lørdag 12. november 2011

Veke 45. Samferdselsprosjekt, næringsutvikling og helsehus i fokus

Denne veka har det vore kommunestyre, byggjemøte Stranda skule og styremøte i BRB for å nemna noko. Val av medlemmer til ungdomsråd og møte i Klimarådet i Hordland har detogså vore. Det har såleis vore ei aktiv veke med mange viktige saker for oss Sundsoknara.


Lerøy ferjekai
Kommunestyret var her samrøystes i at ferjekaien på Lerøy skal opprustast. Det blir  ”spleiselag” mellom kommunen, Vegvesenet og operatøren som har fått konsesjon på ferjedrift frå februar 2012. Kostnadane blir litt lågare enn stipulert slik at for Sund kommune sin del så skal me yta kr 700 000.- Dette blir ei god løysing som sikrar at me får større bilar på land på ein betre og tryggare måte, større bilar kan kjøre i land, ferjelemmen blir forlenga og vedlikehaldsutgiftene blir reduserte i åra som kjem. Me får også plass til fleire bilar på den nye ferja enn den ferja me har. Dette blir gode greier. Når det gjeld status på fastlands sambandet til øyane så skal eg ha eit møte med den bye byråden for byutvikling og miljø Filip Rygg 12.desember. Me håpar saka om dette fastlandssambandet snart kan takast opp til handsaming i byrådet.

Forskottering trafikksikring RV 555 Hammarsland – Kørelen
Kommunestyret vedtok at me skal fremje ein forskotteringssøknad til Hordaland Fylkeskommune for at det blir etablert gang og sykkelsti langs fylkesvegen på den strekninga som Sund Vatten og Avlaup skal leggje nytt leidningsnett. Me har god tradisjon for slike ”speliseprosjekt” her i kommunen. Ulempa er at me får uteståande midlar me ikkje heilt veit når me får tilbake. Sjølv om kommunestyret er positive til å fremje ein slik søknad er det ”endå ein veg att” før endeleg vedtak skal kan fattast. Fyrst skal forkotteringssøknaden handsamast av Samferdselsutvalet, deretter Fylkesutvalet og til slutt i Fylkestinget. Det er håp om at dette blir gjort ila desember. Deretter så skal forskotteringsavtala realitetsbehandlast både i formannskap og kommunestyre her i Sund. Kommunestyret var positiv til å fremje søknad – og det skapar naturligvis forventningar, men vi får håpe det ordnar seg med dei faktorar som er uavklåra pr dd,  slik at me får bygd gang og sykkelsti i saman med utbygginga av leidningsnettet.

Helsehus
Saka om Helsehus og flytting av legesenteret har fått ei ny vending. Administrasjonen og legane ligg på ”etterskot” i framdrifta med å få på plass avtalar. Kommunestyret har heller ikkje fått saka om alternativ bruk av ledige areal slik at me kan få drøfta om me også skal flytte helsestasjonen over i det nye Helsehuset. Gjer me det får me frigitt masse areal og me kan for eksempel flytte både kultureininga og biblioteket opp i kommunehuset og såleis ”spare leigeutgifter”. Meirkostnaden for kommunen treng såleis ikkje bli så mykje meir dersom me ser litt heilskapeleg på dette. Kommunestyret uttrykte positiv vilje til at me skal få eit Helsehus, men har behov for at tidligare vedtak bli fylkt opp slik at det kan takast ei heilskapeleg vurdering og har eit godt grep om kva kostnaden for kommunen blir.

Stranda Skule
Onsdag var det byggjemøte på Stranda Skule. Det var kjekt å sjå stor framdrift sidan sist eg var der. Byggja reiser seg, vindauga er på plass og prosjektet når milepæla ihht framdriftsplanane. Enkelte fag/oppgåver er nokre dagar på etterskot, men ikkje slik at det får konsekvensar for sluttdatoen slik eg oppfattar det. Sjølve skulebygget skal bli ferdig juni 2012. Volleyball hallen er på kritsikk linje reint tidsmessig. Den er planlagt ferdig til skulestart, men kan bli noko forsinka. Rehabiliteringa av ”gamle Stranda Skule”  skal starte sommaren 2012 og skal stå ferdig ved årsskiftet 2012/2013. Det er fremja mindre tiltak som kan auka elevtalet på skulen, men desse endringane vil få økonomiske konsekvensar. Det hastar såleis å få ein endeleg skulebruksplan og framtidig skulestruktur vedtatt slik at eventuelle endringar kan sjåast opp mot framtidig behov.

BRB
Torsdag hadde Business Region Bergen sitt styremøte. Eg var invitert til å presentere Sund kommune.  Det blei såleis fokus på prosjekta Ny Næring i gamle naust, forprosjektet for Marin Bioteknologisk klynge i Sund, utfordringa knytt til motsegn frå Fylkesmannen i areala til næringsformål i kommuneplanen og sist men ikkje minst samferdsel. Styreleiar er Herman Friele og tidligare samferdsels politikar og stortingsmann Magnus Stangeland, frå Sotra er også Geir Nordahl-Pedersen grunnleggjar av AGR med. Her kan du lesa om heile styret:


Styret var spørjande til at sambandet mellom søre Sotra og Fleslandsområdet ikkje var omtalt i KVUèn for Bergensregionen og meinte at det hadde vore til heile regionens beste at det hadde blitt eit samband i syd i framtida. Dette ville ikkje vore til hinder for det kommande Sotrasambandet – alle ser at noko må gjerast i nord, men å utelukke ein framtidig sørlig trase i eit 40 års perspektiv blir feil sa eit samstemt styre. Sund kommune er ein av ”eigarane” i BRB – og når styret spør kva eg som eigar representant vil at BRB skal gjere for Sund? så må svaret bli at BRB må hjelpe til me å få eit sørleg samband inn i dei regionale planane. På næringssida må BRB profilere bl.a. dei marine bioteknologiske mogeligheitene i Sund slik at Sund kommune sin næringsplan blir realisert.

Ungdomsrådet
Torsdag bli Ungdomsrådet konstituert.
Ny leiar blei Marte Grevle frå Sotra Vidaregåande skule. Nestleiar blei Mathilde Pettersen. Som styremedlem blei Toni Skjerven, Lene Mortensen og Stian Viksøy Nøkleby valt. I tillegg blei det valt vararepresentantar. Styret skal på kurs 29 november og første møte i ungdomsrådet blir 12 desember.

Klimarådet
Fredag var det møte i Klimarådet. Her er eg representant for Askøy, Øygarden, Sund og Fjell. Fokus i dette møtet var ny tunnel for jernbane gjennom Ulirkken – og å få detteprosjektet inn i Statsbudsjettet snarast. Det er eit stort behov for to tunnel løp mellom Arna og Sentrum. Me vedtok også ein uttale som me oversender Regjeringa – der me ber om at land straum til båtar som ligg i hamner får fritak for stateleg EL avgift. Dette har dei nyleg fått til i Sverige – og blir truleg ein føresenat for å realisere landstraumsprosjektet i Bergen hamn. Her er det planar om å investere 100 mill, men reiarlaga som nyttar Bergen hamn vegrar seg - og vil ikkje forplikta seg til å nytta landstraum i hamneområdet granna høge kostnader. Difor må EL avgifta vekk!

Me har også fått tilskott til bygging av nokre få hurtigladestasjonar for el bilar. No skal ein kunne fylle el bil batteria på 15 min på desse nye hurtigladestasjonane! Med eit godt samspel med dei andre fylka her vest så kan ein snart køyre med el bil frå Kristiansand til Kristiansund – og få lada elbil batteria på ein rask måte på strategiske stader undervegs!

Ha ei fin fin helg
Ove
Stor aktivitet på Stranda skule

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar