lørdag 9. juni 2012

Regionrådsmøte, formannskap og åpning av Sjøsporrtsenteret

No er det laurdag  kveld og endeleg helg. Ei travel men kjempekjekk og spennande veke er over. Det har vore aktivitetar kvar kveld.  Det har vore møte i Regionrådet, formannskapet og ikkje minst opning av nytt Sjøsportsenter som du kan lese meir om her i denne bloggen!

Regionråd Vest
Styret i Regionrådet Vest hadde styremøte måndag  4. juni i Strusshamn på Askøy. Viktige saker blei drøfta,  mellom anna barnevern. Det kan du lese meir om her: http://www.regionradetvest.no/samarbeid-om-fosterheimsplasserte-barn
Næringssjef i Askøy, Bård Sandal og rådgjevar Vidar Totland i Business Region Bergen (BRB) gav ein statusrapport om prosjektarbeidet med felles næringsplansamarbeid.
 Andre saker på styremøtet i Regionrådet Vest 4. juni
•Sjølvbyggjarprosjekt
•Status for prosjektet “Betre saman for barna”
•Status for samarbeidsprosjekt om plan og byggjesak
•Vurdering av vedtektene for regionrådet
•Regional transportplan
•Førebuing til “Tinget i Vest” i Øygarden i september
Her kan du lese det siste nyhetsbrevet:

Formannskap
I formannskapet Tysdag behandla me mange saker. Den viktigaste var kanskje økonomistatusen. Tala som blei lagt fram for formannskapet viser eit meirforbruk på over 5 mill. På årsbasis kan dette talet dobla seg. Me har overforbruk ihht budsjett på fleire postar. Dei største postane er i hovudsak knytt  til resurskrevjande brukara. Det er slik at innbyggarane har loven på si side og har krav på offentlege tenester uavhengig av kva budsjettet og den kommunale økonomien gjer rom for. Dette er ein utfordring. Budsjettet me får frå staten bygger delvis på «feile tal og fakta». Dette fordi kommunen veks – og budsjettet frå staten er basert på historiske tal. Då får me færre midlar til barnehage, resurskrevjande brukara, eldre etc sidan innbyggartalet veks. Dette er delar av dei veksesmertene me no opplever. Formannskapet ønskjer å gjera tiltak som kan avgrensa utgiftene på andre postar. Eg er uroa over den økonomiske utviklinga. Me lyt gjera vesentlege tiltak om me ikkje vil auka eigedomsskatten. Dersom rådmannen ikkje finn tiltak å anbefale, lyt me kanskje drøfta politiske prioriteringar som konkurranseutsetting etc.
Elles blei det behandla sakar knytt til samhandlinsreforma, nye retningslinjer for foreldrebetaling i barneghagar for dei med lita inntekt, årsmelding og årsregnskap for 2011 for kommunen og eigedomsselskapet. Me behandla også føresegner for veg adresser i Sund. Dette er ei etterlengta sak for mange. Det er eit behov for veg/gateadresser i kommunen, og ikkje berre stadnamn. Denne prosessen er no starta.

Nytt Sjøsportsenter på Glesnes
I dag Laurdag 9.juni  var det også formell opning av Sjøsportssenteret på Glesvær. Glesnes har alltid vore ei kreativ bygd og har gjennom Glesnes Ungdomslag  skapt mykje bulyst og livslyst for alle på Glesnes, men også  for meg og mange andre så har Glesnes bygda har utvikla seg til navet for kulturaktiviteter i sund kommune. Me er alle stolte og takknemlige for kva glesnesbsygda og innbyggjarane her får til. Glesnes ungdomslag starta i 1904. Og har gjennom generasjonar arranger masse ulike aktivitetar for store - og små!
Ungdomslaget har heile tida hatt evne til å vidareutvikla seg. Dette er det mange som er imponert over. Ungdomshuset har vore renovert - sjølvsakt med masse dugnad frå Glesnesbygda og i 2004 var ungdomslaget ferdig med ombygging og påbygging av ungdomshuset og fekk spelemidlar frå nærmiljø tiltak. Desse pengane lot venta på seg, men utallige   basarar, loppemarknader, revyar og anna heldt ungdomslaget ”flytande”
Så va da slik at kommunen eigde "OPPLAGSKAIEN" som ikkje lengre var i bruk, og nokon meinte dei hadde fortrinnsrett til å kjøpa ”OPPLAGSKAIEN” frå kommunen.
Dette fekk ungdomslaget nys i, og sendte då ein førespurnad til kommunen om å få overta kaien, målet var å få satt i gang ulike sjøsportaktiviter for barn og unge.  Dette var fornuftig, me er ein kystkommune med tradisjonar - Dei lærer ikkje å ro fiske med besten lenger)  Kommunen tykte om ideen og etter ein del att og fram fekk ungdomslaget  skøyte på eigedomen ”Sjøvang”.
Då spelemidlane på 500.000 endeleg kom, var huslånet på ungdomshuset ikkje større enn ein kunne leva med det, og  500.000 som var mottatt i spelemidlar vart øyremerka sjøsportsenteret.
Speidarane hadde fått eige klubbrom på loftet i ungdomshuset, og hadde samstundes ein god del pengar som dei såg for seg å gå inn i eit sjøsportsenter med.
Kreativiteten er stor  - Glesnes ungdomslag måtte bli til Glesnes ungdoms og idrettslag for å koma med i potten for evnt  spelemidlar for idrett. - men det passar godt for ungdomslaget arrangerer også Vetenløpet og har ambisjonar langt ut over det! Så dette er kjempeflott!
Ungdomslaget har fått spelemidlane  utbetalt  og  med stor velvilje  frå sponsorer  og taksteinskjøparar, og ikkje minst dugnad som har resultatet er i  eit gjeldfritt bygg i dag.
Det er mange her i Glesnes bygda som fortener ein stor takk i dag for positivt engasjement og god dugnadsinnsats som her er blitt vist for å realisere prosjektet. I dag var det mangen som underhalt med song og spel under opninga. Etter opninga blei det servert middag og kaker i ungdomshuset – også her var det super underhaldning.
Nok eit glimrande arrangement er gjennomført av Glesnes Ungdomslag med Ellen Pedersen i spissen!

Ellen Pedersen frå Glesnes ungdomslag til venstre og kultursjefen i Sund Laila Klemetsaune til høgre. Rune Solber med solbriller i bakgrunnen. Bilde frå middagen etter opninga.

2 kommentarer:

  1. Nå kan du begynne å reklamere med at GUL skal arrangere triathlon på Glesvær i august.

    http://www.strilaman.no/

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei.

      Ja det skal eg! Det blir 11 august ifm opninga av Kystsogevekene?

      Slett