lørdag 27. oktober 2012


Status for Vegprosjekta i Sund kommune


I denne bloggen gjer eg ein oversikt og status over vegprosjekta me har i arbeid der Hordaland Fylkeskommune og Statens vegvesen er involvert. Måndag 22. oktober hadde me møte med dei. Dei minste prosjekta som berre gjeld kommunale vegar blir ikkje omtala her.



Prosjekta som blir omtala her er ikkje rangert etter ei prioritering og me arbeider såleis for å realisere alle.

 
Status Forskotteringar
Me har tre prosjekt der me har fått lov av Hordaland fylkeskommune til å forskottera. Det er vegen til Telavåg, Høyland og no det siste prosjektet som er starta på Hammarsland. Totalt har me uteståande 45 mill kroner for desse tre prosjekta. 15 mill på kvart prosjekt. Me får tilbakebetalt til neste år (2013) 10 mill og i 2014 5 mill for prosjektet på Høyland. Telavåg og Hammarsland kjem ikkje til å bli tilbakebetalt før etter 2016.

Det kan sjå ut som om mogeligheitene til å drive slike forskotterings prosjekt ikkje blir så enkelt i framtida som det har vore til no. Det er synd sidan me i Sund har klart å få til fleire gode samordningsprosjekt på denne måten. Det kan såleis bli krevjande å få gjennomført dei resterande prosjekta me arbeider for på kort sikt. Fylkeskommunen har stort etterslep på vedlikehald, så ein kan forventa at det blir større konkurranse om midlane som går til investering også. Det betyr at dei truleg ikkje kjem til å satse like stort på samordningsprosjekt i framtida som ikkje blir ein del av den ordinere budsjettprosessen.

 
Trafikkteljing
Sommaren 2012 blei det gjennomført ei trafikkteljing i Sund. Resultatet viser meir trafikk enn forventa. Erfaringane frå trafikkteljingane skal nyttast i ulik samanheng. Vegvesenet har målt gjennomsnittsfart, antall tyngre kjøretøy, antall bilar etc. I investerings vedtak og prioritering av prosjekt vil slike data ha ei nytte for vegvesenet. Vegvesenet bruker også tala til å gjennomgå tryggleiken langs vegen, og i forbindelse med revisjon av fortgjengarovergangar.

 
Asfalteringsplan
I planane for 2013 er det mogeligheit for at strekninga Kausland – Spilde kan asfalterast. Det planleggast med 2 strekk på ca 400 meter som skal re asfalterast her. På Tofterøy ser ein også behov med dette behovet kjem truleg ikkje med i 2013.

 
Tofterøybrua
Har gjennomgått mykje vedlikehald dei seinare åra. Dekket har nokre skader som skal bli utbetra.

Her kan du sjå brua i Storm.
http://www.vestforbergen.no/index.php/nyhetstema/siste-alle-kategorier/90-video/8375-tofteroy-bru-i-storm


FV 202 – EIDE - SPILDEPOLLEN 1,6 km
Det er i tidligare møter med vegstyresmaktene avklart at planarbeidet skal organiserast med Sund VA som byggherre og at statens Vegvesen og Sund kommune deltar i prosjektgruppa.

Lagt til grunn Sa2, kjørebane 2,75m, skulder 0,5m og fortau 2,5 m

I dette prosjektet skal det leggjast vatten og avlaup frå Spilda til skulen. Det blir laga reguleringsplan for prosjektet. Sund VA må legge 500 meter med vann leidning for å kople Telavågsbygda på det resterande offentlege vann nettet. Vann kvaliteten i Telavåg må betrast. Me kan forventa at kommunestyret vedtar planen ut på nyåret 2013. Den siste trafikkteljinga viser at dagens standar ikkje samsvarer med trafikken me ser dagleg. Utfordringa blir å skaffe finansiering, og det er Fylkeskommunen tydeleg på. Samstundes oppfordra dei oss til å ha reguleringsplanane klare. Å ha alle planane ferdige gjer det lettare å få prosjektet prioritert. Alle håpar på at også dette kan bli eit godt samordningsprosjekt, men får me ikkje det til så me leggje vann leidning uavhengig av vegutbetringa.

 
FV 556 – FASTLANDSSAMBAND FOR LERØY OG BJELKARØY
Her er det vedtatt kommunedelplan og det er vedtatt at ein skal gå vidare med eit tunnell alternativ samt 0+ som er eit oppgradert ferjetilbod. Administrasjonen i Hordaland Fylkeskommune ønskjer ikkje å prioritere ressursar til ferdigstilling av planane. Dei ser på tunnel prosjektet som lite realistisk. Vegvesenet, Sund og Bergen meiner planane må ferdigstillast. Sund kommune har lagt ut ca 3 mill på prosjektet. Det står att arbeid for ca 3 mill for å fullføre planane. For å komme vidare i dette prosjektet så må det utarbeidast i sak i fylkeskommunen slik at me kan få eit politisk vedtak på om me skal ferdigstille planane eller ikkje. Dette skal me følgje opp, dette er ei viktig sak enden ein ein gang i framtida vel nytt ferjesamband eller undersjøisk tunell.

 
FV 556 FERJESAMBANDET Klokkarvik – Hjellestad
BNR er ny operatør på dette sambandet frå i år. Etter at den nye operatøren overtok har det vore ei rekke u ønska hendingar. Alt frå mindre feil, til grunnstøytingar og motorhavari. I tillegg klarer ein ikkje å halde rutetabellen. Sundferja som eigentleg skal betene dette sambandet har berre gått ca 20-25 dagar i år. Det er reserveferja Fjordbas som i all hovudsak har betjent ruta. Denne ferja er for stor for hamna på Klokkarvik.


Me skal ha eit oppfølgingsmøte med Fylkeskommunen på dette. Slik Fylkeskommunen løyser dette ferjesambandet pr dd er ikkje i samsvar med verken Sund kommune eller dei reisande sine forventningar. Det som blir levert av ferje tenester i denne kontrakten er ikkje i samsvar med dei forventningar ein skal ha til eit moderne og framtidsretta ferjesamband. At kontrakten då er signert i 2012, med det resultatet me ser er berre ein stor skuffelse. Sjøfartsdirektoratet føl også opp rederiet med kontroll av ferjene. Dei har påpeika fleire manglar og forbetringspunkt.

 
FV 198 SKAGANESET
Her er me i gang med å planlegge ny veg. Arkeologiske utgravingar er bestilt. Det er omfattande planar og eit kostnadskrevjande tiltak med tanke på at me ikkje fekk utnytta Skaganeset til industriområde slik me tenkte. Om me klarar og få løyve til ein trasee i området i nærleiken av der me ikkje fekk byggje næringsområde er framleis usikker. Dette avhenger av kva som blir avdekka i dei arkeologiske utgravingane. Finansiering er også krevjande når industriområdet ikkje blei større enn det blei til slutt. Me må vurdera kva tiltak som kan gjerast på kort sikt, og kva tiltak som kan sjåast litt fram i tid.

 
Porsvika – Kausland
Her er det eit ønskje om å starte opp planarbeid for å utbetre vegen og betre trafikktryggleiken. Uvisst når me kjem i gang her.
 

AUSTEFJORDEN - AUSTEVOLL Ferjesamband
Det kan bli ei krevjande sak å få dette med i neste anbodsrunde. Her må det i så fall arbeidast politisk og kommunane må være samde. Utfordringa er at dette ikkje skal gå ut over Austevoll sitt ferjetilbod – men komme i tillegg. Det blir vanskeleg når Austevoll sjølv er med og finansierer dagens B ferje. Med meir offentleg støtte vil sjølvsakt Austevoll ønskje å redusere si støtte.
 

RV 555 Nord-Sør veg på Sotra
Her blei me oppfordra av Hordaland Fylkeskommune og Vegvesenet til å bli einige med dei andre kommunane om kva som skal være med i bompengepakken. Det er fortsatt mogeligheiter for å lage ein pakke som inneheldt både statleg og fylkeskommunal veg. Dette må me få til. No er planprogrammet for Sotrasambandet vedtatt og det er på tide å ta opp att desse drøftingane om nord – sør og starte reguleringsarbeidet også her. Det er vedtatt kostnadskrevjande kommunedelplanar både for Sotrasambandet og Nord-Sør. Det er såleis sett frå mi side urealistisk å forvente at me klarer å realisere alt me ønskjer mellom Austefjorden og Ågotnes. Me kan ikkje ha store forhåpningar om ”gedigne summar” frå fylkeskommunen, og staten bidrar ikkje normalt i Fylkeskommunale vegprosjekt. Det blir bompengar som må betale mesteparten av vegen. Så skal me få noko til her må me vera realistiske. Sotrasambandet blir dyrt og ”stikk av” med mykje av betalingsviljen til ein sundsoknar som skal til Bergen. Det legg truleg føringar for kva me kan få til frå Kolltveit og sørover til Austefjorden. Både Statens Vegvesen og Hordaland fylkeskommune tilbaud seg å delta i arbeidet vidare.

 
Strakstiltak RV 555
Køane veks dag for dag. Vegvesenet ser på mogeligheita for utviding med eit kollektiv felt mellom Straume og Sotrabrua. I tillegg skal det vurderast dirigering/stenging i krysset til Valen. Fylkeskommunen vil sette inn fleire bussar frå Straume. Frå Sund fremja me ønskjer om direktebuss frå Skogsskiftet til Bergen og gav signal på at me kan bistå med å auke kapasiteten på innfartsparkering dersom me får fleire direktebussar. Fylkeskommunen tar innspelet med seg, men seier samstundes at dei har knappe ressursar og vil prioritere innsatsen frå Straume til Bergen.
 

FV 555 VORLAND – KRYSS FV 199 FORLAND 3,7 km
Dette prosjektet oppfattar eg vegstyresmaktene til å prioritere høgt i konkurransen med andre, men utfordringane er også her finansiering. Me fekk avklart at me ikkje treng å lage reguleringsplan for at dette prosjektet sjølv om det i framtida kanskje inngår i ein bompengepakke med Sotrasambandet.

 
For dei første 250 m er det utført utfylling med overskotsmassar frå parsell (Eide – Vorland). Det er her utarbeida arbeidsteikningar og inngått grunnavtaler. Det er aktuelt å kjøpe grunn av grunneigarane sidan det ikkje er laga reguleringsplanar. Dette for å sikre areal i framtida. Desse pengane kan evt Sund kommune få att når prosjektet blir realisert. Kostnaden her vil truleg være ca 1 mill. Har me alt dette klart vil det uansett være ein fordel. Prosjektet vil bli realisert før eller seinare.

  
FV 199 FORLAND opprusting
Her er det eit privat initiativ til å få auka vegbredda ifm eit rekkeføljekrav i forbindelse med realisering av eit nytt bustadfelt. I den forbindelse har eg fått med næringsliv og Fylket med i eit spleiselag slik at vegen også blir utvida ifm bygging av gang/sykkelsti. Forventa oppstart her var haust 2011. Det er skifta eigar av bustadfeltet og dette prosjektet har drege ut i tid. Fylkeskommunen står likevel ved sin lovnad om økonomisk bidrag på 300000.-


FV 555 HAMMERSLAND – KØRELEN 0,9 km (+ avløp ytterligare 1,5 km)
Her er me i gang med arbeidet. Det går så langt etter planen. Forventa ferdigstilling haust 2013.

 
FV 555 KØRELEN – EIDE 1 km
Her er det avklart med vegstyresmaktene at det skal utarbeidast skisseprosjekt for ny gang og sykkelveg. (Tveita svingane)  Løysninga er basert på behov for samanhengjande sykkelveg Skogsvåg – Klokkarvik via Stranda skule, mens veg på strekninga behaldes som smal veg med framtidige restriksjonar på gjennomkjøring når ny nord/sør veg er på plass i tunnel langs Kørelen. Statens Vegvesen skal bidra med 100 000 til planarbeid og konsulentkjøp.
 

FV 555 – RASTEPLASS VORLAND
Arealet har god utsikt mot vest og mot Marsteinen. Det er utarbeidet en skisse til opparbeiding av plassen med oppstilling for buss og vindskjerming av sitteplassar etc. Det er gitt byggjeløyve for tiltaket, og kommunen har kjøp arealet.

Prosjektet er klart for vidare planlegging og gjennomføring straks tiltaket er finansiert av Fylket. Me har litt midlar att på prosjektet Eide – Vorland så me håpar på at me kan få til eit spleiseprosjekt med Fylket på dette. Fylket har ein liten pott på tiltak som ikkje gjeld trafikksikring, men det er også ”kamp” om midlane her.

 

 

 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar