lørdag 31. mars 2012

NY NÆRING I GAMLE SJØHUS I STRANDSONA - Løypemelding

Dei fire kystkommunane Austevoll, Bømlo, Radøy og Sund har sett i gang eit prosjekt i samarbeid med Fylkesmannen og Hordaland fylkeskommune for å sikre kystkulturarven gjennom å leggje til rette for ny bruk i gamle kystbygningar. Det gjeld moglegheitene for ny bruk i eksisterande bygningar og å hindre forfall av desse. Det er i hovudsak bygningar for fiske og for kystbonden knytt opp mot fiske, fangst og jordbruk, slike som naust, sjøbuer, saltebuer, nothengjer, båtbyggjeri, lager og kai anlegg. Det kan også gjelde anna næringsverksemd som m.a. gamle handelsstader. Bygningane ligg i 100-metersbeltet til sjø.

torsdag 29. mars 2012

lørdag 24. mars 2012

Planstrategiar

Mykje spennande denne veka også. Det har vore eigarmøte i BIR AS og Gode Sirklar AS, møte i Ungdomsrådet, formmanskapet og saksgruppene. Stor politisk aktivitet i Sund. I tillegg har det vore møte i arbeidsgruppa for «Ny næring i gamle naust» Eg kjem tilbake seinare med ein eigen statusblogg på dette arbeidet. Tysdag var det seminar i Bergen om Planstrategiar for Hordaland.
I denne bloggen kan du lese meir om dette viktige arbeidet.

lørdag 17. mars 2012

Opning Biomega AS og ny utstilling på Nordsjøfartsmuseet


Ny spennande veke er over. Viktige hendingar som opning av ny bedrift på Skaganeset og opning av den nye hovudutstillinga på Nordsjøfartsmuseet kan du lese om i denne bloggen.

torsdag 15. mars 2012

Oppstart Felles Ansvar «Kick off» 7.3.12 på Fjell festning.

Det heile starta med Initiativ frå førebyggande avsnitt ved Sotra, Askøy og Øygarden lensmannsdistrikt i 2009.
Spørsmålet var - Kan vi samla offentlege, frivillige og private aktørar til eit nytt samarbeid for å hindre at ungdom i vår region havnar ut i rus og kriminalitet?

lørdag 3. mars 2012

Veke 9. Vinterferieveke, NTP og folkehelse i fokus.

Denne veka har det vore roleg – og mange har hatt vinterferie. Statens Vegvesen har lagt fram NTP og det har i den seinere tid blitt debattert tema knytt til folkehelse og fri skuleskyss. I dag er det vår i lufta – god grunn til å komma seg ut å nyte det fine været!