torsdag 29. mars 2012

Sund idrettsråd sin heiderspris 2011

Sund Idrettsråd sin heiderspris for 2011 vart måndag 26. mars utdelt til Anny Britt Telle.



Ho begynte å jobba dugnad for Telavåg Idrettslag allereie som 16 åring, da ho var med å vaska etter dans som var i regi av idrettslaget. Tidleg på åttitalet var ho og trenar for eit av klubben sine jentelag i eitt par år.
Ho har vore med i styret i Telavåg Idrettslag i 2 periodar forutan at ho har tatt seg av vask av garderobar etter kamp. Siste 15 år har ho vaska draktsett for både junior laget (så lengje det eksisterte), og for A-laget, og det er komt for øre at; ho nesten klarer å få draktene i vaskemaskina før dei er komt av guttane. Når draktene er vaska, vert dei hengt opp på rekke og rad, på kleshengere i varmerommet i garderobeanlegget til tørk! Og det som kanskje er aller mest imponerande, foran kvar heimakamp vert draktene hengt opp i garderoben, akkurat slik det vert gjort hos langt meir anerkjendte klubbar som har heiltidsengasjerte materialforvaltare til denne jobben! Dette vitnar om eit engasjement og eit stort hjerta til å gjera andre glad!
Med andre ord har ho samanhengende vore med og jobba dugnad for Telavåg Idrettslag i snart 35 år. Ho har eitt godt humør og er ein strålande representant for den store dugnadsinnsatsen som mange ute i Telavåg har utført opp gjennom åra, og ho er eit  stort forbilde for dagens og framtidas eldsjeler! Uten slike som ho ville ikkje idrettslag fungert!

Gratulerer!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar