meg helg igjen. Vekene ”fyk av gårde”, men det er kjekt og givande arbeid! Denne veka har eg fått vore med å påverka strategien til Gode Sirklar AS, deltatt i Ungdomsrådet, arbeida med omstilling og ikkje minst dårlege vegar!


Mandag var dagen då eg hadde planlagt til å bruka på saksførebuingar til fleire møter, men den gang ei. Det blei heller ein spanande start på veka med mange telefonar og besøk på kontoret. På tampen av dagen rakk eg å bli med rådmannen og dagleg leiar i Sund Vatten og Avlaup Arne Bergo på befaring til Forland. Her såg vi på noko avlaupssystem som trengs utbetringar på.

Gode Sirklar AS
Tysdagen var det dags for styremøte og generalforsamling i Gode Sirklar AS. Den store saka i dette møtet var strategi drøftingar kring selskapet. Eg ønskjer ei spissing av aktivitetane og meir fokus på nøringsutvikling innan olje/gass/energi, marin sektor og reiseliv. Framtidige prosjekt må ha eit verdiskapningskrav i seg, enten økonomisk eller samfunnsmessig. Visjonen til Gode Sirklar er samskapande meirverdi og då må vi etter mi meining kunne dokumentera denne merverdien. Prosjekta som skal overleverast til "drift" må være bærekraftige med utgangspunkt i lokal ide og behov. Basert på innspela frå styret skal Gode Sirklar AS lage utkast til strategiar som vi skal ha ei drøfting på i mai. Vi hadde også ein gjennomgang av dei største prosjekta, og Kysteventyret er i ein god "drive". Prosjekt "Perler i Nordsjøløypa" vart formelt avslutta 31.12.10 og vi diskuterte litt den vidare bruken av "Luftskipet". Eg har tidligare tatt til orde for at det ikkje er aktuelt for Sund kommune å satse kommunale midlar for vidare drift av Luftskipet i kommunal regi. Gode Sirklar har ikkje som strategi og eige dette luftskipet og bruken kommande sommarhalvår vil truleg legge føringar for den vidare skjebnen. Enten vert den overtatt av andre aktøra for vidare drift dersom det er grunnlag for det, eller avvikla.  Ordinær generalforsamling blei avvikla der dei vanlege sakene som årsregnskap etc blei handsama.

Ungdomsrådet
Tysdagen hadde det nystarta ungdomsrådet møte. I Ungdosmsrådet sit det representantar frå Sotra Vidaregåande Skule Avd.Sund og Sund Ungdomsskule. Som ordførar er eg politikarane sin representant. Kulturkontoret er sekreteriat. Ungdomsrådet er i startgropa og det blei diskuter korleis ungdomsrådet skal brukast av både ungdommane og politikarane. Eg foreslo at vi på neste møte kan sjå litt på både kulturplan og kommuneplan og kanskje Ungdomsrådet kan ha nokre innspel. Vi vil også i saman sjå på kva den planlagde Vollyballhallen på Stranda skal ha for utstyr og fasilitetar og inventar. Vi har som mål og gje gode innspel også her. Alle i ungdomsrådet fekk tilbod om Arrangørkurs for ungdom slik at dei kan arrangere ulike tilstellingar og arrangement. Dette tilbodet var det fleire i rådet som takka ja til.

Omstillingsarbeidet i kommunen
Tysdag kveld var det arrangert eit arrangement/møte ”Ope rom” av KS Konsulent ifm den konsulentutredninga som er under arbeid. Dette var eit godt arrangement der tilsette og politikara fekk adressera tema til drøfting, og som deltakar kunne sjølv velje kva debatt ein ville delta i. Her blei mange spennande tema drøfta: organisasjonsstruktur, fleksibel organisering, tenestenivå, konkurranseutsetjing, omdøme, sjukefråvær, kommunesamanslåing, interkommunalt samarbeid, haldningar til eige arbeid, førebyggings arbeid, skulestruktur, kvalifikasjon og tilsetjingar og fleire andre gode og relevante tema. Etter min oppfatning var frammøte frå politikarane i det minste laget. Det er politikarane som vil ha endring og lavare kostnadsnivå, i tillegg har politikarane bedt om at det skal være ein politiske styring av prosessen. Då er det underlig at så mange ikkje finn å kunne prioritere dette. Uansett så var dette ei godt arrangement der konsulentane fekk mange gode innspel til å arbeide vidare med! Prosjektgruppa skal ha det neste møtet med KS Konsulent 29. april.

Torsdagen blei ein dag med mykje veg og asfalt drøftingar. Vestnytt hadde oppslag på vegstandarden i Sund. Eit tema som engasjerer mange!
Eg fekk henvendelsar ila dagen på dette temaet, og Arbeidarpartiet fremma ein ”interpellasjon” (spørsmål) som dei ønskjer svar på i førstkommande kommunestyremøte. Det er riktig som det blir hevda at det er mykje dårleg vegstandart på fylkesvegane, men eg fekk også henvendelsar på at dei kommunale vegane i Sund også manglar vedlikehald. Dette er oss politikara i Sund sitt ansvar! Her har vi ein jobb å gjere. Det er også på desse vegstrekningane utbetringar som må gjerast. Dette må vi følgje opp.

Fredagen blei kontordag med førebuing til møter i neste veke. Då er det kommunestyre og fleire møte i Bergen som krev forarbeid og presentasjonar!


Flott bilde frå Trellevik Kystkultursenter, men No vil eg ha vår!



Ha ei fin fin helg
Ove

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar