lørdag 10. desember 2011

Veke 49. Travle dagar.

Det har vore ei hektisk veke med stor aktivitet både dag og kveld. I denne bloggen kan du lese litt om Gode Sirklar AS og om mobildekninga i Sund.




Det er laurdag kveld og eg er sein med å oppdatere bloggen. I dag var det nokolunde ver så eg måtte bytta mogeligheita til å få båten opp på land. Det er ikkje kjekt å ha den liggjande ute når hauststormane rasar. So var eg me yngste sonen min på gradering i karate.

I veka har det vore fleire juleavslutningar og julebord. Konferanse på Panorama, bedriftsforsamling i BIR med meir. Eg vel å berre skriva litt om Gode Sirklar og møte med Telenor – det er helg!

Gode Sirklar AS
Måndag var det styremøte i Gode Sirklar AS. Luftskipet sto på dagsorden. Det har i haust vore utleigd til eit selskap som har nytta det på festplassen i Bergen. Styret hadde von om at dette selskapet ville overta Luftskipet, men det ser ut til at dei ikkje ønskjer det utan at dei får driftstilskott for også å drifta Luftskipet. Det kostar eigarane ca 110 000 i året å eige Luftskipet – og då er ikkje variable kostnader for bruk ifm ulike arrangement medrekna. I tillegg er det arbeidskrevjande og flytte og bruke og heile konseptet vart ikkje slik Gode Sirklar AS hadde forventa. Styret vedtok at administrasjonen undersøkjer om det må seljast med klausular og heftingar sidan det er motteke statleg støtte til utvikling og produksjon av Luftskipet. Deretter skal Luftskipet leggjast ut for sal – enten med eller utan klausul.

Me drøfta også næringslivets behov for kompetanse. Det er slik at både marin næring og oljebransjen og sikkert også andre bransjar slit med rekruttering av kompetanse. Gode Sirklar AS vil sjå om det er mogeleg saman med næringslivet tiltak som kan betre situasjonen.

Hausten og er også tid for kommunal budsjettering. Styret i Gode Sirklar AS har vedtatt eit budsjett for 2012 som legg opp til det same driftsnivået som for 2011. Signala frå Fjell kommune er at det er grunn til å tru at løyvingane til Gode Sirklar AS vil bli redusert i forhold til det styret har armoda eigar kommunane om.
Når eigarkommunane har vedteke sine budsjett så må styret halde seg til dei rammene og prioritere prosjekt ut frå det. Etter mi oppfatning er dette rette vegen å gå når me samstundes i kommunal sektor slit med å få ”endane til å møtast”.

Mobildekninga i Sund
Fredag var det møte med Telenor. På dagsorden stod mobildekninga i Sund. Me slit med god dekning fleire stader; Dommedalen, Kleppe, Steinsland, Spilda,  området ved Sundhallens samt generelt på vestsida i kommunen der ein er ” i le” for sendaren på Veten eller ein av dei andre sendarane. Telenor har som prioritet å få god dekning langs fv 555. Den går som kjent frå kaien på Klokkarvik – rundt Kleppe til Bergen. Fokus no er Kolltveittunnelen og Tellnesskogen. Dei har ambisjonar om å vidare utbetringar sørover langs fv 555. Frå kommunen si side skal me fylgje opp med relevant informasjon om innbyggar statistikk, planlagde bustadfelt og anna relevant informasjon Telenor treng for å ”argumentera” for vidare utbygging internt i Telenor.

Delar at mobilnettet er nede etter stormane, og dei arbeider med å få orden på dette, men har ikkje eksakt dato for når mobilnettet er oppe att.

Ha ei fin fin helg
Ove

Flink gjeng i karateklubben på Tofterøy som fekk gradert seg.

2 kommentarer:

  1. Eg syns du er meget dyktig i ditt arbeid som ordførar Ove. Pass på deg sjølv, få deg litt kvile! Denne veka fekk to flotte ungdommer frå Sund læreplass i automatikerfaget hos FMC! Flott å rekrutera lokale ungdommer! Viktig å følge opp dei unge, flott bilde av karategjengen! Grethe Bjorøy

    SvarSlett
  2. Tusen takk Grethe. Flott du følgjer opp den flotte ungdomen! Å få dei tidleg ut i lære er viktig så dei ikkje blir gåande arbeidledig lenge. mvh Ove.

    SvarSlett