lørdag 14. januar 2012

Veke 2. Eit allsidig fokus

Då er me godt i gang i det nye året. Mykje blir drøfta for tida. Skuleveg, symjebasseng, økonomien til Nordsjøfartsmuseet, næringsutvikling med meir. Denne veka har det vore eit allsidig fokus. Neste veke startar dei politiske møta.

Symjebassenget
Opninga av symjebassenget vert utsett endå ei veke grunna at det er vanskar med vassbehandlingsanlegget. Ny opningsdato for publikum blir såleis måndag 30 januar.

Næringsutvikling
Gexcon har fått kjøpt areal i Børnesskogen/Sundskogen. Dette opnar for et verksemda kan utvide sin aktivitet. De har fått langsiktige avtalar med oljeselskap og andre selskap noko som gjer at dei treng å utvide verksemda. Det har også vore møte på Skaganeset ang. reguleringsplan arbeidet som er starta opp. Det er utfordringar knytt til veg til Skaganeset og difor er det viktig at ein i reguleringsplanen for sjølve industriområdet tek omsyn til at det kan komma ein anna trase på vegen enn den me har i dag. Det har også vore møte i styringsgruppa som arbeider for å få til ei bioteknologisk klynge på Skaganeset. Arbeidet går framover om det verkar spennande. Målet er å få til eit bioteknologisk pilotsenter og ein blå bærekraftig biopark. Måndag 19 mars blir det ”work shop” og det blir då truleg vedta om ein skal gå vidare med prosjektet. For å få dette til må den marine næringa sjå behovet, og så langt ser det lovande ut.

Museum Vest og Nordsjøfartsmuseet
Onsdag var det styremøte i Museum Vest. Nordsjøfartsmuseet er ein del av Museum Vest. Før Nordsjøfartsmuseet blei ein del av Museum Vest fekk dei all si finansiering frå Hordaland Fylkeskommune. Sidan 2005 har bevillingane og den økonomiske handlefridomen til Nordsjøfartsmuseet vorte instramma og treng finansiering av ”Museum Vest”. Eg har bede administrasjonen i Museum Vest om historiske tal slik at eg kan følgja dette opp med fylkeskommunen.

Bosnia
Det har også vore møte i styringsgruppa for prosjekta me har i Bosnia. Me har fleire prosjekt innan landbruk, energi, klima, dagsenter og utdanning me følgjer opp. Prosjekta skal avsluttast i 2013, og fokuset no er å syta før at prosjekta blir berekraftige og kan vidareførast i ordinær drift utan vår støtte frå 2013.

Fri skuleskyss
Ikkje uventa har debatten om fri skuleskyss auka etter at kommunestyret valde å ikkje vidareføre ordninga med fri skuleskyss for elevane frå Berge/Steinsland til Stranda skule sidan aktuell vegstrekning ikkje er definert som særleg trafikkfarleg.
Eg skal undersøkje om me kan bruka nokre av midlane som er avsett til nybygget på Stranda skule til å lage ein gangsti frå ungdomshuset til barneskulen. Får vi det til blir det dugnad – og ei betre løysing for ungane. Eg har forståing for dei som meiner vegen er trafikkfarleg – det er den og mange andre vegar i kommunen, men vegen er ikkje definert som så serleg trafikkfarleg at ein har rett på fri skuleskyss. Det er truleg mange trafikksikringstiltak som kan gjerast før ein lyt syta før gratis skuleskyss. Stranda krins er kanskje den krinsen i kommunen med best busstilbod så at kommunen ikkje tar på seg ansvaret for fri skuleskyss i denne saka er ikkje dramatisk.

Badehuset på Glesvær
Sist laurdag var varaordførar Kari-Anne Landro på Glesnes og formelt opna den nye flotte badehuset. I ettertid viser det seg at areal eininga i kommunen meiner at alle formalitetar ikkje er på plass. Det kan være. Badehuset er lite, flyttbart, gjer eit tilbod til allmennheta, betrar trivselen i strandsona for alle, grunneigar har gjeve samtykkje til at badehuset kan plasserast der det er, etableringa gjer inga inngrep i naturen og kommunen har ytt kulturmidlar – så her må me finna ei god løysing slik at badehuset kan få stå slik det står - og at det ikkje blir innkravd noko gebyr frå kommunen si side.

Veten
No laurdag kl 10 er det dugnad på stien til Veten! Vel møtt!

Ha ei fin fin helg!

Veten i Sund - 284 moh.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar