lørdag 7. januar 2012

Veke 1 Godt Nytt År

Godt Nytt år alle.
Me er no i full sving med å planlegge dei viktigaste aktivitetane i tida som kjem. Målet for 2012 må bli å skape ein enda betre kommune for innbyggarane i Sund.

Me har fleire viktige tema å arbeide med kommande året. Viktige strukturendringar som td. skulestruktur skal drøftast og endrast.  Me har såleis starta arbeidet med ein skulebruksplan. Me skal også utarbeide ein ny bustadsosial plan. Me kjem også til å arbeide med samfunnsdelen i kommuneplanen og andre viktige planar som skal bli styrande for administrasjonen i deira daglege drift. Organisasjonsendringa skal arbeidast vidare med og me skal arbeida med tiltak og prioriteringar for å sikte god styring av kostnader og betre måloppnåing.


Nyttårsmøte
Tysdag 3 januar var det dags for det årlige nyttårsmøtet på Hotel Norge. Dette  er eit samråd mellom sentrale aktørar innan politikk, nærings- og samfunnsliv, forsking og utdanning om viktige utfordringar og felles saker.
Dagen baud på eit variert program – med gode innleiara. Viktige tema som samferdsel, økonomi, veksten i regionen og samhandling i regionen etc blei presentert.

Planlegging for framtidaArbeidet med ny regional planstartegi startar no. Eg skal representera Bergensalliansen inn i den politiske stryringsgruppa som er oppnemnd.
Arbeidet vil skje i nært samarbeid med mellom anna kommunane. I løpet av vinteren startar vi eit svært viktig arbeid med samordna areal- og transportplan for Bergensområdet. Dette arbeidet blir sentralt for å avklare strategiar, prioriteringar og konkrete løysingar for framtidig arealdisponering og transportløysingar i denne regionen.

Opning bassenget på Stranda skule
Bassenget opnar for ordiner drift på dag/kvel frå veke 4, dvs måndag 23.januar. Veke 3 er avsett til kurs og opplæring av tilsette og lag/org.

Sotrasambandet
Dei som les Vestnytt og BT ser at det pågår ein debatt om sambandet. At me ikkje er samde i regionen er ikkje nytt – det blir det til me blir einige. Dei fleste er innstilt på å nå NTP for å få  finansiering til eit samband. For å få dette til er det ein del utfordringar som må løysast. Eg har snakka med salle gruppeleiara i Sund og har fått stadfesta full støtte for mitt syn. I månadane som kjem blir det fleire møter kring dette tema – og målet er å nå NTP!

Bergen Høgre seminar
I dag laurdag 7.januar inviterar Bergen Høgre til seminar på Hotell Terminus. Partileiar Erna Solberg og byrådsleiar Monica Meland samt mange andre skal halde innlegg. Spennande og viktige tema som visjonar og strategi mot 2015, samhandlingsreforma, verdiskapning, økonomisamferdsel, konkurranse og skulepolitikk!


Ha ei fin fin helg
Ove


Solnedgang sett frå altanen min. Me går heldigvis lysare tider i møte!


3 kommentarer:

  1. Stå på Ove,, godt at vi har ein flott ordførar som tar ansvar når du farter til bydn..
    Sjekk www.glesnesfau.org

    SvarSlett
  2. Flotte oppslag i BT både om Sotrasambandet og "tursprekingen" - elles les eg det som om du har konkludert på at det blir endringar i skulestrukturen?
    SiV

    SvarSlett
  3. Takkar for tilbakemelding. Flotte sider og bilder på www.glesnesfau.org

    Kjekt du likar oppslaga i BT Sigurd Inge. Tung sak dette med Sotrasambandet - så då er det kjekt med ein tur til Veten!

    Eg føl meg trygg på at det blir endringar i skulestrukturen. Alle partia støttaar denne utviklinga. Debatten kjem truleg til å dreia seg om omfang av endringar på kort sikt og endeleg struktur på lang sikt.

    SvarSlett