lørdag 3. november 2012

Bygdebok lansering og VNR haustfest denne veka

Mange kommunar har for lengst skreve si gards- og ættesoge. Torsdag var endeleg dagen komen der me i Sund skulle få lansert 1.bind av den nye bygdeboka. Torsdagskvelden var det også duka for årets haustfest i regi av Vest næringsråd (VNR). Dette var ein kjekk kveld på Panorama.  Dette kan du lese meir om i denne bloggen.




Bygdeboka – Sund på søre Sotra!
Den nye bygdeboka skal bestå av i alt 5 bind, så Torsdagen markerte starten på ei fantastisk viktig kultursatsing for Sund. Kvelden starta med flott song av elevar ved skulen – Sund på søre Sotra av Johannes Kleppevik var sjølvskriven!

Sogelage starta drøftingane om ønskje og behovet for ei bygdebok tidleg i 2007.  Kommunestyrevedtaket om at me skal lage ei bygdebok blei fatta seinare same året. Det vitnar om at det ikkje er enkelt, eller venstrehandsarbeid å skriva ei slik bok. Me har engasjert ein dyktig bygdebokforfattar Arild Skogstad, men heile bygdeboknemnda har hatt svært mykje på seg dei siste åra. Alt frå innsamling av gamle kart, bilde og historier. Ei skikkeleg bygdebok skal innehalda historiene til dei store gardane, og deira betyding for samfunnsutvikling og busetnad, den skal også gje oss kjennskap til mellom anna namnetyding, fornminne, folketalsutvikling, næringsliv, kulturminne, utskiftingar, eigedomstilhøve, samferdsle, slekter og anna som er av historisk interesse frå den enkelte garden.
Det er nettopp av denne grunn eg meiner ei bygdebok serdeles viktig for Sund kommune. For meg, Sundsamfunnet, og ikkje minst dei kommande generasjonar er det sers viktig at me fullfører dette fantastiske flotte prosjektet. I planen framover skal det ferdigstillast ei bok for kvart år fram til at alle dei 5 binda er klare.

Det er fleire enn meg som har registrert at arbeidet med bygdeboka har vore krevjande. Sett frå min ståstad har bygdeboknemnda valt rett retning og har stor støtte for valet som er gjort ifm normering i namnedebatten. Dette var ei sak som fekk stor merksemd, men fagfolk på universitetet i Bergen støttar den vala som bygdeboknemda har gjort.
Frivillige yter mykje innsats som prosjektet er heilt avhengig av. Deira innsats er serdeles viktig, både for framdrift, men også resultatet og økonomien. Dei frivillige sin innsats i dette prosjektet er heilt fantastisk – og då er det viktig at me andre støttar opp som best me kan.

Det er mange som har ytt mykje i denne samanhengen. Mange innbyggara som har bidratt med informasjon,  leiar i nemnda Arne Olav Nilsen har gjort ein kjempejobb på vegne av kommunen, Arvid Skogseth, og Frode Fyllingsnes- som forfattarar og Egil Nysæter frå Hordaland fylkeskommune som konsulent.  Margrethe Kallestad, Odd Klepsvik, Sverre Sangolt, Kjell-Arve Vorland, Harald Nordstrand som medlemmer av bygdeboknemda samt Åshild Nordstrand som språkkonsulent.
Stor takk til dei alle for eit fantastisk flott 1.bind av bygdeboka vår! Me gler oss til fortsettelsen!

Løp og kjøp alle saman!

 
VNR haustfest
Torsdag kveld arrangerte Vest næringsråd sin haustfest på Panorama Konferansehotell. Det var ein kjekk kveld. Haustfesten har eit omfattande og godt program. Me fekk presentert fleire av regionens nye bedrifter og grundera. Eg er imponert over den evne til innovasjon og entreprenørskap mange av desse bedriftene representera. Årets grunder blei BRIAS (Bergen Rustfrie Industrier AS) i sterk konkurranse med fleire andre!

Det gode næringslivet i regionen vår har eg stor tru på. Regionen veks, og me veks meir enn dobbelt så mykje som gjennomsnittet i Hordaland. Difor var det heilt på sin plass at CCB på Ågotnes vart kåra til årets bedrift. Vel fortent! Det er andre gongen CCB får denne prisen – og det er ikkje utan grunn!
Det er betydelig vekst i oljesektoren, som også genererer vekst og etterspørsel på andre områder som er den største driveren i veksten her vest i kommunene våre. Noreg går svært godt – me sit på den grøne grein, men det er ikkje gitt at me klarar å utnytte veksten. CCB har vist gjennom fleire år at dei er tilpassings  dyktig, konkurransedyktig  og har vilje og evne til å utnytte muligheitene i bransjen dei operera i. CCB huser i dag fleire verdsomspennande verksemder som er leiande på svært mange områder innan oljerelatert industri.

I kommunane her vest merkar me også veksten – auke i folketal – gjer trong for barnehagar, skular, legekontor etc. det skapar press på tenestene. Kommunane her vest må møte innbyggarane og næringslivet sitt behov på ein god og konstruktiv måte. Mitt mål er at regionen her vest skal ikkje berre skal framstå, men faktisk vere Bergensregionens mest attraktive region – både for innbyggjarar og næringsliv. Det krev gode kommunar som har eit godt samspel næringslivet – og det har me her vest! Stor takk til VNR for den jobben dei gjer på vegne av næringslivet og samfunnet elles!


Ha ei fin fin helg

Ove

2 kommentarer:

  1. Bygdeboka er verkeleg fantastisk! Imponert over detaljane om kvar einskild person, ikkje vanleg i slike bøker. Gler meg til resten

    SvarSlett
  2. Ja dette var eit flott verk. Eg gler meg eg også. Har funne slektsband tilbake til både Lerøy, Bjelkarøy, Fana og Fjell i denne flotte boka, samt mange historiar. Boka visar veg vidare for slektsbanda til andre deler av Sund - så eg gler meg til resten kjem!

    SvarSlett