lørdag 25. februar 2012

Blogg veke 8. Samferdsel og marin næring i fokus

Då blei det helg igjen. Tida fyk og det skjer mykje spennande. Samferdsel har vore i fokus denne veka også, samt marin næring i Bergensregionen.

Samferdsel
Måndag ettermiddag presenterte Statens vegvesen høyringsframlegget til kommunedelplan for fastlandssambandet Sotra – Bergen.

Ikkje uventa å anbefaler Statens Vevesen ny 4 felt bru i høgspent traseen. Dei fråråder sterkt at ein nyttar eksisterande bru som hovudfartsåre i eit nytt samband. Kommunane Fjell, Bergen og Øygarden har gjeve uttrykk for kva alternativ konsept dei prioriterer. Fram til no har Sund meint at konsept J med ei 2-felts bru er tilfredstillande i denne omgang og at ein heller tar framtidig vekst i eit samband syd. Når me no ikkje har nådd fram med vårt syn er det grunn til å drøfta standpunktet vårt. Det er viktig at me når NTP og får eit nytt samband. Eg reknar med at saka blir lagt ut på høyring snart og at kommunestyret i Sund drøftar saka i sitt møte 13.mars. Eg ønskjer og at me der drøftar vårt høyrings innspel.

Torsdag hadde me også møte med Vegvesenet.
Der drøfta me status på dei lokale prosjekta våre i Sund. Trafikksikringsprosjektet FV 555 Hammersland – Skogsskiftet går på fram. Me arbeider med anbodsdokumenta. Fylket har godkjent forskotering. Me forventar anlegg oppstart av prosjektet vår 2012.

Tunnell Skogsskiftet – Eide/Vorland (parsell i Sotrasambandet – Sør)
Frå vår side er det ynskjeleg å starte ein reguleringsplanprosess her sidan me skal til med tiltak som har grensesnitt til dette prosjektet. (jfr overnemnde prosjekt) Vegvesenet var positiv – men har ikkje resursar/budsjett til planarbeid. Dei stiller seg positiv til ei evt forskoterings sak for oss når det gjeld planarbeidet. Her lyt me kanskje drøfta med Fjell og Fylkeskommunen først før me startar – slik at me «rir hestane i same retning».

Me drøfta også den planlagde rasteplassen på Vorland, samt oppstart av reguleringsplan arbeid Kausland – Glesvær for trafikksikringstiltak.

For Lerøy – Bjelkarøy så er det grunn til å forvente at planprogrammet blir fastsett av byrådet innan kort tid. Slik eg oppfattar det er det ei tunnelløysing som er aktuell for Bergenspolitikkarane. Det kan bli ei god løysing. Når Bergen har fatta vedtak startar abeidet med å skaffe finansiering til vidare planarbeid, og å få sjølve prosjektet inn i Regional transportplan.

Trafikk sikringsprosjet FV 555 Vorland – Forland samt Eide Spildepollen.
Planarbeidet går vidare på desse prosjekta. Det må arbeidast for å få desse prosjekta inn i Regional Transportplan. Regional Transportplan omfattar alle tiltak som Fylkeskommunen skal fnansiere. Denne planen skal vedtakast av Fylkestinget i 2013.
Det er greitt med slike oppfølgingsmøter med Vegvesenet. Viktig å halde prosjekta «gåande» og skape framdrift og resultat. Me lyt også ha slike møter med Fylkeskommunen no når det er dei som er blitt vegeigar og har overtatt det økonomiske ansvaret. Det er dei som no sit på «pengesekken».


Marin Næring
Måndag var det eit seminar/møte om marin næring. Formålet med møtet var å synliggjøre Bergensregionens marine kunnskapsområder som kan være med å videreutvikle Norge som Havnasjon. Her ønsker vi å få belyst innspill til HAV 21 fra kunnskapsmiljøene, næringslivet og forvaltningen. Målet er å se regionens helhetlige og sammenhengende marine strategi, med størst mulig grad av enighet mellom ulike interessenter.

Frå møtet ble det notert bl.a følgjande:

Visjon i Strategisk Næringsplan for Bergensregionen 2010-2014:

En ledende kompetanseregion og global leverandør av sjømat av høy kvalitet og marine produkter av betydning for helse og velferd


Bergensregionen sine mål er:
Fremst i verden for utnyttelse av marint råstoff og biprodukter av høyeste kvalitet og av betydning for helse og velferd
Fremst i verden på fiskehelse og fiskesykdommer 
Fremst i verden på utdanningsmuligheter innenfor ”havfag”

Tiltak for å nå måla:

·         Etablering et industrielt pilottestanlegg for mikroalger på Mongstad
·         Etablering av et nasjonalt pilottestsenter for fôrteknologi og marint bioprosessering på Skaganeset
·         Kunnskap, dokumentasjon og formidling om sjømatens kostholds- og helseeffekter
·         Få profesjonsstudiet for Fiskehelse lagt til Universitetet i Bergen
·         Stimulere og legge til rette for grunnforsknings i verdensklasse innenfor fiskehelse/fiskesykdommer
·         Utvikling av nye utdanningsveier innenfor ”Hav fag”
·         Kunnskap om ”Hav fag”  inn på lærerplanene

Etableringa av ein marin biopark på Skaganeset
Arbeidet med dette prosjektet har pågått ei stund og me nærmar oss kanskje ei realisering. Torsdag var det styringsgruppemøte. Fôrutvikling og råvareprosessering vil vere fokusområder i bioparken dersom me får det til. Her ser ein mellom anna føre seg eit oppskaleringslaboratorium - pilottestanlegg, der nye produkt kan prøvast ut og nyttast til næringsutvikling. Eit slikt senter vil vere eit viktig bidrag til den marine klynga, og ikkje minst skape ein rekrutteringsarena for den marine næringa. Det er eit leiande miljø innan forsking-, næring- og bioteknologi i Bergensregionen, og tilhøva på Skaganeset er gode for at desse miljøa kan vidareutvikla seg.

Ha ei fin fin helg
Ove
Marine Bioproducts AS si datterbrdrift Biomega AS sin nye frabrikk på Skaganeset.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar