lørdag 28. april 2012

Klima i fokus denne veka

Denne veka har hovudfokuset vore arbeid med Klima og Vassregionmyndigheitene i Hordaland. Tysdag var det møte i Vassregionutvalet og frå Onsdag til Fredag var klimarådet på studietur til København. for å sjå nærmare på aktuelle klimatilpasningstiltak som overvasshandtering, flaumsikring og havnivåauke. Klimatilpasning er eit høgaktuelt tema med bakgrunn i hendingar knytt til ekstremværet "Dagmar" I denne bloggen kan du lese meir om desse emna.


lørdag 21. april 2012

NTP, marin næring og Skulestruktur i fokus

Ei intens og arbeidsintensiv veke går mot helg. Mange viktige saker på dagsorden for innbyggarane og andre interessentar denne veka. Variert har det vore med mange møter innan kultur, marin næring og kommunestyret. Dei sakene som er viktigast blir Skulebruksplanen og arbeidet innan marin næring og NTP. Det kan du lese meir om i denne bloggen.

lørdag 14. april 2012

Sund er blitt MOT kommune!

Påska er over og eg kjenner teikn til vår i lufta. Me går ei fin tid i møte!
Denne veka har stort sett gått med til planlegging og førebuing av mange møter og planar  dei kommande vekene. Onsdag denne veka blei Sund kommune formelt ein MOT kommune. MOT er en haldningsskapande organisasjon som me har inngått samarbeid. MOT arbeider for og med ungdom som du kan lese meir om i denne bloggen.