mandag 23. januar 2012

INVITASJON TIL TURLAGSMØTE


Er du glad i friluftsliv? Da er dette møtet noko for deg!

Vi inviterer alle turglade til Sund folkebibliotek måndag 30.januar kl 18.00.

På bakgrunn av eit fellesmøte sist haust med vandrarar frå Øygarden, Fjell og Sund, kom det opp eit ynskje om å oppretta lokale turlag i alle kommunane som avdelingar av Bergen Turlag (BT) og Den norske turistforening (DNT).

Fokuset ligg på aktivitet for små og store, men her skal det vera noko for alle aldersgrupper. Å arrangera trilleturar, ungdomsaktivitetar og seniorgrupper treng organisering. Intensjonen med Sund turlag er at den som ein frivillig organisasjon kan arrangera friluftsaktivitetar, laga turprogram, stilla med turleiarar og dela si eiga turglede med fleire.    

Lokalkjende medlemer i det nyetablerte turlaget kan også hjelpa oss med å vera leiarar på lette vandringar som førebuing til Kulturdagane i Sund. Det ligg i løypa at ein satsar på mange friluftsarrangement i krinsane i denne perioden i juni. Søndag 17.juni ynskjer vi å få med oss flest mogleg til Veten. Her kan mange få gode natur- og kulturopplevingar i frisk luft. Det er folkehelse i kvart eit steg!

Det er også eit ynskje å få opparbeidd nærmiljøløyper som barn og vaksne finn i gangavstand frå heimen. Det betyr mykje å vera aktiv kvar dag.

Gjennom samarbeid med BT og DNT får vi del i all den kompetansen dei rår over, vi kan læra korleis vi best kan driva lokalt i Sund, vi kan samarbeida om aktivitetar for barn, ungdom og vaksne og få tilgang til turisthytter i heile landet. I tillegg får medlemene informasjonsblad, årbøker og kurs.

Bergen Turlag vil vera til stades på møtet og hjelpa oss å koma i gang. Det same vil Askøy turlag, som starta opp som ei avdeling til Bergen Turlag i fjor.
Tid/stad
Sund folkebibliotek måndag 30.januar kl 18.00.
Kjem du?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar