tirsdag 25. september 2012

Tid for endring i barnevernet

Me ønskjer oss alle eit samfunn der borna våras veks opp i gode miljø som sikrar at vore born lærer og utviklar seg til å bli sjølvstendige gode borgarar. Der alle får mogeligheita til læring og utvikling, utdanning og arbeid.
Som leiar i Regionrådet Vest ser eg at kommunane Askøy, Fjell, Øygarden og Sund opplever ein auke i talet på saker innan barnevernet og auke i dei kommunale budsjetta. Det er press på barnevern tenestene og det er press på dei tilsette sin kapasitet innan barnevernet.

Barnevernet skal gi hjelp som bidrar til at utsette barn utviklar seg til å bli sjølvstendige vaksne.. Menneskjer blir vaksne ved at de får ansvar og innflytelse. Først i eiget liv. Deretter i samfunnet. Foreldra er sjølvsakt sentrale i dette arbeidet og det er såleis ikkje berre barnevernet som arbeider med vern av barn i kommunane. Like viktig som sjølve barnevernet er skule, barnehage, helsestasjon og kulturskule etc i arbeidet med vern av born.
Samfunnet vårt har utfordringar og behova innan barnevern og vern av born er store og veksande.
Barnevernet har blitt den sentrale og viktige tenesta for mange barn og for deira foreldre dei seinare åra, og - det gjer at det det kommunale barnevernet må ha tilstrekkelig kapasitet til å arbeide med meldingar, undersøkingar og oppfølging av tiltak.
Sidan eg begynte i kommunestyret i Sund i 2007 har vi sett at talet på saker har økt, budsjetta har økt, mens antall tilsette langt frå har auka tilsvarande, men det har vore stor "turnover" av tilsette.
Eg ønskjer at barna som trenger det skal få vern i samfunnet vårt. Utsette barn skal fanges opp. Barna og foreldra skal få den hjelpa dei trenger til rett tid. Dette er barnevernets oppgåve.
Utfordringa no er å styrke barnevernet både evne og forutsetninger til å gi barn og foreldre rett hjelp til rett tid, samt styrkje andre som arbeider med vern av barn mot og kunnskap til å varsle barnevernet.
Me vet at barnevernet nokre gangar kjem for seint på banen. Og me vet at barnevernet nokre gangar blir varsla for seint. Me har eit problem når det er lensmannen som kjem med ein 13 års gammal gut til barnevernet. Kor har helsestasjon, barnehagen og skulen vore i oppveksten til guten??
Me vet også at hjelpa barna tilbys ikkje alltid møter behova borna og foreldra har. Me veit også at Bufetat og det kommunale bernevernet ikkje alltid er einige om kva tiltak som er rett.
Mange utsette born og unge har behov for tiltak og hjelp frå ulike tenester i kommunane. - Ein av våre store utferdingar er kanskje å få til et godt samarbeid mellom alle kommunale tenester på tvers av tenestetilbodet i kommunane for utsette barn og unge.
Godt samarbeid med barnehage og skule er svært viktig for utsette barn og unge generelt. Forsking viser at dersom ein lykkes på skulen reduserer ein faren for at et barn skal bli marginalisert i vaksen alder meir enn noko anna.
Studiar viser at barnevernsbarn i langt mindre grad fullfører vidaregåande skule enn personer på same alder. Det er både eit personleg problem og eit samfunnsproblem. Me er på 21 plass i Europa når det gjeld å få barna til å fullføre vidaregåande opplæring! Landet med størst kjøpekraft pr innbyggar er altså blant dei dårligaste på å få elevar til å fullføre vidaregåande skule. Me har mykje å ta fatt i.
Eg meiner at alle utsette barn og unge skal ha en framtid med muligheiter å gå til. Det krev høg kunnskap, gode formidlingsevner, systematikk, engasjement, hardt arbeid, trygge, tydelege og faglig sterke vaksne med gode rammer for faglig utvikling for alle som arbeider for bornas beste. Her er det rom for forbetring.
I barnevernet og i arbeidet med vern av born er tida inne for å tenkje nytt – Det fortener borna.
Barnevernet må bli betre organisert, meir kompetanse må sikrast og rett kapasitet må være tilgjengeleg i arbeidet med vern av barn.
I framtidas barnevern må målet være at kvart einaste born som trenger barnevernets hjelp får rett hjelp til rett tid. Hjelpa skal være til barnas beste og hjelpa den skal virke. – og her er me alle einige.
For meg er det mykje nytt innan temaet Barnevern. Eg har reflektert ein del og stilt meg nokre spørsmål:
- Er barnevernet tilstrekkelig bemanna - og har dei tilsette i barnevern, barnehagar, skule etc den nødvendige kompetansen og handlekrafta? Tørr alle ta ansvar? Kvifor varslar ein ikkje barnevernet ved mistanke om at det er noko gale?
- Er barnevernet hensiktsmessig organisert? Er det til bornas beste at ansvaret er delt mellom stat og kommune?
- Er samarbeidet mellom barnevernet og andre tenesteområde som skule og barnehage godt nok?
- Kvifor er det så stor turnover i barnevernet i kommunane?
- Styres barnevernet av dei rette prinsippa?
- Er det god nok kvalitetssikring i barnevernet til at barns rettssikkerhet blir ivareteke?
- Blir biologiske band vektlagt for mykje i avgjersler? Overprøver fylkesnemda dei faglege råda i kommunane i for stor grad?
- bør BUFETAT leggjast ned og overføra ressursane til dei som sit nærast borna – kommunane?
-Er fosterheim utan fagleg kompetanse rett løysing for alle born i fosterheim??
-Kva er viktigast for barnet?  Barnevern eller foreldre som mestrar å være foreldre?
Spørsmåla mine mange innan temaet bernevern. Prosjektet som me no har starta i Region Vest "Betra saman for barna" er eit riktig og viktig steg i rett retning slik eg ser det. I prosjektet vil det bli vurdert ulike tiltak for å betre barnevernet slik som sikring av samhandling på tvers av tenesteområder, felles oppfølgjing i forsteheim, barnevernsvakt, felles utgreiingsteam, karriere og løn etc.
Mandag 24.september starta ein konferanse om temaet i regi av Region Vest. Tilsette fekk fagleg påfyll av relevante og gode foredragshaldara. Barnevern er omfattande og lovane som omhandlar dette er klar. Noko av utfordringane til kommunane når me ser veksten i saker og kostnader er at kanskje ikkja alle andre som arbeider med barn fungerar optimalt. Er det slik at barnevernet blir ein erstatning for manglande kapasitet i barnehage, skule, NAV, helsestasjon etc etc. Ein bør kanskje også drøfta kva mandat barnevernet skal ha - hvor går grensen for barnevernet i kvar einskild kommune?
Undersøkjing viser at dersom barnevernet skal bli betre må ein sikre fagleg utvikling og kompetanse. Det gjer ein kanskje best ved å behalde gode tilsette slik at dei får lang arbeidserfaring. Eg har stor tru på store fagmiljø innan barnevernet slik at tilsette kan "spesialisere seg" i krevjande utgreiingssaker. Det blir også viktig å ha eit arbeidsmiljø der det er mot til å sei i frå, mot til å lytte, mot til å lære av kvarandre. Det er viktig at ein i størst mulig grad reduserar usikkerheita til tilsette, då får ein gode og trygge fagmiljø.

For meg var mandagens konferanse lærerik, og eg blei styrka i mitt syn på at det tengs endringar innan barnevernet. For å få dette til trengs det vilje. Endringsvilje frå tilsette og vilje frå politikkara til å prioritere og følgje opp og ta ansvar. Eg trur me er på rett veg i arbeidet til det beste for borna.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar