lørdag 23. juni 2012

Skulestruktur i fokus

Det går mot sommar og ferie. Onsdag var det vitnemålsutdeling for avgangselevane ved ungdomsskulen. Flott ungdom og flott sermoni! Elles har det vore stor aktivitet og eg har ikkje kunne delteke på alt eg burde denne veka heller. Fredag blei ein kjekk dag med arbeid i regionalt panforum og i styringsgruppa for regionale planar. Arbeidet her går mot slutten og skal behandlast av fylkespolitikkara til hausten. Fredagen blei avslutta med arbeid for å få VM på sykkel i 2016 til Bergen og regionen her vest. i havet. Det ser lovande ut så dette blir spennande. Det er likevel vedtaket om skulestrukturen som har engasjert innbyggarane mest! Mine takar om dette kan du lese meir om i denne bloggen!



lørdag 16. juni 2012

Mobbing i fokus

Denne veka har kultur vore i fokus. I Sund har he hatt kulturveke. Det er likevel mobbing på Sund ungdomsskule som har fått stor merksemd denne veka. Dette er vanskelege saker, men som me har stort fokus på.

lørdag 9. juni 2012

Regionrådsmøte, formannskap og åpning av Sjøsporrtsenteret

No er det laurdag  kveld og endeleg helg. Ei travel men kjempekjekk og spennande veke er over. Det har vore aktivitetar kvar kveld.  Det har vore møte i Regionrådet, formannskapet og ikkje minst opning av nytt Sjøsportsenter som du kan lese meir om her i denne bloggen!

lørdag 2. juni 2012

Generalforsamling i Trigger og møte i Bergensalliansen

Då er det helg att og sola skin!
Denne veka har det blant anna vore arbeida med reguleringsplanar for Skaganeset, møte med Avinor, generalforsamling i Trigger og møte i Bergensalliansen om regional transportplan.