Bygdeboka – Sund på søre Sotra!
Den nye bygdeboka skal bestå av i alt 5 bind, så Torsdagen
markerte starten på ei fantastisk viktig kultursatsing for Sund. Kvelden starta
med flott song av elevar ved skulen – Sund på søre Sotra av Johannes Kleppevik
var sjølvskriven!
Sogelage starta drøftingane om ønskje og behovet for ei
bygdebok tidleg i 2007. Kommunestyrevedtaket
om at me skal lage ei bygdebok blei fatta seinare same året. Det vitnar om at
det ikkje er enkelt, eller venstrehandsarbeid å skriva ei slik bok. Me har engasjert
ein dyktig bygdebokforfattar Arild Skogstad, men heile bygdeboknemnda har hatt
svært mykje på seg dei siste åra. Alt frå innsamling av gamle kart, bilde og historier.
Ei skikkeleg bygdebok skal innehalda historiene til dei store gardane, og deira
betyding for samfunnsutvikling og busetnad, den skal også gje oss kjennskap til
mellom anna namnetyding, fornminne, folketalsutvikling, næringsliv,
kulturminne, utskiftingar, eigedomstilhøve, samferdsle, slekter og anna som er
av historisk interesse frå den enkelte garden.
Det er nettopp av denne grunn eg meiner ei bygdebok serdeles
viktig for Sund kommune. For meg, Sundsamfunnet, og ikkje minst dei kommande
generasjonar er det sers viktig at me fullfører dette fantastiske flotte
prosjektet. I planen framover skal det ferdigstillast ei bok for kvart år fram
til at alle dei 5 binda er klare.
Det er fleire enn meg som har registrert at arbeidet med
bygdeboka har vore krevjande. Sett frå min ståstad har bygdeboknemnda valt rett
retning og har stor støtte for valet som er gjort ifm normering i namnedebatten.
Dette var ei sak som fekk stor merksemd, men fagfolk på universitetet i Bergen
støttar den vala som bygdeboknemda har gjort.
Frivillige yter mykje innsats som prosjektet er heilt
avhengig av. Deira innsats er serdeles viktig, både for framdrift, men også
resultatet og økonomien. Dei frivillige sin innsats i dette prosjektet er heilt
fantastisk – og då er det viktig at me andre støttar opp som best me kan.
Det er mange som har ytt mykje i denne samanhengen. Mange innbyggara
som har bidratt med informasjon, leiar i
nemnda Arne Olav Nilsen har gjort ein kjempejobb på vegne av kommunen, Arvid Skogseth, og Frode Fyllingsnes- som forfattarar og Egil
Nysæter frå Hordaland fylkeskommune som konsulent. Margrethe
Kallestad, Odd Klepsvik, Sverre Sangolt, Kjell-Arve Vorland, Harald Nordstrand
som medlemmer av bygdeboknemda samt Åshild Nordstrand som språkkonsulent.
Stor takk til dei alle for eit fantastisk flott 1.bind av
bygdeboka vår! Me gler oss til fortsettelsen!
Løp og kjøp alle saman!
VNR haustfest
Torsdag kveld arrangerte Vest næringsråd sin haustfest på
Panorama Konferansehotell. Det var ein kjekk kveld. Haustfesten har eit
omfattande og godt program. Me fekk presentert fleire av regionens nye
bedrifter og grundera. Eg er imponert over den evne til innovasjon og
entreprenørskap mange av desse bedriftene representera. Årets grunder blei
BRIAS (Bergen Rustfrie Industrier AS) i sterk konkurranse med fleire andre!
Det gode næringslivet i regionen vår har eg stor tru på.
Regionen veks, og me veks meir enn dobbelt så mykje som gjennomsnittet i
Hordaland. Difor var det heilt på sin plass at CCB på Ågotnes vart kåra til
årets bedrift. Vel fortent! Det er andre gongen CCB får denne prisen – og det
er ikkje utan grunn!
Det er
betydelig vekst i oljesektoren, som også genererer vekst og etterspørsel på
andre områder som er den største driveren i veksten her vest i kommunene våre. Noreg
går svært godt – me sit på den grøne grein, men det er ikkje gitt at me klarar
å utnytte veksten. CCB har vist gjennom fleire år at dei er tilpassings dyktig, konkurransedyktig og har vilje og evne til å utnytte muligheitene
i bransjen dei operera i. CCB huser i dag fleire verdsomspennande verksemder som
er leiande på svært mange områder innan oljerelatert industri.I kommunane her vest merkar me også veksten – auke i folketal – gjer trong for barnehagar, skular, legekontor etc. det skapar press på tenestene. Kommunane her vest må møte innbyggarane og næringslivet sitt behov på ein god og konstruktiv måte. Mitt mål er at regionen her vest skal ikkje berre skal framstå, men faktisk vere Bergensregionens mest attraktive region – både for innbyggjarar og næringsliv. Det krev gode kommunar som har eit godt samspel næringslivet – og det har me her vest! Stor takk til VNR for den jobben dei gjer på vegne av næringslivet og samfunnet elles!
Ha ei fin fin helg
Ove
Bygdeboka er verkeleg fantastisk! Imponert over detaljane om kvar einskild person, ikkje vanleg i slike bøker. Gler meg til resten
SvarSlettJa dette var eit flott verk. Eg gler meg eg også. Har funne slektsband tilbake til både Lerøy, Bjelkarøy, Fana og Fjell i denne flotte boka, samt mange historiar. Boka visar veg vidare for slektsbanda til andre deler av Sund - så eg gler meg til resten kjem!
SvarSlett