onsdag 2. mars 2011

Opning av Panorama Konferansehotell

Panorama Konferansehotell opna 1.mars 2011. Det var eit særdeles flott hotell som vart opna. Eg vart svært positivt overraska over kor flott hotellet var blitt. Her har ein klart å kombinere moderne design og teknologi med gamal kystkulktur. Svært smakfullt!
Mangen gjestar var invitert, og eg var invitert til å formelt opna hotellet og halde tale!

Arrangementet starta med ein velkomstdrink og tapas. Vi fekk gå rundt å sjå på det flotte Hotellet! Det var fleire som heldt tale og vertskapet hadde leigt inn ein tryllekunstnar som imponerte alle. Vi fekk servert ein velsmakande 3-retters middag med god drikke til!


                                            Hotellet er flott både frå utsida og inni!


Her er mi tale:

Kjære vertskap og gjester!
Takk for invitasjonen til å delta her i dag, og til det ærefulle oppdraget med offesielt å opna det nye hotellet!
Endelig komen dagen som så mange av oss har venta på!
Det er ikkje til å legge skjul på at vi vart litt forundra og spørjande når hotellet vart stengt i 2008. Då vi fekk kjennskap til planane og såg at det vart satt i gang eit omfattande arbeid steig optimismen igjen. Me oppfatta planane som spanande og lovande!
Eg forstår det slik at ikkje alt har vore like lett!
Det har i samfunnet vore nokre tøffe år med finanskrise, Noko som også har prega planane og framdrifta her slik eg forstår! Dagen i dag markerer såleis ikkje slutten på ein byggjeperiode. Dagen i dag er starten på ei ny tid både for hotellet, regionen her vest og oss i Sund.
Hotellet ligg som dykk ser i trygge og storslåtte omgivingar her i Sund og vert ei oppleving for det som kjem på besøk her. For kommunen betyr det at vi får enda eit ”Flaggskip” å vise fram.
Her er gjort mykje flott arbeid, det gir arbeidsplassar, og vi veit at vekst genererer vekst og slik sett ser vi fram til auka aktivitet i kommunen. Vi håpar at den satsinga som her vært gjort skal bidra til å gje heile Sund kommune eit løft, og såleis bidra til å setje Sund kommune på kartet.
Hotellet vært viktig for å utvikle heile regionen som ein turist destinasjon. Det er det einaste hotellet i Sund, og det desidert største og flottaste i regionen her vest. Dette er noko heile regionen kan vere stolt av!
Det er spenstige planar for verksomheta og framtida, og det vert også satsa innan bustadutvikling. Denne store satsinga her i kommunen har gjort noko med psyken vår. Me får litt trua tilbake, og det er kjekt å sjå at nokon har trua på at det er mogelig å få til noko her ute.
På ein dag som denne er det mange som skal takkast.
Eg vil begynne med å takke dei som aldrig mista trua på at det er mulig å få til noko her i kommunen.
Eg vil takke dei som har bidratt til å få planane godkjent
Eg vil takke for den innsats ulike firma har lagt ned i eit omfattande arbeid med å realisere planane.
Til slutt vil eg på vegne av alle her i Sund kommune få takke Daniel Opiz for at du såg muligheitene her i Sund, og at du var villig til å satse Du har gitt mange av oss andre  trua på at det er mulig å også skapa og få noko til her i Sund.
Dette vi ser her er distriktsutvikling og samfunnsbygging i praksis.!
Og så vil eg sjølvsagt ønske eigarane lykke til med drifta av hotellet.
Det er ikkje enkelt å gje ei gåve til eit så flott hotell. Men eg har med ei symbolsk gåve  - ein vimpel med Sund kommune sin logo. Eg ser for meg at den får ein sentral plassering i resepsjonen – så har eg med ei gåve som visar kommunen sitt ”fyrtårn” som er ein del av kommunen sitt kommunevåpen. Dette er Sund kommune si offesielle gåve!

Du får ta dette som eit symbol på vi ønskjer at det nye hotellet skal bli eit nytt ”fyrtårn” for oss her i Sund kommune.

Om ingen har sagt det før Daniel Opitz, Velkommen til Sund kommune! Og lykke til!


mvh
Ove Trellevik

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar