lørdag 10. september 2011

Veke 36. Ungdomskontoret i fokus og besøk frå Bosnia denne veka!


Det er hektiske og travle dagar. Me har hatt besøk frå Bosnia denne veka og Stryringsgruppa for ungdomskontoret har hatt møte. Partia er opptekne med valkamp og det nærmar seg val, og ”frieria” frå ulike parti og mellom partia er merkbar.


Besøk frå Bosnia
Administrasjonen har hatt våre utanlanske samarbeidspartnara frå Konjic på besøk denne veka. Prosjektet er finansiert av UD og vi er inne i den siste perioden. Dei kom måndag og reiser laurdag. Grunna stor aktivitet denne veka blei dei besøkande inndelt i to grupper – der dei som arbeider med miljø og energi var i ei gruppe og dei som arbeider med landbruk blei i ei gruppe. Gruppene hadde såleis ulikt program denne veka. Det var besøk hos BKK som har arbeida med miljø og klimaplan for Konjic. Hos BKK fekk dei informasjon om BKK si drift og ulike satsingar. Tysdag var det bedriftsbesøk hos BIR der dei fekk ein omvisning på BIR sine ulike mottak for farleg avfall, papir gjenvinning, resirkulering av metall etc. Gruppa som arbeider med landbruk besøkte bl.a fylkesmannen der dei fekk innsikt i generell landbrukspolitikk. Dei besøkte også Fløyen for å sjå korleis den bynære skogen blir ivaretatt på ein god måte, samstundes som det blir tilrettelagt for rekreasjon og turisme. Onsdagen drog denne gruppa på tur til Aurland i Sogn og fekk besøkt den økologiske landbruksskulen der. Dette var svært interessant – også for ein Høgreordførar! Vi besøkte også Otternes – som er eit småhus tun oppe i høgda mellom Gudvangen og Aurland. Ein fantastisk gard med historie fleire hundrede år tilbake. Dette gav vårt reisefølgje innsikt og forståing for korleis ein kan utvikle turistnæringa i heimlandet sitt. Torsdag var agendaen kommunal styring og planlegging. Dette temaet hadde me med internt på kommunehuset med interne ressursar. Dei fekk også besøkt bedrifta STRILALAM som er eit lite slakteri i Fjell med sine egne produkt. Dei er ikkje med i dei store kjedene og lokale bønder kan få slakta dyra sine her. Fredag var det møte med Vest Næringsråd (VNR). VNR er ein av støttespelarane til prosjektet. I Konjic ønskjer dei å starte ei linje for Kokk og servitør for å kvalifisere seg til å satse på turisme. VNR og Sotra Vidaregåande skule skal hjelpe Konjic med å realisere dette.

Ungdomskontoret
Denne veka var det også styringsgruppemøte for Ungdomskontoret. I dette fora er også ordføraren representert. Det siste året har Ungdomskontoret hatt ca 350 besøk. Ca 65% er gutar og ca 35% jenter. Dei fleste er i aldersgruppa 18 – 19 år. Mangen av dei som tek kontakt har enten droppa ut av vidaregåande, eller slit med å få lærlings plass av ulike grunnar. Det er også ein del 15 åringar som vil ha veiledning om vegen vidare etter grunnskulen. Ungdomskontoret har 21 primærbrukara. Det vil sei at det er personar som treng aktiv oppfølging frå Ungdomskontoret. Oppfølginga kan være frå heilt dagligdagse ting som å sjå til at dei står opp og kjem seg på skule/jobb til meir krevjande oppfølging inn mot det faglege støtteapparatet i det offentlege hjelpeapparatet. Ungdomskontoret har ein tverrfagleg plattform og samarbeider med den enkelte ungdom, foreldre, skule, arbeidsgjevar, helse, NAV, næringsliv etc etc. Dei er entusiastiske engasjerte og kan vise til gode resultat for enkeltmenneskjer. Etter min oppfatning er dei også ein pådrivar for at det ordinære hjelpeapparatet skal virke – dei er ”utålmodig” krev ”framdrift” og ”handling” og det gjer resultat utan at det ordinære hjelpeapparatet bli ”tråkka på”. Ein fin balansegang dei etter mi meining meistrar godt. Ungdomskontoret har eit godt omdømme internt i kommunen men også utanfor kommunen sine grenser.

Dei tilsette som arbeider på Ungdomskontoret gjer ein fantastisk jobb, og slik eg forstår så trivest dei med jobben. Den tverrfaglege tilnærminga gjer dei ein breiare innsikt i det ordinære hjelpeapparatet og kontoret har vore nytta av eksterne som ønskjer råd. Den jobben ungdomskontoret gjer vitnar om at førebyggjande arbeid er svært nyttig i denne aldersgruppa. Ungdomskontoret har såleis engasjert seg i skulane sitt arbeid med fråvær blant elevar. Dei har også starta med Leksehjelp til dei elevar som ønskjer det. Dette er eit svært godt motteke tilbod. Tilbakemeldingane frå Ungdomskontoret er at mange elevar slit med å få utført leker heime. Det kan være ulike årsaker til det, men dei strålar ab sjølvstillit og sjølvrespekt når dei meistrar og stiller godt forberedt til ein skuletime! Godt jobba!



Valet
Måndag er det val. Det skal bli godt å bli ferdig med valkampen. Det verkar sikkert litt ”masete” på veljarane heile greia. Partia frir også til kvarandre – det handlar om framtidig makt og innverknad for å få sin politikk på dagsorden. Sentrale politikara har engasjert seg i lokalvalet og regjeringa reiser rundt å delar ut pengar til ulike formål for å få veljarane til å stemma på regjeringspartia.
Er du nøgd med den innsats eg har gjort det siste året og Høgre sitt valprogram må du stemme Høgre. Dette sikrar kontinuitet og framdrift. Jo sterkare Høgre står – jo mindre avhengig blir me av ein politisk plattform med andre parti som svekkar Høgre sitt valprogram. Det er eit ordtak som heiter ”jo fleire kokkar – dess meir søl” dette er også utfordringa dersom ein skal ha ein omfattande politisk plattform for den politiske styringa. Det viktigaste er likevel at innbyggarane nyttar seg av stemmeretten sin uavhengig av kva ein stemmer – lykke til med valet 12.september!


Økologisk dyrka epler frå Aurland.
Ordørar frå Konjic er imponert over Sognefjorden
Aurland sin Ordførar!
Karstein Bjørge frå Sund kommune
Otternes imponerte alle
Gjestane likte utsikta!

Ha ei fin fin helg - og lykke til med valet 12.september!
Ove

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar