lørdag 8. desember 2012

Regionråd, opning seniorsenter og litt til!

 

Då blei det helg, og enda ei spennande arbeidsveke er over. I denne bloggen kan du lese litt om møtet i Regionrådet, etterbruk av skular, lysa på Veten, kva eg ønskjer å nytta det nyopna seniorseteret til mm. 

 

Veka starta med møte i Regionrådet. I møtet drøfta me fleire saker bl.a barnevern saker, areal saker mm. Me hadde besøk av kyrkjeverjene i prostiet vårt og representantar frå vegstyresmaktene. Her kan du lese meir om det møtet:


 
Opning Seniorsenter

Tysdag opne me seniorsenteret. Eit slikt flott seniorsenter er ein del av ein aktiv og offensiv seniorpolitikk som eg likar svært godt. Eit slikt senter skal auke livskvaliteten til kvar enkelt av oss. Her ser eg for meg aktivitetar der me kan møtast på tvers av generasjonar i samspel og få felles nytte. Eg trur eit slikt senter kan bidra til å endre holdningar og handlingar til frivillig arbeid - så vi kan eldes i – og med - arbeid eller anna aktivitet. Eg ser for meg aktivitetar for hygge og samvær – for å få styrkja eigen livskvalitet, men også som ressurssenter for å bidra til at andre får betre livskvalitet. Mitt mål er å få noko til på tvers av generasjonar – Fritid – leksehjelp – kunst – handtverk – dans – data – foto ….her er det kreativiteten som stoppar oss. Effektiv seniorpolitikk betyr å skape muligheter for en aktiv aldring, - så helse og sosiale nettverk både kan trimmes og vedlikeholdes. Det betyr å skape muligheter som gjør at vi ønsker å yte lenger, også ovafor andre og resten av samfunnet.

 

Etterbruk skular

Arbeidsgruppa som arbeider med etterbruken av skulane er komen godt i gang. Dei har hatt møter med representantar frå grendene og det er komen inn innspel både frå grendene og andre interesserte. Det er viktig at me vel realistiske og løysingar som bidrar til å auka den totale nytta for kommunen. Innspel som går på å sjå enkelte bygg i samanheng med bustadsosial plan og barnehageplan kan være relevante. Det er også forslag på å ta skular i bruk som ein slags allaktivitetshus. Arbeidsgruppa ser på realismen i prosjekta, om det er økonomisk grunnlag for ønska drift. Ein må også sjå på bygdas behov for forsamlingshus sett opp mot behov og anna aktivitet/tilbod i bygda. Det skal bli interessant å sjå kva arbeidsgruppa anbefaler kommunestyret å gjere.

 
Lysa på Veten

Mange saknar lysa på Veten i år. BKK har kjøpt nye lys, men då dei skulle opp å montera lysa 29 desember fekk dei melding frå Telenor om at dei ikkje fekk montera lysa på Telenor masta. Dette er synd. Me har hatt lys der oppe i snart 10 år i eit godt samspel med BKK. BKK har sendt nye data og informasjon om lysa så me håpar på aksept for å få montert dei.

 

Førjuls aktivitetar

I desember er det stor aktivitet. Då er det årsmøter og juleavslutningar mange stader. Det er  kjekt. Måndag arrangerte Klubb Knekten og Lions julemiddag for brukara og støttekontaktar. Det var ein kjekk kveld med song, musikk og dans og sjølvsagt masse god mat! Fredag var det eigarmøte i BRB og representantskapsmøte i BIR AS.

 

Media

Denne veka har det vore skreve mykje i BT og BA. Me er mest vant i Sund til Vestnytt. Dei kjenner kommunane her ute og gjer ein god jobb. Verre erfaring fekk me denne veka med BT og BA. BT sakene om BNR kan du lese om i eiga blogg. BA hadde i går eit oppslag om sjukeheimsplassar. Statistikken som blei presentert kan feiltolkast. Statistikken dei viser til gjer lesarane inntrykk av at det er 50% av dei eldre som må bu på dobbeltrom i Sund kommune. Det er ein feil vinkling. Sundheimen som er kommunal har 44 rom og 42 av dei er enkle rom. Me har 2 dobbeltrom og på det eine bur det eit ektepar. Dei må sjølvsagt få bu i lag!!! At statistikken kan bli så feil må ha sin orsak i at den inneheld Solhaug. Det er ein privat sjukeheim og er utleigd til brukara frå Bergen – Det mest riktige ville vore å ta dei sjukeheimsplassane og leggja til Bergen sin statistikk då det ikkje bur eldre frå Sund der!

 

Ha ei fin fin helg

Ove




























Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar