fredag 7. desember 2012

BNR anmeldelser og ferjedrift

Denne veka har BT hatt fokus på ferjesambandet Hjellestad - Klokkarvik. Det er flott, men det er også slik at det er mykje info som ikkje får plass i ei avisspalte.
Fokuset har vore retta mot ueinighet mellom reiarlaget BNR og Sund kommune. Ueinigheita er ikkje til å legge skjul på.
 

 
Sund kommune har mottatt mange klager frå dei reisande og andre. Desse klagene har Sund formidla vidare til SKYSS og Fylkeskommunen. Det er dei som er ansvarleg for sambandet. I møte med Fylkeskommunen og SKYSS møter eg forståing for utfordringane dei reisande og kommunen opplever, men å få endringar til er vanskeleg på kort sikt. Både fastlandssamband eller nye ferjekaiar og ferjer er kostnadskrevjande tiltak. Det forstår eg. Som ordførar kjenner godt til fylkeskommunen sin utfordringar mhp økonomi. BT hevdar også at det er krangel mellom fylkesordførar, meg og andre om kven som skal drive ferjesambandet. Eg kjenner meg ikkje att i ei slik beskriving.
 
 
Saken er den at konkurranseutsetjing har medført ein modernisering av ferjeflåten – kvalitet har vore fokus. I perioden frå 2006 til 2013 vil 20 ferjer på 18 riksvegferjesamband være erstatta av nybygg og dei reisande kan gle seg over nytt og framtidsretta materiell. Det kan me ikkje i Sund!
I Statens vegvesen sitt handlingsprogram er det prioritert midlar til utbetring og ombygging av ei rekkje ferjekaiar på riksvegnettet. Dette blir følgt opp i samband med dei årlege statsbudsjetta. Tilfredsstillande tilpassing mellom ferjer og ferjekaiar på riksvegnettet skal følgjeleg vera sikra på ein god måte.
Det som er Staten sitt ”kupp” slik eg ser det er at Fylkeskommunane må prioritera midlar til ombygging eller bygging av nye ferjekaiar og vegar på fylkesvegnettet innanfor eigne budsjett. Dette gjelder også innleige av ferjemateriell. Dette til tross for eit stort etterslep frå Staten då dei overførte delar av det fylkeskommunale vegnettet og ferjene til Fylkeskommunen. Det er framleis eit stort etterslep på vegvedlikehaldet i fylket, og det er mange gode tiltak å prioritere få ressursar på.
Heile 78 av 95 tidligare riksvegferjesamband er nå overført til fylka utan at fylka etter mitt syn er styrkja tilfredstillande økonomisk til å ivareta dette ansvaret på ein tilfredstillande måte - slik Staten sjølv tar ansvar for sine riksveg ferjer. Det er slik me opplever det i Sund! Me slit med lite tilfredstillande ferjemateriell! Det er dette som er poenget – og som ikkje kjem fram i BT.
 
Samferdselsminister Kleppa sa i Stortinget hausten 2010 at det også var ein nasjonal målsetting at ferjene på fylkesvegene også skulle moderniserast. Nok eit løftebrot frå regjeringa etter mi meining. I ein slik situasjon er det best å reversera reforma slik at dei fylkeskommunale ferjesambanda og vegane blir tilbakeført til Staten – eller å auka bevillingane til Fylkeskommunane slik at dei er i stand til å ivareta si oppgåve på ein tilfredstillande måte. I framlegget til Høgres stortingsval program for 2013 – 2017 er det foreslått å reversera reforma som overførte deler av riksvegane og ferjene til fylkeskommunane. Det er godt at det er fleire som ser at regjeringa går frå sitt ansvar!
 
Her er saken frå BT den dagen kaien blei øydelagt:
 
Når det gjeld BNR så føler eg meg trygg på at SKYSS/Fylkeskommunen og Sund kommune føl opp reiarlaget som naudsynt fram til alternative løysingar kan finansierast. Når det gjeld kaien og tvisten føl eg meg trygg på at dei vurderingane vårt forsikringsselskap og vår advokat har gjort er rett.
 
Her er det meir:
 
Når politiet har henlagt saka grunna bevisets stilling har dette sin årsak i at politiet ikkje ser dette som ei straffesak. BNR har såleis ikkje vore gruvt uaktsam eller gjort det med overlegg. Det betyr ikkje at BNR ikkje har skuld i øydeleggingane av kaien. Kaien er ”knust og deformert” av BNR. Det kan bevisast med fleire bevis og me vil få skadane erstatta av forsikringsselskapet. Når BNR no har anmeldt meg og kommunen for forsøk på forsikringssvindel tar eg det med knusande ro. Eg har forhalde meg til forsikringsselskapet sin rapport deira takstmann har utarbeida og rapport/skjema eg har fått frå Sjøfartsdirektoratet. BNR har i rapporten til Sjøfartsdirektoratet innrømma å ha skada kaien den aktuelle dagen. Dei har også innrømma andre skader, men når oppgjerets time kjem nektar dei!
 
Når det gjeld sjølve drifta av sambandet har Sjøfartsdirektoratet følgt reiarlaget BNR tett opp i haust. Reiarlaget BNR har hatt ei rekkje hendingar på dette sambandet som har satt sikkerheita og trykkleiken på spel. Her kan nemnast feil lanterneføring, grunnstøyting som ikkje er rapportert etter gjeldande regelverk, mekanisk svikt, motorsvikt, elektriske feil etc samt konstant manglande overhalding av rutetabell.  Engasjementet til Sjøfartsdirektoratet har satt sikkerheita litt meir i fokus. Det er flott, men framleis har reiarlaget BNR ein lang veg å gå før dei leverer tenester og materiell av ein slik kvalitet ein kan forvente. Etter mi meining må kontrakten hevast og ny ferje setjast inn.
 
...
MF Fjordbas får assistanse på Hjellestad
 

3 kommentarer:

  1. Kjell Arve Vorland7. desember 2012 kl. 20:03

    Hei Ove.
    Fint og informativt om utfordringane på sambandet, men her rettar du Bakar for Smed. Du kan då ikkje ved å vise til "..Samferdselsminister Kleppa sa i Stortinget hausten 2010 at det også var ein nasjonal målsetting at ferjene på fylkesvegene også skulle moderniserast. Nok eit løftebrot frå regjeringa etter mi meining...." skulde regjeringa for dei feil som "...Reiarlaget BNR har hatt ei rekkje hendingar på dette sambandet som har satt sikkerheita og trykkleiken på spel. Her kan nemnast feil lanterneføring, grunnstøyting som ikkje er rapportert etter gjeldande regelverk, mekanisk svikt, motorsvikt, elektriske feil etc samt konstant manglande overhalding av rutetabell. ..." Men det er jo fint at du ser at konkuranseutsetting ikkje nødvendigvis er ein god ting, og ynsker større staleg kontroll. Det er god Høgre politikk ;-)

    SvarSlett
  2. http://mobil.ba.no/__Hurtigb_ter_brukt_i_millionsvindel-5-8-35956.html

    SvarSlett