søndag 24. juli 2011

Terror åttaka i Oslo rammar også oss i Sund


Av dei to frå Sund kommune som var på Utøya er det berre ein som er komen heim att. I Sund kyrkje var det i dag ei open samling der alle kunne delta. Mangen nytta seg av denne mogeligheita og det var ei gripande stund saman med familien og  mangen av vennene til vår sakna Monica Iselin Didriksen.
Det er vanskeleg å ta innover seg det som har skjedd. Mange unge mennesker er drepen. Foreldre står att utan ungdomen sin og vil ikkje få sine kjære tilbake i livet.

fredag 8. juli 2011

Ny næring i gamle naust og utsleppsløyve til Sotra Fiskeindustri AS

Det er ferietid, men i gråvêret er det kjekt å ha ein PC og internert! Fant eit par nyheiter på sidene til Fylkesmannen.


lørdag 2. juli 2011

Heile Hordaland står imot Fylkesmannen

Det er mykje oppstyr rundt opphevinga av budsjettet til Bergen kommune. På måndag kunne vi lesa i BA at seks av ti bergensarar meiner at Lars Sponheim blandar seg for mykje inn i lokalpolitikken. Kritikken av Fylkesmannen si innblanding i lokalpolitikken strekkjer seg langt utanfor bygrensene til Bergen.