lørdag 13. august 2011

veke 32. Gravferd og førebuing til politiske møter

Denne veka har også vore prega av gravferd og arbeid og tiltak knytt til hendingane 22.juli, men politiske møter startar i neste veke og det krev ein del førebuing.


Monica Iselin Didriksen si gravferd
Denne veka har også prega oss alle og eg ønskjer å takke alle som har vist si omtanke og medfølelse etter hendingane i Oslo og Utøya 22.juli. Sund kommune hjelpte gravferdsbyrået med logestikk etc kring Chris Medina sitt besøk, parkeringsvaktar frå sivilforsvaret, 1.hjeld og vakthald etc ifm gravferda til Monica. Eg vil takke alle som har vore engasjert i det praktisk arbeid kring dette.

Monica vart gravlagt onsdag 10.august og det var ei verdig gravferd som etter min oppfatning blei ein hyllest til Monica. Du kan lese meir om gravferda fleire stader på nettet bla her: http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/hordaland/1.7744419 Der du  kan også høyre Chris Medina synge.


Førebuing til valkamp
Partia er komen på etterskott i valkamparbeidet. Sentralt så er partia einige om at valkampen skal starte 13. august. Lokalt her i Sund vil truleg ikkje valkampen starte så tidleg i alle parti, men det blir truleg ein ”opptrapping” frå starten den 13.august.

Førebuing til politiske møter
Neste veke startar vi opp att med politiske møter. Det skal være møte i saksgruppe levekår og nærmiljø onsdag 17. august der vurdering av trafikkfarlege skulevegar er tema, samt plan og vedtekter for SFO i Sund..  Formannskapet skal ha sitt fyrste møte etter ferien Tysdag 16.august. På dagsorden står fordeling av ressurskoplingsmidlar, finansiering av private barnehagar, vedlikehald av Sund bygdemuseum, økonomisk støtte til Skogsvåg Skulemusikk, økonomirapport, Forslag til løysing kring Skaganeset industriområde for den del av arealet som ikkje kan nyttast til industriformål, økonomirapport med meir.

Eg kjem attende til utfalle i desse sakene i bloggen neste veke.

Kystsogevekene
I dag laurdag 13.august er det offisiell opning av Kystsogevekene 2011 som går frå 13.august til 18.september. Eg og kommunestyrerepresentant Nils Magne Vardøy deltar frå Sund på opninga i Os. Det skal være masse ulike arrangement i denne perioden. Du kan lese meir om Kystsogevekene her http://www.kystsogevekene.no/

Ha ei fin fin helg
Ove


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar