lørdag 24. desember 2011

Veke 51. God Jul

Då er det jul!
Politikkarane har hatt sitt siste formannskapsmøte og kommunestyremøte denne veka. Budsjettet er vedtatt og me kan edeleg ta helg. Det er laurdag morgon – og Julaftan. Startar dagen med ein god frukost, før eg tekk fatt på ein runde og ønskjer God Jul på Solhaug med presten. Dette blir det siste eg rekk før det blir julefeiring med min eigen familie.

Eg ynskjer alle ei riktig God Jul og eit Godt Nytt år.

Ove

torsdag 22. desember 2011

Vegen vidare for Sotrasambandet

Eit framtidig vegnett i regionen
Bakgrunn
Denne blogg byggjer på Sund kommune sin visjon og høyringsuttale til KVUèn samt det faktum at kapasiteten på vestre innfartsåre Sotra – Bergen er sprengt. Det er dagleg lange køar og næringslivet lir store tap grunna den dårlige trafikkavviklinga. Det er såleis viktig å finne ei løysing snarast som løyser dagens trafikkutfordringar.

lørdag 17. desember 2011

Veke 50. Julestemning i emning.

Ei veke att så er det jul. Det skal bli godt. Ulike eininga og organisasjonar inviterer på julelunsj og besøk – ikkje lett å rekke  alt i desse førjulstider. Ellers har det vore framdrift i Lerøy – Bjelkarøy sambandet og for trafikksikringstiltaka på Hammarsland samt prosjektet Ny næring i gamle bygg i strandsona.

lørdag 10. desember 2011

Veke 49. Travle dagar.

Det har vore ei hektisk veke med stor aktivitet både dag og kveld. I denne bloggen kan du lese litt om Gode Sirklar AS og om mobildekninga i Sund.

lørdag 3. desember 2011

Veke 48. Næringsutvikling i regionen i fokus

Fokuset denne veka har i hovudsak vore på næringsutvikling. Det har vore arrangert ein spennande konferanse på Panorama og det har vore eigarmøte i BRB og styringsgruppemøte i Kysteventyret.