tirsdag 17. mai 2011

17.mai feiring

  
Gratulerer med dagen!
I dag har det vore mykje aktivitet og fest i alle grendene våre i Sund. For meg starta dagen med gudstjeneste i Kausland kyrkje der eg etterpå haldt minneord og la ned krans på minnestøtta. Deretter deltok eg i tradisjonell feiring på Tofterøy skule der eg også holt tale.

Her er mi tale:



Kjære alle saman!

Gratulerer med dagen! 

Gratulerer med at vi kan feire denne nasjonaldagen som er det tydeligaste symbol på fridom. Vi ønskjer alle eit trygt og godt land.

I dag har vi masse fine og pynta barn, glade barn, og kanskje nokre var spente då dei vakna i dag tidleg, det var eg då eg var liten og elev her på skulen!
-   Og ungane har hatt myke fest og moro i løpet av dagen i dag.
-   Og ikkje minst så har vi stolte foreldre og besteforeldre her i dag!
-   Og dei har all god grunn til å vera stolte!

Eg tenkjer og på ein slik dag som dette på -  historia som ligger bak at me feirar 17. mai som vi gjør, - då skal vi både være stolt, - og vi skal være taknemmelig og ikkje minst glade! – noko alle born og vaksne skal vera ein slik dag! Takknemmelig kan vi nok kanskje vera meir i kvardagen også,  og ikkje ta alt for gitt.

Det er viktig at vi tar vare på dei opplevingane vi har på ein dag som denne, og fører dei vidare til framtidige generasjonar.

I alle år har vi haldt på tradisjonane, og det eg har opplevd, har vært kjekt og eg har storkost meg her på Tofterøy kvert år. Også i år.! Det er på ein måte ein spesiell atmosfære og stemning – kjem litt tettare på kvarandre.

Det er kjekt å sjå flagge vaie i vinden - sjå feststemt born – treffe kjente og kjære. Det er ein flott dag å feire!

Dagen i dag har vært prega av bl.a bekransninger av minnesmerkjer. Eg har lagt ned krans ved Kausland Kyrkje, andre i Tælavåg og på Klokkarvik.
- Til minne om dei som på forskjellige måtar har vært med å bringt oss til der me er i dag med samfunnet vårt.
- Dei har ofte kjempa, og dei har skapt, og dei har delteke på sine måtar, - og i si tid, - til det vi i dag tar som sjølvsagt.


Det får meg til å tenkje: og desse tankane har eg hatt på 17.mai i mange år.
Tenk på den fridom vi nyter i dag, og som vi aldri må ta for gitt.
Vi har mista mange gode Norske soldatar og offiserar i kampen for stabilitet og demokrati både i Noreg og internasjonalt.
For den borgar i dei land våre styrkar opererar i -  fortonar den fridom vi opplever her heime nærmast som utopisk. Tenk om dei ein gang i framtida får oppleva som oss og feire ein dag slik vi gjer i dag.

Eg tenkjer og på dei i vårt samfunn som ikkje har det så godt, barn som bur i familiar som slit med rus,  og familiar og barn med andre utfordingar.
Det er mange av dei borna som ikkje som ikkje får vere med å feira denne nasjonaldagen i dag.

Vi bryr oss ofte ikkje so mykje om noe anna enn oss sjølv, - og om vårt eige – om dei nære ting som angår oss – i det daglege. Det skal vi ta omsyn til også,
– men å vise medmenneskeligheit som respekt, fred og omsorg for kvarandre  -  er viktigaste kjenneteikn ved eit godt samfunn.

Våre lokale utfordringar i dag, enten det gjeld Sotrasamband, skulestruktur eller namnenormering i bygdebok ”som er dei nære tinga” mange av oss er oppteken av blir småe i den store samanhengen.

Her i Sund er vi heldige på mange områder - Vi har fødselsoverskot, vi har netto tilflytting -  folk reiser hit på ferie! !Ikkje berre her til Tofterøy og Viksøy men til fleire stadar i kommunen. - Me har sjøen og me har fjellet. - me har eit godt kulturliv - Me har nerheit til byen -  Me har alt!

Og snart har me nytt seniorsenter, nye legekontor, ny skule på Stranda, og eit flott rehabilitert basseng.! Vi har mykje å vere takksam for! Og mykje flott natur å verne om!

Vi har alle et ansvar! -  For kvarandre, og saman – for samfunnet si utvikling – til det beste for alle. Det forpliktar når vi skal gje dei eldre som har bygd landet omsorg, og når vi har familiar og born som treng ekstra støtte.
Noreg og Sund er ein svert godt plass å leva og bu  – det må vi ta vare på for framtidige generasjonar.

I dag er det 17.mai, vår nasjonale festdag, og vi feirar det som skjedde i Noreg i 1814. Det var da vi fikk vår egen grunnlov på Eidsvoll. Vi fikk ikkje vår fullstendige fridom, vi vart uavhengig frå Dannmark og vi vart sjølvstendige, men vi inngikk i union med Sverige med felles konge som var svensk, men vi fikk vårt eige storting og fikk endelig retten til å styre landet vårt sjølv. Gleda blant det norske folket var ubeskrivelig. Me skilde oss på ein  måte frå Danmark i 1814, men i dag ser vi på Danmark som ein av våre beste venar. Det gjer håp for verda -og er ein fin tanke å ta med oss.

Det var ikkje slik at oppfattningen var at det var "deilig å vere Norsk i Danmark i 1814”. Eit godt eksempel dette er da Grev Wedel som var ein av dei store statsmenn i Norsk historie skulle frå Noreg til Tyskland. Reiseruta på den tida var via København. Kutymen og skikken var slik at når ein statsmann var i Danmark skulle ein vitje kong Christian Fredrik, men det ville ikkje Grev Wedel så han reiste via Sverige til Tyskland for å sleppe å møte den danske kongen. Det var altså ikkje ”deligt å vær norsk i danmark i 1814” – med det er det i dag!

Så gode sambygdingar - vaksne og born;
Gratulerer med at vi igjen kan feire denne dagen som er vårt tydeligaste teikn på fridom. - vi har ytringsfridom og vi bur og lever i eit fredfullt land, 

- Og vi gjer det i takknemlighet  til dei som la grunnlaget for dette på denne dagen på Eidsvoll i det herrens år 1814.  
Takk for oppmerksemda.  

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar