lørdag 23. juni 2012

Skulestruktur i fokus

Det går mot sommar og ferie. Onsdag var det vitnemålsutdeling for avgangselevane ved ungdomsskulen. Flott ungdom og flott sermoni! Elles har det vore stor aktivitet og eg har ikkje kunne delteke på alt eg burde denne veka heller. Fredag blei ein kjekk dag med arbeid i regionalt panforum og i styringsgruppa for regionale planar. Arbeidet her går mot slutten og skal behandlast av fylkespolitikkara til hausten. Fredagen blei avslutta med arbeid for å få VM på sykkel i 2016 til Bergen og regionen her vest. i havet. Det ser lovande ut så dette blir spennande. Det er likevel vedtaket om skulestrukturen som har engasjert innbyggarane mest! Mine takar om dette kan du lese meir om i denne bloggen!



Tysdag var det kommunestyre. Det største saka det var knytt spenning til var utvilsamt saka om framtidig skulestruktur. Debatten har pågått i partia, mellom politikara, i lokalavisa og blant folk flest der folk møtes.

Dei aller fleste eg har snakka med ønskjer seg 3 skular. Det gjore eg også lenge. Dette fordi eg delar synet med mange om at «kart og terreng» viser at 3 skular kan være fornuftig. Dei aller fleste som tar til ordet for 3 skulkr veit ikkje at det er ei serdeles kostnadskrevjande løysing og i realiteten betyr at me må auke eigedomsskatten mykje meir enn ei løysing med 2 skular – difor har eg endra syn. Eg ønskjer ikkje å auke eigedomsskatten, og om den må aukast så vil eg auka den minst mogeleg. Me må innan få år «frigjere» kanskje 10 mill for å styrkje balansen vår. Det kan enten gjerast med å stramme inn drifta eller auke eigedomsskatten.
Då skule saka blei lagt ut på høyring i april blei 2 skule alternativet rangert som nr 1 av arbeidsgruppa. Alternativet med 2 skular blei for meg forsterka i arbeidet med dei økonomiske spørsmåla i høyringsrunden.  I høyrings perioden blei det fremja ein rekke spørsmål som blei besvart i prosessen, mens andre innspel blei tatt med i arbeidet med dei 39 høyringsinnspela som kom.
Innspela på 3 skule alternativet førte ikkje til vesentlege nye moment som medførte at arbeidsgruppa sitt fleirtal endra syn, sølv om det var eit mindretal som no fann grunn til å støtta 3 skulealternativet.

Innspelet som forsterka 2 skulealternativet var etter mitt syn forhold knytt til økonomi, og som gjer at 3 skulealternativet nærmast blei urealistisk sett frå mi side. Dei økonomiske utrekningane viser at ein kan spare ca 3 mill ift dagens struktur på 3 skulealternativet, mot over 60 mill fram til 2025 på 2 skulealternativet. Da blir det etter mitt skjønn uansvarleg for meg å tilrå 3 skulealternativet - sett opp mot dei økonomiske utfordringane Sund kommune har. Forutsetninga er sjølvsakt at elevane får minst like gode lovpålagte tilbod i 2 skulealternativet som i 3 skulealternativet – og det er eg overtydd om at dei gjer. Einaste ulempa er litt lengre bussreise slik eg ser det. Elles er det ein rekke andre positive faktorar ein bør ta med seg.
Eg trur eigentleg ikkje reisetida betyr så mykje i det store å heile. Born i andre grender går i barnehage i Skogsvåg, born i andre grender er på karate på Tofterøy, born frå heile kommunen er på kulturskule i Skogsskiftet. Mykje idrett og anna aktivitet skjer i Skogsvåg. Born frå Tofterøy trenar fotball i Telavåg etter samarbeidet mellom Hald og Telavåg. Born frå Telavåg og Hammarsland gjekk i speidaren på Tofterøy. I den tida eg dreiv Sund livredningsklubb i bassenget på Stranda deltok det ungar frå heile kommunen! Liketil kjenner eg born som reiser til nabokommunen Fjell for fritidsaktivitetar! Eg trur ikkje motstanden handlar om reisetid. Eg trur heller ikkje buss argumentet er serleg relevant. Mange born tar buss, og på Stranda klaga dei til Fylkesmannen for å få buss.
Men eg forstår kjenslene til foreldra og besteforeldra når skulane forsvinn frå bygda. Eg har hatt mange av dei same kjenslene sjølv. Det eg følte var vondast var følelsen av at krinsen/bygda var og blei mindre verdsett om skulen forsvann. Ein hadde mista butikk, post, livet på kaien, - og no skulen. Det offentlege brydde seg ikkje meir omm oss, me var ikkje noko av verdi - Bygda blei «utarma og rasert» - eg kjenner alle argumenta for å ikkje endra skulestrukturen,  og ønskje om å behalde skulen i si eiga grend – og som ihuga motstandar av å endra skulestrukturen - hamna eg i kommunestyret i 2007. Fordelen min er at eg har fått fleire år der dette tema har fått "modnast", men nokre grender kjem bodskapen om skulenedleggjing som "lyn frå klår himmel".
Erfaringane og kunnskapen eg no har gjennom å arbeida aktivt med kommuneøkonomi i fleire år, gjer meg overtydd om at skal me få ein berekraftig økonomi i Sund kommune på sikt så må me gjere drastiske grep – jo før jo heller! Difor blei det viktig for meg å sjå fordelane med å endra skulekrinsane, og gjere dei andre endringane som må til for å få ein berekraftig økonomi utan å krevje meir eigendomsskatt enn naudsynt.

Det blir serdeles rimeligare drift for kommunen å drifte skule i 2 nedbetalte skular framfor 3 eller fleire nedbetalte skular. For å få god økonomisk drift på ein skule bør det være mellom 300 og 400 elevar. Me er i startgropa for å forme også andre endringar i kommunen for å få ei berekraftig økonomisk utvikling, så det kjem meir! Fleirtalet som styrer i dag ønskjer å skape gode tenester til innbyggarane med ein berekraftig økonomi. 

(Me må unngå å gjere som i Hellas - å bevilge oss goder me ikkje har råd til. Utgifter og inntekter må passe også i kommuneøkonomien. Då må me ha fokus på dei kostnadsdrivarane som me kan påverke. Mange lovpålagte kostnadsdrivare kan me ikkje påverke - då innbyggarane har "loven på si side" uavhengig av kommuneøkonomi)

Fokuset til kommunestyret blir å ha tilfredsstillande lovpålagte tenester – og her er me pressa på fleire teneste områder. Døme her er psykiatritenester, barnevern, helse og lege tenester. Me har styrkja desse tenestene i dei seinare år, men me har - og får behov for å styrkje desse tenestene i framtida. Innbyggartalet i kommunen veks og me har også «voksesmerter».
Dei store grepa me kan ta er meir rasjonell og betre skuledrift, endre omsorgsprofil frå sjukeheim til heimebaserte tenester og redusere sjukefråværet, - ja kanskje konkurranseutsetjing av enkelte tenester er eit godt alternativ også! Det er sjølsakt også andre endringar me kan gjere også, men i økonomisk verdi ikkje utgjer volum.
Me har tatt grep om mange av desse viktige områda. Fleire har ei oppfatning av at økonomistyringa i kommunen er dårleg – det er ikkje tilfelle. Dei fleste ansvarsområda har god budsjettdisiplin, men sjølvsakt kan enkelte bli betre. Kontrollutvalet ser no på prosjektstyringa vår – så håpet er at me får betre rutinar også på dette i framtida.
I skulebruksplanen er det fleire som kritiserer prognoser, utrekningar og budsjett, prosess, grunnlagsdata, informasjon – ja alt kan ein angripe om ein vil leite etter feil – og det er det mange som gjer. Dette er ein naturleg reaksjon om eit vedtak ikkje går slik ein sjølv ønskjer. Det som er heilt sikkert er at både budsjett og prognoser alltid er feil, men me kan sjå ei trend og ein utviklingsretning. Det fins også mange eksempel som er relevante frå andre kommunar også. Eg er overtydd om at ein i slike debatter som dreiar seg om skulestruktur kan lage det hele til en «ørkenvandring» om ein vil, - utan att ein finn noko som helst meir nytt som kan kaste vesentleg betre syn på saka som ville påverke vedtaka.
Eg er overtydd om at 2 skulealternativet vil gje eit tilfredstillande lskuletilbod innafor det lovpålagte tilbod til borna våre og som er det beste for Sund kommune og den økonomien me har. Eg trur også det er til det beste for borna og dei tilsette. Senterpartiet hadde likevel eit poeng i å kvalitet sikre vedtaket – det kan eg være einig i. Det kan være ein god pedagogisk øving å få nokre eksterne til å bekrefta at 2 skulealternativet er eit godt, realistisk, tilfredstillande, robust og ein framtidsretta skulestruktur. Då ville kanskje fleire støtta opp under dette alternativet.

Eg opplever at det er mange som oppriktig er lei seg, fortvila og sint over vedtaket. Dei peikar på alle dei negative sidene dei kan finne med eit 2 skulealternativ. Det er natuligt. Mitt råd er å heller leite etter dei positive sidene med 2 skule alternativet og dyrke dei. Det er ikkje slik at «alle er imot» store skular. I Skogsvåg og Stranda er dette akseptert (også andre stader), men dei får no tross alt behalde skulen i si bygd. Det er såleis god grunn til å setje seg inn i dei positive sidene med vedtaket om ein 2 skulestruktur framfor å «dyrke» dei negative sidene med dette vedtaket. Vel ein å dyrke dei negative sidene vil ein få det tungt i åra som kjem!
No er det laurdag morgon og sankthans! Eg skal på befaring og sjå på kaiane på Lerøy og Bjelkarøy. Dei har nokre skadar som kommunen som kaieigar må gripe fatt i. Kl 13 blir det avduking av eit krigsminnesmerke på Lerøy frå 2.verdenskrig til minne om dei over 100 fangane frå Russland som var der. Deretter marknadsdag, rømmegraut, grilling rundt i kommunen…dersom eg rekk alt!

Ha ein fin fin helg!
Ove

Det er vemodigt å være med å leggje ned Tofterøy skule som eg har vore elev på i 6 år. Min yngste søn er ein av dei elevane som skal flytte til Stranda til hausten for å fotsette på den nye barneskulen der.

5 kommentarer:

  1. Syns det er leit at økonomien har stått i høgsetet når denne skulebruksplanen har blitt til. Det er og kritikkverdig at de som folkevalgte ikkje avel å bruke tid på eit vedtak som er så viktig for innbyggarane i Sund. Det er og leit at du brukar eigedomsskatten for å få sympati for den avgjerda partiet ditt har teke.
    Du skriv at reisetida ikkje betyr så mykje i det heile. Der tar du grundig feil. Det blir feil å samanlikna skule med fritidsaktivitetar på ettermiddagstid. Fritidsaktivitetane er valgfritt, skule er ikkje valgfritt men ein rett borna har. Retten til å ha ein skule i nærmiljøet er no teken i frå over halvparten av borna i Sund kommune.
    Vil og rette opp noko du skriv om borna på Stranda. Det verkar som om du har misforstått litt. Det var altså ikkje slik at dei på Stranda klaga til fylkesmannen for å få buss. Dei klaga til fylkesmannen fordi du som ordførar meinte at vegen var trygg som skuleveg og at dei ikkje hadde rett på gratis skulebuss. Nok eit eksempel på at du og dine partifeller lar økonomien styre utan omsyn til borna og innbyggarane i denne kommunen. Det er direkte flaut at du brukar dette som eit argument i denne saka.

    Eg trur at om skulebruksgruppa og dykk politikarar hadde brukt betre tid på denne saka, så kunne ein kome fram til eit alternativ der ein sparar pengar samtidig som innbyggarane kan akseptera endringane alternativet gjer. No står mange born att med eit dårlig skuletilbod, og foreldra må sjå seg om etter nye vegar å gå. Nye bygg og fasilitetar er ikkje det viktigaste i den store samanhengen. Borna treng ein trygg stad å vera, gode lærarar og ein følelse av at ein høyrer til i eit trygt og godt miljø. Storskular i Skogsvåg og Stranda vil ikkje gje borna dette etter mitt syn.
    Eg håpar inderlig klagen til fylkesmannen gjer at det blir ei endring i denne saka. Berre så synd at ein må gå den vegen for å nå fram i ei slik sak. Høyringsuttalelsane frå folket i kommunen er ikkje tatt på alvor. Difor sit mange no og er sjokkert over utfallet i denne saka.

    Birgitte Kallestad

    SvarSlett
    Svar
    1. Gode Birgitte.
      Takk for respons på min blogg. Det er ikkje lett å formidle alt like klårt. Noko av poenget med Stranda og buss eksempelet er at nokon meiner at buss ikkje er trygt og bra, mens ein på Stranda har eit anna syn. I drøfingane om store og små skular, gode og dårlige lærara og skular, trygt og godt skulemilø, så er det - og vil sikkert bli det også, delt syn og ulike oppfatningar om desse tema. Noko anna vil overraska meg. Det er både av hensyn til elevar og innbyggara me gjer dette - også her er det ulike oppfatningar kva som er det beste for innbyggarane og elevane. Fleirtalet i komunestyret vel jo ikkje dette alternativet dersom det ut frå den informasjonen og økonomien me har er det beste me kan vedta.

      Helsing Ove.

      Slett
    2. liten feil i siste setning:
      Fleirtalet i komunestyret vel jo ikkje dette alternativet dersom det ut frå den informasjonen og økonomien me har ikkje er det beste me kan vedta.

      mvh Ove

      Slett
    3. May Britt Hevrøy25. juni 2012 kl. 11:17

      Eg er hjartens enig med Birgitte.
      Det gjenstår no å sjå om det faktisk er så mykje å spar som de trur.
      Det er eit uttrykk som heiter " å spara seg til fant": Eg trur det er veldig relevant her; den gode utvikling vi har hatt i Sund, med jamn etablering av unge barnefamiliar i bygdene, vil garantert avta med den nye skulemodellen. Det betyr tapte skatteintekter og forgubbing. Vi har ikkje arbeidsplassar i Sund. Vi har begrensa med handelstilbod. Vi må køyra til det meste!!
      Det vi har å by på det er gode nærmiljø, nærleik til skule og barnehage aktive lokalmiljø og fin natur. Vi bør bygge vidare på det, og ikkje grave vår eiga grav!!!
      Vi på Glesnes skal bygge vidare på vår særegenhet, og eg håpar andre følger etter!!

      Slett
  2. Etter å ha gått gjennom denne diskusjonen i Osterøy, veit eg at dette blir vanskeleg (og at alle prognoser/ budsjett blir feil) - ut frå det må ein bruka naudsynt tid for å forankra vedtaket. Hvis ikkje blir det store utskiftingar i neste kommunestyre og mange omkampar.
    Som utflytta Sunsoknar har eg ikkje fylgt prosessen godt nok, men vil peika på nokre viktige punkt:
    * Ein kan ikkje berre tenkja økonomi/ billeg drift - God skule er noko av det viktigaste kommunen skal bruka pengar på.
    * 1-4 skular med SFO og barnhage, kombinert med sentralisert mellomtrinn og ungdomsskule ville vore eit godt alternativ, men den økonomiske innsparinga forsvinn kanskje.
    * Uansett må ein avgjera kva ein skal nytta dei eksisterande bygningane til. I Osterøy vart dei overført til bygdene, som ganske kjapt starta opp private Montesorriskular. Skjer det i f. eks Telavåg og Glesvær vil kommunen bli trekt i statlege tilskot og pengane overført dei nye skulane - i Mjøsdalen fekk dei så gode vilkår at det nesten ikkje var trong for foreldrebetaling til skuledrifta.
    * Elles er eg samd i at endringane i samfunnet/ betring av kommunikasjon gjer det naturleg å ta debatten - Har sett at skular kan bli for små for nokon, men meiner pedagogiske moment må telja like mykje som økonomi i ei slik avgjer. (Gode lærarar med stor breidde i fagkunnskaper og nye bygg er jo eit godt utgangspunkt for læring).

    SvarSlett