torsdag 11. juli 2013

Står nynorsken til forfall utan eksamen i sidemål?


Høgre er i den seinare tid vorte jamleg kritisert for sitt vedtak på partiet sitt landsmøtet om å avvikle ordninga med eigen karakter og eksamen i sidemål i ungdomsskulen og i den vidaregåande skule. Høgre sitt klåre standpunkt er viktig og framtidsretta. Det er eit vedtak som også eg som nynorsk ordførar støttar!

 
Det er verdt å merkje seg at Høgre ikkje har teke til ordet for å endra lova frå 1885 som likestiller begge målføra. Det betyr at me skal kunna nytta det målføre kvar einskilt av oss måtte ønskje.
Det sentrale målet i norskopplæringa må være å fremja elevens språktryggleik, men dessverre står det dårlig til med norske elevers lese- og skriveferdigheiter. Desse utfordringane kan vare livet ut. Det gjer dei hos meg. Eg er ein av dei som sleit med norsk i skulen, og måtte ha ekstratimar. Eg slit framleis med språket.
 
Det bør bekymre mange at dobbeltopplæring i norsk skriftlig er en hemsko for folks språkutvikling. Den masseopplæringa i skriftlig sidemål som er i norske skular, er det ikkje noko samfunnsmessig behov for. Å lære å skrive norsk på mange forskjellige måtar er ikkje konstruktivt. For min del hadde det vore nok med eit skriftsspråk, sjølv om Høgre meinar noko anna!
 
Variantmengda i bokmålet er eit resultat av samnorskpolitikken frå 1917. Politikken gjekk ut på å smelta bokmål og nynorsk saman til eit framtidig samnorsk. Det hadde kanskje vore stas, men det er ikkje det Høgre har vedtatt!
I 1917 blei det innført ei mengd valfrie nynorskformer i bokmålsrettskrivinga, og den linja blei fortsett i 1938-reforma. En ny reform i 1959 bekrefta stort sett samnorsklinja.
Høgre meiner elevane og kommunane må sjølv få bestemme kva målføre ein vil ha, og ikkje bli påtvinga eit skriftspråk ein ikkje føl seg heime i, men det er sjølvsagt viktig at ein kan forstå begge målføra. Det skal elevane i framtida også kunne, men det er ikkje naudsynt med eit slikt fokus på kunnskapsnivået at det må dokumenterast med karakterar.
Sidan sidemålet blei innført har krava til både innhald og form på opplæringa teke ein større og større del av den totale opplæringa i skulen. Eg er tvilande til at det er rett ressursbruk i skulen. Å studera norsk i mange variantar styrkjar ikkje norsk konkurransekraft i vesentleg monn, slik eit betre og sterkare fokus på for eksempel engelsk og matematikk ville ha gjort. Det har eg sjølv smerteleg erfart. Difor er eg ikkje uroa over at Høgre ønskjer at elevane ikkje skal ha eksamen i sidemål. Det vil styrkja fokuset og kunnskapen hos dei som har nynorsk som hovudmål, og dei som har bokmål som hovudmål. Dobbel opplæring med krav til karakterar er det ikkje behov for!
 
Ove Trellevik
Stortingskandidat
Hordaland Høgre
 
 
nynorsk.jpg<br><a href=http://www.uib.no/imagearchive/nynorsk.jpg >Vis orginal</a>
 
 

5 kommentarer:

  1. Hei! Såg innlegget ditt i BT i dag, og oppdaga at du jo hadde lagt det ut her for 5-6 veker sidan. Det du skriv reiser ein del spørsmål:

    1. Kva grunnlag har du for å hevda at sidemålsopplæring hemmar folks språkutvikling, når forskinga ganske så eintydig peiker i motsett retning?

    2. Korleis kan du, som ordførar for ein nynorskkommune, hevda at det ikkje er noko «samfunnsmessig behov» for allmenn kompetanse i nynorsk? Er ikkje nettopp det ein føresetnad for at elevane i kommunen din får lærarar som er kompetente i nynorsk?

    3. På kva måte meiner du sidemålsopplæring er å «påtvinga» elevane eit skriftspråk dei ikkje føler seg heime i? Elevane har då framleis rett til å velja hovudmål sjølv? Det einaste dei vert påtvinga, er ein viss kompetanse – slik dei vert påtvinga det i alle andre fag.

    4. Sidan Høgres vedtak går ut på å fjerna karakter og eksamen i sidemål, men ikkje opplæringa – korleis kan du då støtta dette vedtaket, samstundes som du går hardt til åtak på sjølve opplæringa i sidemål?

    5. På kva måte meiner du sidemålsopplæring er å «påtvinga» KOMMUNEN eit skriftspråk han ikkje føler seg heime i (i den grad ein *kommune* i seg sjølv har kjensler)?

    6. Sidan du uttrykkjer at du vil halda på den språklege likestillinga, slik ho vart vedteken i 1885 – kan du gjera greie for *korleis* språka skal vera likestilte dersom fleirtalet ikkje lenger skal læra mindretalet sitt språk? *Korleis* skal det vera praktisk mogleg for ein vanleg nynorskbrukar å halda språket og språkkjensla si i nynorsk ved like, dersom han/ho må leggja om til bokmål kvar einaste gong han/ho skal samarbeida skriftleg i skule, akademia og yrkesliv?

    SvarSlett
  2. Hei Vebjørn, og takk for spørsmål! Ja denne bloggen er nokre veker gammal, og har vore i eit par lokalaviser. Har skapt noko engasjement og spørsmål.

    1. Som eg nemner i bloggen så det bland anna eiga erfaring både personlig og som ordførar i ein kommune med mange nasjonalitetar blandt elevane. Frå 2004 - 2007 blei det gjennomført eit prosjekt i Oslo der sidemål karakter blei valfritt. Resultata frå dette prosjektet hadde tre interessante resultat:
    A: Resultata i hovudmålet blei betre
    B: Inntrykket og haldningane til sidemålet blei betre
    C: Det samla karaktersnittet blei betre.
    Dette er verdt å ta med seg når vi veit at 10% av grunnskule elevane ikkje kan skrive og lese tilfredstillande etter 10 avslutta grunnskule.

    2.Det vil sjølvsagt være behov for rett kompetanse hos dei som skal undervise, men ut over det ser eg ikkje noko samfunnsmessig behov. Dersom det blir slik at ikkje alle skal lære grammatikk og rett skriving i sidemål, men berre forstå og lese begge målføra må det også bli slik at ein ikkje blir pliktig til å svare f.eks. på brev på det målføre som ein f.eks. mottek brevet på. Alle i Noreg treng såleis ikkje lære sidemål i det omfang me har i dag, men alle må lære og forstå begge målføra.

    3. I dag må alle beherske begge målføra både innan lesing og skriving. Omfanget av ein "viss kompetanse" er for omfattande. Det er krav både i staten og kommunane til korleis, og i kva omfang ein skal nytta nynorsk. Alt for mange "bokmåls elevar" vegrar seg for å søkje stillingar der det er krav til nynorsk i stort omfang. Dette er ein hemsko i rekruttering. Det offentlege klarar ikkje kampen om spisskompetansen i mange tilfeller. Me har også over 13% utlendingar i Noreg. Svært mange av dei slit med at me har fleire skriftsspråk.

    4. Eg støttar vedtaket. Så lenge me har to skriftsspråk i landet må me kunna forstå begge. Det er likevel ikkje naudsynt å kunne skrive og beherske begge fult ut etter mi meining.

    5. Litt "krøkkete" skreve dette her, ser det, men mange tilsette i kommune (og staten for den del), føler seg ikkje heime i nynorsk.

    6. Både bokmålsbrukara og nynorskbrukara skal kunne nytta sitt skriftsspråk. Det skal ikkje være krav til at ein må svare på same skriftspråk.
    Med likestilt meiner eg såleis at alle kan sjølv velge kva skriftsform ein vil nytta, men me skal forstå begge.

    Trur nokk ikkje du blir einig med meg, men håpar dette var litt oppklarande!

    Så vil eg berre få avslutta med ei lita historie:
    Då eg vart ordførar fekk eg målprisen av mållaget etter eit år i ordførarstolen! og i tala sa formannen; Det er ikkje for kvaliteten, men for forsøket!

    Ha ein fin fin kveld!

    med helsing
    Ove Trellevik :-)

    SvarSlett
  3. 1. Om Oslo-forsøket:
    - resultata frå forsøket er ikkje truverdige for fem øre. Fordi forsøket blanda i hop mange ulike tiltak og målsetnader i ei stor røre, er det uråd å seia kva for nokre tiltak som førte til kva for nokre effektar – som forresten var forsvinnande små.
    - forsøket var i seg sjølv så politisk ladd og så lite vitskapleg lagt opp at alle relevante norske fagmiljø takka nei til å delta i prosjektet.
    - dersom me latar som om resultata likevel er gyldige, strir punkt C i argumentasjonen din med rapporten. Ifylgje rapporten hadde forsøket «en svak negativ effekt på det generelle nivået for avgangskarakterene på VK2». Kommentar?

    2. Korleis skal du klara å rekruttera nynorskkunnige lærarar til skulane i Sund, dersom 90 % av landets framtidige lærarar berre meistrar bokmål?

    3. Du unngår spørsmålet, så eg gjentek: På kva måte er sidemål meir «påtvunge» enn andre emne/fag i skulen?

    4. OK. Då tolkar eg deg slik at du er for sidemålsopplæring, men mot eksamen og karakter? Stemmer?

    5. Er ikkje det fordi at dei har fått *for dårleg* opplæring i nynorsk? Eg ville trudd det var betre Høgre-politikk å auka kvaliteten på sidemålsopplæringa, enn å feia problemet under teppet ved å svekkja likestillinga mellom nynorsk og bokmål.

    6. Men problemet, gode Ove, er at både utdannings- og yrkesliv i stor grad inneber *samarbeid* om t.d. det å produsera tekst – altså at fleire personar skriv på den *same* teksten. Dersom ein berre nynorskbrukarar skal meistra nynorsk, vil det alltid vera bokmål som er "samarbeidsspråket". Dette vil gjera det praktisk vanskeleg å halda på nynorsken for mange av dei som eigentleg godt kunne tenkt seg det. Kva hjelper det då med skrivebordteori om formell valfridom?

    Elles, eg set naturlegvis også stor pris på at du brukar nynorsk i rolla di som ordførar. Slike føredøme er svært viktige – det er noko me treng side om side med språkleg jamstillande politikk ... ;)

    SvarSlett
  4. Takk for tilbakemelding. Beklagar eg er sein med å svare, men det er travelt i desse valkamptider. I går kveld var eg i debatt i Bergen om nynorsk!

    1. Ingen spesielle kommentarar, men skulen har eit gitt tall timar som ein må prioritere. Eg meiner me kan prioritere på ein anna måte i språkopplæringa vår. Mindre fokus på sidemål og heller bruke timane på å styrkje andre fag.

    2. Korleis skal du klara å rekruttera nynorskkunnige lærarar til skulane i Sund, dersom 90 % av landets framtidige lærarar berre meistrar bokmål?
    Lærarane må jo lære det dei har behov for i utdanninga si. Me har lærarar i spansk utan at det er eit obligatorisk fa med eksamen i grunnskulen.

    3. Eit eksempel: Då eg gjekk i skulen hadde med kristendom og fekk karakter etter kor flink me var i kristendom. Pugga salmevers, songar og Bud mm. Dette var «tvungen opplæring» på mange som ikkje fann seg til rette i kristendommen. Faget er endra, og no er det meir livssyn og ein lærer meir om alle religionar utan et det er karakter særskilt i kristendom. Slik må det også bli sidemål.

    4. yepp. Høgre meiner at alle skal kunne lese både hovudmål og sidemål, men berre stille krav til at ein beherskar hovudmål. (som sakt så meiner eg me berre treng eit skriftsspråk i Noreg, og skulle ønskt at begge skriftsformane hadde «funne ilag». Samnorsk modellen som blei drøfta for nokre år sidan er eg tilhengjar av.

    5. kanskje. Mållova er det få som følgjer. Til og med kulturdepartementet som er «sjefen» til språkrådet tillét seg å skrive til min nynorsk kommune på bokmål. Difor bør den endrast. Innbyggarane i Noreg må få skrive sitt hovudmål som dei vil, og offentlege tilsette må få svare slik dei sjølv vil. Høgre meiner likevel det skal være krav i staten til likestilling av språkformene. (frå mi side trur eg det blir krevjande!)

    6. Du kan så sei. Difor vil eg ha eit skriftsspråk, men det er som sakt ikkje det Høgre har vedtatt.

    Med god valhelsing
    Ove Trellevik :-)

    SvarSlett
  5. Null stress med ventetida – eg har mykje å gjera sjølv ...

    1. Dei aller færraste elevar – om nokon i det heile – får mange nok timar med skriveopplæring i sidemål i året til at det ville monna å overføra dei timane til andre fag. Og utover sjølve den grammatiske innføringa i sidemålet, kan sidemålsopplæringa i stor grad integrerast med annan undervisning utan å stela ekstra tid – slik dei til dømes har gjort med suksess på Holmlia ungdomsskule i Oslo.

    2. Kor mange spansklærarårsverk er der i norsk skule samanlikna med norsklærarårsverk? Du samanliknar eple med pærer her. Og eit anna interessant spørsmål: Dersom framtidige norsklærarar skal ha all sidemålsopplæringa dei i dag får på grunnskule og vgs flytt over til sjølve lærarutdanninga – kva vil du då ta vekk av det som ligg i lærarutdanninga frå før? Å verta fortruleg med sidemålet sitt heilt frå botnen av er ikkje noko du rekk på eit 7,5-poengsfag, akkurat.

    3. Du vert framleis tvinga til å læra om alle religionar. Spørsmålet står.

    4. Samnorsk, ja. Er du ikkje einig i at eit prosjekt som Arbeidarpartiet prøvde å gjennomføra i nesten eit heilt århundre utan å lukkast (trass regjeringsmakt i svært mange av desse åra), verkar noko daudfødd?

    5. Sidan offentleg tilsette sjølv skal få velja språk – meiner du denne retten også skal gjera tilsette i privat sektor? Til dømes journalistar i VG og Dagbladet?

    6. Takk og lov. ;)

    SvarSlett