lørdag 28. mai 2011

Veke 21. Veg - trafikksikring, næringsutvikling,og kommunal drift i fokus.

Denne veka har vore prega av lange dagar og viktige besøk. Me har hatt synfaring på vegar, regionalt næringsforum har vore i regionen og me har hatt formannskapsmøte.

fredag 27. mai 2011

Vårfest med pensjonistlaga i regionen

Onsdag var eg invitert til vårfest med pensjonistlaga frå kommunane Askøy, Fjell, Øygarden og Sund. God mat og flott arrangert av Sverre Bungum frå Sund pensjonistlag. Super underhaldning av Rune Solberg, Vivian Steinsland, og Therese Hummelsund samt ein Engelsk gitarist. Dei framførte flotte låtar av bl.a Johannes Kleppevik, Vivian og Kåre Glesnes. Sund blandakor sang serdeles bra bl.a You Raise Me Up og fleire andre sangar.



lørdag 21. mai 2011

Veke 20. Kultur i fokus!

Denne veka har vor ei kulturveke på mange måtar. Fylkeskultursjefen har vore på besøk, vi satsar på ny næring i gamle naust, styremøte i Museum Vest og debatt i Luftskipet om Luftskipet si framtid.

tirsdag 17. mai 2011

17.mai feiring

  
Gratulerer med dagen!
I dag har det vore mykje aktivitet og fest i alle grendene våre i Sund. For meg starta dagen med gudstjeneste i Kausland kyrkje der eg etterpå haldt minneord og la ned krans på minnestøtta. Deretter deltok eg i tradisjonell feiring på Tofterøy skule der eg også holt tale.

lørdag 14. mai 2011

Veke 19 med Samferdsel, Stranda Skule, Legekontor, Gode Sirklar og økonomi fokus.

Denne veka blei det fatta viktige vedtak i kommunestyret som gjer at vi kjem vidare med fleire viktige prosjekt. Det har vore møte med byrådsleiaren i Bergen og statsrådbesøk. No er det helg – og for fleire av dykk ei ”langhelg”. Ønskjer dykk ein god 17.mai med fin feiring av nasjonaldagen.

søndag 8. mai 2011

8.mai markeringa i Sund kommune.

Årets 8.mai markering vart arrangert i Telavåg. Først med allsong, tale og kransnedlegging. Deretter ein samling på Nordsjøfartsmuseet med overrekking av ein modell av båten M/K Blia til museet.


lørdag 7. mai 2011

veke 18. Lerøy - Bjelkarøy, blokk på Vorland, Ordførarsamling, reg.plan Skaganeset

Då er det helg og tid for å oppdatere bloggen! Hektisk veke med fleire møter i Bergen og Oslo. Dei viktigaste emna denne veka har vore utbygginga på Vorland, Lerøy – Bjelkarøy sambandet, ordførarsamling i Oslo og oppstartsmøte for reguleringsplanen på Skaganeset. 
 

søndag 1. mai 2011

Stranda Skule


Då er kontrakten på utvidinga av Stranda skule endeleg signert. Sartor Maskin AS kan snart stare opp arbeidet! No kan vi sjå framover og glede oss til at vi får ein ny flott skule med volleyball hall!