søndag 11. august 2013

Høgre vil ikkje fjerne pappapermen!


 
Me møter stadig påstandar om at me vil fjerne pappapermen. Det er feil. Høgre vil fjerne fedrekvota. Høgre er for at begge foreldra skal ha rett til å ta ut permisjon og være heime med små born. Høgre meiner det er bra at far tar permisjon, og bra at begge foreldra tar ein aktiv del av småborns omsorga. Fedrane i dag deltar i bornas oppvekst på ein helt anna måte enn for ein generasjon sidan. Orsaka har vore at delar av foreldrepermisjonen har vore øyremerka far. Det har bidrege til ein holdningsendring og ein sosial endring. Fedrane tar i dag meir ansvar i småbarnsfasen.




Nå meiner me det er på tide og gje herredøme over permisjonstida tilbake til familiane. I Noreg finn ein eit mangfald av familiar. Det er ikkje alle foreldrepar som arbeider 8-4 i ordinære stillingar. Kanskje driv mor eige firma. Kanskje arbeidar far turnus. Eg har lest avisinnlegg og høyrt argumentasjon frå alle dei raudgrøne regjeringspartia der dei hevdar at me vil ta dei 14 vekene frå fedrekvota og "gje desse vekene attende til mor". Dette openbart feil. Høgre vil at foreldrepermisjonen skal fordelast mellom mor og far slik det best passer for familien. Og heldigvis passer det for mange at far tek ein lang og god permisjon for å være heime med borna. Men det passer ikkje for alle, og difor ønskjer me valfridomen attende til familiane. Det er ei betre løysing enn dagens ordning. No risikerer ein at borna mistar tid med mor og far grunna at dagens firkanta ordning ikkje passer for alle.

Høgre ønskjer på kort sikt at mor eller far kan overføre permisjonskvote til partneren når dei sjølv ikkje har muligheit til å ta ut kvota. På litt lengre sikt må me få fri deling av permisjonstida, men slik at dei første 9 vekene blir øyremerka mor. Dette er den løysinga som best sikrar flest familiar ei framtidsretta valfridom av foreldrepermisjonen.

 



 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar