Stortinget har nylig vedtatt ny lov om offentlige
anskaffelser. Dette er ei stor og viktig sak både for det offentlige, men også
for innbyggarane flest. Det er tross alt innbyggarane som til sjuande og sist
er sluttbrukaren av alle offentlige tilbod og tenester.
Bakgrunnen for sjølve lova er både det EØS-rettslige,
eit ønsket om forenklingar både i EU og her i Norge, og forbetre
sanksjonsreglene ved brot på regelverket. Det har opp gjennom tidene vært mye
kritikk for at regelverket er komplisert, detaljert og formalistisk. Da er det
positivt at regjeringa har tatt tak i det, og gjer forenklingar i regelverket.
Dei største diskusjonane har likevel vært knytt til frivillige lag og organisasjonar som
for eksempel røde kors, og i kva grad vi kan reservere kontraktar for dei
aktørane innan helse, sosial og omsorg. Dei reservasjonsreglane vi i dag har i
gjeldande lov, lar seg ikkje vidareføre i ny lov grunna EØS retten. Her
forsømde den raudgrøne regjeringa seg med å få på plass ønskjelege tilpassingar
til norsk praksis.
Vi har den seinare tid sett fleire saker både i Oslo
og Bergen der byrådet ønskjer å reservere kontraktar for ideelle organisasjonar.
Det blir ikkje mulig på same måte som i dag. Regjeringa er tydelig på at ein
ønskjer å utnytte handlingsrommet som ligg i EØS regelverket, samtidig som vi
må respektere at det går ei grense for når ein bryter prinsippa om
likebehandling av tilbydarane.
Stortinget har peikt på ei rekke sertrekk med tenestene
som dei frivillige lag og organisasjonar har som kan gje dei
konkurransefortrinn, men det er viktig å huske på at også andre tilbydarar står
fritt til å tileigne seg slik kompetanse og kvalifikasjonar, og tilby dette. Det blir no opp til kommunane
og forvaltninga å definere riktig kvalitet og riktig tenester når regelverket
trer i kraft, slik at ein utnytter dei ideelle organisasjonane sitt fortrinn
der dei har det. Det nye regelverket setter brukaren sitt behov i fokus, og da
er det vel eigentleg meir underorda kven som tilbyr, og kva organisasjonsform tilbydaren
har dersom vi set brukarane og deira behov i fokus.
Ove
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar