lørdag 5. mai 2012

Veten tur og formannskap denne veka!

Då er det helg. Kjem nett frå Veten. Me har hatt ein kjempetur som du kan lese meir om her. Det har også vore formannskapsmøte med mange viktige saker denne veka. Dette kan du også lese meir om i denne bloggen.


Formannskapsmøte
Mange saker var på dagsorden i dette møtet. Arne Bergo frå Sund Vatten og Avlaup AS (Sund VA) orienterte om framdrifta på trafikksikringstiltaka og Sund VA sitt arbeid på Hammarsland frå byggjefeltet og ned mot Kørelen. Me har fått godkjent av Fylkeskommunen at me kan forskottera inntil 16 mill for å etablere gang/sykkelsti frå der eksisterande gangsti sluttar, og ned til Kørelen. Me får såleis att dei pengane me forskoterer frå Fylkeskommunen, men grensa som Fylkeskommunen har satt er 16 mill. Saka skal behandlast i kommunestyret 15 mai. Eg har god tru på at me får ei løysing som sikrar at gang/sykkelveg blir bygd.

Det vart også drøfta nye stillingar i kommunen. Me har press på tenestene innan barnevern og psykiatri. Det blei vedtatt å tilsette nye medarbeidarar innan barnevern, psykiatri samt auke ein stillings prosent på servicekontor. Tilsettingsutvalet, administrasjonsutvalet og formannskapet tilrår at ny rådmann blir Stig Arne Thune. Han er etter min oppfatning ein klar og god kandidat til å overta rolla som rådmann. Han har ei solid og brei utdanning innan offentlege fagområder, – både innan forvaltning, helse og sosial, økonomi etc. I tillegg har han mastergrad i organisasjonspsykologi og leiing. I tillegg solid arbeidserfaring frå det offentlige og kommunal sektor. Han arbeider no i Tryg (Vesta) innan leiing og organisasjonsutvikling. Tilsetting av rådmann skal opp i kommunestyret 15.mai.

Arbeidet med utvidinga av Kausland gravplass går på fram. Det blir ein flott gravplass, men det er budsjettoverskridingar grunna auka omfang på arbeidet ifm drenering. Saka skal behandlast av kommunestyret 15. mai. Mykje av arbeidet er utført så det er berre å innsjå at det er behov for å skaffe tilstrekkeleg finansiering. Summen som skal til for å ferdigstille prosjektet, etter redusert omfanget til det «mest naudsynte» er 4,6 mill. Prosjektet sin totalsum er ca 29,5 mill.

Det blei også drøfta mogeleg utbygging av stranda skule med eit par nye rom. Det blei debatt om omfang og kor mange klasserom me treng – sett opp mot alternativa i skulebruksplanen. Det blei også tatt til ordet for at denne saka burde utsetjast til etter at skulebruksplanen blir realitetsbehandla i juni. Formannskapet ønskte at saka skulle gå vidare til kommunestryret for at ikkje kostnadane ved ei eventuell endring/tilbygg skulle bli unødig store. Eg har avklåra med administrasjonen og entreprenøren ei alternativ løysing til å fremje denne saka for kommunestyret 15 mai. Det er å gjere ei mindre endring i eksisterande kontrakt slik at det viktigaste entreprenørarbeidet blir utført no, før skulen blir teke i bruk. Dette kan nyttast til uteareal om ein ikkje vel å nytte det til areal for tilbygg. Dette er ein rimeleg og risikofri løysing som gjer at det ikkje er naudsynt å vedta tilbygg før ein kjenner behovet og resultatet av skulebruksplanen. Dette vil også sikre at endeleg vedtak om påbygg bli slik resultatet av skulebruksplanen krev.


Veten
Larurdag morgon bar det til topps!

Til tross for kald vind frå nord, og 5 varmegrader og snøbyer, og ikkje minst konfirmasjonar, så var oppmøtet godt. Vel 55 personar deltok i den organiserte turen opp. Den eldste 88 år! – og den yngste berre nokre får år!
Frå Veten er det ein flott utsikt – mot Hardanger og Folgefonna – sørover mot Austevoll, Tysnessåto, Bømlo og mot nordaust ser ein Bergen og byfjella. Panorama utsikt.
I år skal det europeiske året for aktiv aldring 2012 markerast. Sverre Bungum – vår eldregeneral meinte at då måtte me arrangere ein tur til Veten, og slik blei det.  – 284 moh i vestlandets flottaste kommune!
Det Europeiske året for aktiv aldring har ein misjon om at me skal vise solidaritet mellom generasjonar- alle har i rolle og alle skal med. Me skal skape beviset om at eldrerollen ikkje berre handlar om å bli eldre, men om å leve å sette seg sjølv i førarsete for korleis alderdommen skal bli.

Eg ønskjer at me i Sund skal bli ein føregangskommune på mykje av dette. Kva om me kunne samlast på Veten årleg? Barn, barnebarn, oldebarn, – ja heile familien på tvers av generasjonar. Det ville blitt ei minnerik oppleving for alle – spesielt ein 3 åring og ein 80 åring – og for oss mellom blir det gode minner og ein positiv avbrekk i ein travel kvardag, der me ofte har for lite tid til familie, slekt og trim!
Målet er å få god helse og auka livskvalitet!
Det trur eg me kan oppnå med å få fleire ut i naturen – gje dei positive opplevingar og tilbringe tid med kjente og kjære på ein positiv måte! Deltek alle i familien på tvers av generasjonar – blir det ei rik oppleving for gamal og ung.

Eg vil takke Sotra Vidaregåande Skule avd.Sund Tømrerlinja v/Egil Sæle for at dei har laga nye benkar og bord så me kan ha på Veten. Takkar også grunneigarane som gjer oss lov til å ha dei der. Elles så deltok Rødekors, Lions, Sund Turlag
Sigmund Gaupholm som sjåfør, Sparebanken Vest, Kiwi, Sund brass, for gode bidrag for gjennomføring av denne flotte turen til Veten.

Ein slik tur må me få til årleg. Eg trur det kjem til å komma mange fleire eldre når det blir kjent at løypa blir tilrettelagt og det er gode medhjelparar i løypa.





Lions hadde laga sikring/tau i det brattaste partiet. God å ha noko å halda seg både for gammel og ung.Fremst i denne puljen er 88 år gamle Elbjørg!

Ha ei fin fin helg
Ove




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar