lørdag 30. april 2011

Veke 17. Industriutvikling, motsegn frå fylkesmann, ny næring i gamle naust!

Da var færste veke etter påska passert i strålande sommarver!  Ikkje uventa blei det mange mail som måtte besvarast og uløyste oppgåver som ikkje blei ferdigstilt til påske som måtte takast tak i. Det har vore ei spanande veke!


Skaganeset industriområde og Biomega
Måndag var det møte på Skaganeset med Biomega og eigarane av industriområdet. Biomega har starta bygginga av det nye bygget og det er stor byggjeaktivitet. Biomega har eit spanande konsept som kan gje grunn for andre bedrifter i denne næringa til også å velje Skaganeset som produksjons plass. Slik eg forstår er det ein god dialog med eigarane på Skaganeset slik at relevant industriproduksjon som kan koma i tilknyting til Biomega si satsing kan lokalisert i nærleiken av denne bedrifta. Dette grunna logestikk, produksjonsprosess etc. Dette er eigarane av Skaganeset positive til, men forståeleg nokk kan dei ikkje øyremerke tomter til planar som ikkje vert realiserte. Etter dette møtet har eg blitt styrkja i trua på at vi kan lykkast i satsinga med Blå Marin Bioteknologi satsing på Skaganeset. Ei utfordring som klanskje me lyt følgja opp er kapasitet på straumforsyninga til industriområdet på Skaganeset og til Biomega sine planer. Myndigheitene ser på Blå Marin Bioteknologi som satsingsområde og framtidig vekst næring. Det blir spanande å sjå kva statsbudsjettet for 2012 inneheld med tanke på Innovasjon Noreg sine budsjett for stutte utviklinga innan Blå Marin Bioteknologi. Det er fremma forslag om ei årlig satsing på 250 mill i 5 år.

Sotra Brannvern IKS
Tysdag hadde vi representantskapsmøte i Sotra Brannvern IKS. Hovudsaka her var regnskapet frå 2010. Dette var eit år der brannvernet gjorde gode tiltak for å få økonomien i balanse igjen etter nokre krevjande år. Vi drøfta også framtidas brannvern og eit eventuelt samarbeid med Bergen slik konsulent utgreiinga og prosjektgruppa har peikar på. Konsulenten anbefaler ei løysing der Bergen kommune er vertskommune for eit større regionalt brannvern i regionen. Saka blir oversendt kommunane for politisk behandling.

MS Teineskjær
På ettermiddagen blei eg invitert til å besøka Gunnhilda AS og MS Teineskjær. Dei driv fiske, og er nyleg kommen heim frå torskefiske. No har dei investert i 3 nye båtar til leppefiske slik at årets sesong startar med 6 båtar til dette fiske. Nye kontraktar er på plass og det vil bli ca 15 mann i sving med dette fiskeriet om kort tid. Dei har også anlegg for mottakk og sal av kreps og konge krabbe. Dette blir vurdert tatt opp att. Båten MS Teineskjer skal på verkstad for å bli forlenga med nokre meter. Dei kjem til å fremja søknad om å få byggja kai og bryggjer om kort tid for å sikra drifta si og få ei god løysing for anna båt trafikk i området. Etter mitt syn så må dette kunne gå greitt!

MS Teineskjær


Saksgruppe Levekår og Nærmiljø
Trafikkfarlege skulevegar vart handsama i på Onsdag. Dei arbeider med desse retningslinjene og Trygg Trafikk var representert på møtet. Dei endelege retningslinjene blei ikkje ferdige i møtet. På møtet vart også Kulturskulen drøfta. Satsane for eigenandel blir endra til kr 1000.- pr semester. Elevregelementet blir også endra bl.a ved at det innføre syskenmoderasjon. Kommunestyret får saka til behandling før det vert endeleg vedtatt. Rusmiddelpolitisk plan er utsett og det er von om at den blir behandla i kommunestyret hausten 2011. Dette er ein viktig plan for det rusførebyggjande arbeidet og inkluderar store delar av den kommunale organisasjonen. Bergensklinikkane vil gje rettleiing undervegs og komma med innspel for at planen skal bli best mogeleg for bruk i praksis i det rusførebyggjande arbeidet.

BKK AS
Her var det generalforsamling Torsdag. Konsernet leverer mindre overskott i 2010 i forhold til 2009.  Eigarane har vedtatt fast sats på utbyttet slik at det er von om at dette ikkje skal få konsekvensar for økonomien til Sund kommune.

Saksgruppe Næring og Utvikling
Temaet i dag var ”ta nausta i bruk”! Dette har relasjonar til det meir nasjonal omfattande prosjektet ”Ny næring i gamle bygg” difor var landbruksdirektøren hos Fylkesmannen invitert til møtet. I Sund kommune har vi 500 gamle naust som i stor grad står til nedfalls og er ikkje i bruk. Dette er synd, men ein kan ikkje forvente at dagens lønsmottakar skal vedlikehalde dei store nausta utan at dei skal kunne ta nausta i bruk i større grad – og kanskje tene nokre kroner! Dette er Fylkesmannen positiv til. Fylkesmannen inviterte til møte 10 mai der kommunane Sund, Radøy, Austevoll og Bømlo deltek. Målet er å starta eit felles pilotprosjekt ”ta nausta i bruk” som kan få økonomisk støtte frå Fylkesmannen i fyrste omgang og kanskje statleg støtte på sikt. Dette skal bli eit spanande prosjekt å følgje!

På møtet var også Leiar i Forvaltningsstyret Kari-Anne Landro. Ho redegjorde for status på Kommuneplanarbeidet og dei næringsareala som vi planlegg. Her har både Fylkesmannen og Fylkeskommunen varsla motsegn mot våre planar om industriområde på Lundaneset, Stordalen (mellom Skogsvåg og Klokkarvik) og i Austefjorden. Vi har også fått motsegn mot eit tiltak på Lerøy der grunneigar vil kombinere lanbruk og gardsturisme. Denne konkrete saka trur eg vi skal kunne lølyse! Vi kjem til å gå i dialog for å sjå om noko kan gjerast for at vi kan hindre/fjerne motsegna på industriområda, men vi er uroa over at det skal vera så vanskeleg å få realisert industriareal ved sjø. 22 kommunar i Hordaland er med i BRB som seier at flaskehalsen i Hordaland for næringsareal er industriområde ved sjø for heile regionen - då er det ei utfordring når vi som kystkommune får varsel om motsegn i alle vår forslag til industriområde ved sjø i den nye kommuneplanen. Ein kan lure på kva samfunnet skal leva av i framtida dersom vi ikkje tilrettelegg for næringslivet sitt behov!


Omstillingsarbeidet i kommunen
Fredagen gjekk med til omstillingsarbeid i kommunen. Den innleidde konsulenten la fram resultata så langt for drøfting. Ikkje uventa er det ting å ta tak i både mhp organisering, leiing og innsparingstiltak. Vi er no i ein prosess og skal såleis ha eit nytt møte med konsulenten 9 mai. Den endelege rapporten skal presenterast for formannskapet 24 mai. Vi har utfordringar knytt til økonomi - så tiltak må iverksetjast.

Ha ei fin fin helg
Ove



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar