lørdag 11. februar 2012

Veke 6. Kontrollutvalet, Bergen og omland hamnevesen og Knarrevik kryss.




Ny veke er over – utan Veten tur! Men det har vore stor aktivitet på andre områder. Fokuset i denne bloggen er Bergen og omland hamnevesen og Kontrollutvalet. Lyt også nemna litt om krysset i Knarrevik.

Kontrollutvalet
 
Kontrollutvalet er kommunestyret sitt eige kontroll- og tilsynsorgan. Dei hadde møte på Torsdag denne veka.

Kontrollutvalet skal gjennom arbeidet sitt auke den ålmenne tilliten til at kommunale oppgåver blir gjennomførte på ein måte som gir tryggleik for ei open, hjelpsam og likeverdig behandling og at borgarane får god rettstryggleik.Kommunestyret har det øvste tilsynet med den kommunale forvaltninga, og kan krevja alle saker lagt fram for seg til orientering eller avgjerd. Kommunestyret vel sjølv eit kontrollutval til å stå føre det løpande tilsynet med forvaltninga på sine vegner. Kontrollutvalet arbeider på vegne av kommunestyret, og er berre ansvarleg overfor kommunestyret.
Kontrollutvalet skil seg i stor grad frå andre kommunale styre, råd og utval då utvalet ikkje skal driva politisk verksemd, og heller ikkje skal overprøva politiske prioriteringar gjort av andre folkevalde organ.
Hovudføremålet til kontrollutvalet er å medverka til at det er ålmenn tillit til at kommunen sine oppgåver vert løyste på best mogleg måte og i samsvar med gjeldande lover og forskrifter.

Ansvaret for å gjennomføra vedtak ligg hos rådmannen, jf. kommunelova § 23.
Utvalet skal føra tilsyn med at vedtak vert sette i verk og etterlevde.
Kontrollutvalet skal sjå til at forvaltninga av kommunen sine verdiar er forsvarleg sikra ved eit forsvarleg internt kontrollopplegg, og dersom det vert naudsynt gje innstilling med tilråding om at det må gjerast tiltak.

Kontrollutvalet skal minst ein gong i valperioden, og seinast innan utgangen av året etter at heradsstyret har konstituert seg, utarbeida ein plan for gjennomføring av forvaltningsrevisjon samt plan for gjennomføring av selskapskontroll. Dette arbeidet vart no starta opp. Som grunnlag for desse planane skal det gjennomførast ein overordna analyse av kommunen si verksemd basert på risiko- og vesentlighetsvurderingar. Planane skal godkjennast av kommunestyret.

Eigarmøte i Bergen og Omland hamnevesen (BOH)
BOH er ei interkommunal bedrift som består av medlemskommunane Askøy, Austrheim, Bergen, Fedje, Fjell, Lindås, Meland, Os, Radøy, Sund og Øygarden kommune og skal:- fremme sjøtransporten
- ivareta forvaltningsmessige oppgåver etter hamne- og  farvannslova
- ivareta både kundanes, eigarane og samfunnets interesser i utviklinga av hamna

Gjennom 900 års historie har hamna vært regionens viktigaste transportåre og næringsgrunnlag. Hamne aktiviteten har vært grunnlaget for regionens internasjonale orientering.
Bergen hamnevesen har ein historie tilbake til 1735 då det var ein kongeleg forordning om å etablere lokale hamnekommisjonar. Dette har vart i ulike former frem til dagens tid. Dagens havnedistrikt som omfattar 11 medlemskommunar ble oppretta i 1990 og har fått namnet Bergen og Omland havnevesen.

Selskapet er i dag inne i ein brytningsperiode der mange av dei ytre rammer er under endring - ny hamne- og farvannslov, ny kommunedelplan for Bergen indre hamn, fylkesdelplan for ny godshamn og Nasjonal Transportplan.

Bergen kommune ynskjer å realisere ”sine” verdiar i bygg/anlegg som Bergen Hamnevesen i dag ikkje lengre har behov for. Ikkje uventa blir det debatt om kven som eigentleg eig desse verdiane. Er det BOH eller Bergen kommune? Dette er komplisert. Fleire av eigarkommunane med mange anløp meiner rettmessig at dei har ytt mykje økonomi inn i BOH og stiller sjølvsagt spørsmål kring dette. På eigarmøtet blei dette tema drøfta. Bergen kommune la fram ei skisse til løysing som alle kommunane ynskjer å sjå nærare på. Den skissa må etter mit syn ta omsyn til inngangsverdi, verdi opptent i samarbeidet, kor inntektene kjem frå og kor ressursane har blitt brukt. Eg trur at dersom me er tilstrekkeleg rause med kvarandre så finn me ei løysing. Alle kommunane ønskjer at samarbeidet skal fortsette til vestlandsregionens beste.

Hamna er med på å prege Bergen og regionen som maritim by og region. Hamna er ein del av Bergens historie, og areala blir ein viktig del av byutviklinga i framtida.

Framtidas krav til bærekraftig utvikling, miljø og trafikktryggleik vil framtvinge meir transport sjøvegen og ei ny hamn og eit hamnevesen for regionen som er framtidsretta og moderne er eit mål for alle. Det er difor viktig at eigarane løyser dagens utfordringar og kan stå samla i realiseringa av ei ny framtidig løysing for BOH til det beste for heile regionen.


Krysset i Knarrevik
Ikkje uventa har eg fått mange positive tilbakemeldingar på Kryssløysinga som blei presentert i Vestnytt tidligare i veka. Sund kommune har for fleire år sidan fremja ei tilsvarande løysing. Den var riktig nokk mindre i omfang og hadde færre rundkøyringar – og var såleis rimelegare enn løysinga som blei vist i Vestnytt Tysdag. Den første løysinga fekk med god respons på av Vegvesenet – men Fjell kommune var kritisk. Reaksjonane frå Fjell som me leste i Vestnytt Tysdag denne veke har same tone. Lite og ingenting har skjedd desse åra og køane og frustrasjonen til dei reisande aukar. Eg får henvendingar om ”strakstiltak” både frå privatpersonar og nøringsdrivande/selskap.

I Vestnytt i dag står initiativtakar til den nye kryssløysinga i Knarrevik fram og fortel si historie. Me kan også lese at Vest Næringsråd er uroa over trafikkavviklinga i dagens utgåve av Vestnytt - og at lite tilsynelatande blir gjort for å løysa utfordringane. Det skal bli spanande å sjå om det blir noko straksløysingar – og om dei løysingar som Fjell kommune kjem til å akseptere vil løyse noko problem for dei reisande nei næraste 10 åra!

Ha ei fin fin helg
Ove


Slik kan det gjerast!
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar