torsdag 17. november 2011

Minnemarkering for 8 år game Monika

Måndag ettermiddag vart Sund atter ein gong råka av ei tragisk hending. 8 år gamle Monika Sviglinskaja bli funne omkommen. Søndag kl 18:00 blir det ei minne markering.
Ei mor har mista si einaste dotter og på skulen er ei lita jente sakna av både medelevar og tilsette. Ei ufatteleg hending har atter ein gang ramma oss. Politiet arbeider på spreng. Kriseteamet i Sund, rektor, tilsette, Sotra Fiskeindistri og mange Sundsoknara har gjort ein god jobb desse dagane og vist omtanke for oss medborgara og dei pårørande. Det Litauiske miljø er sjølvsagt sterkt prega og det er både born og mange av oss andre. Det er godt å sjå at me evnar å vise medkjensle og omsorg i ein slik situasjon.

Søndag kveld kl 18:00 arrangerer det Litauske miljøet ei minnemarkering utanfor kommunehuset etter Litauisk tradisjon. Her blir det tenning av lys og ei markering der me kan vise omtanke og nestekjærleik med dei pårørande og det Litauiske miljø. Eg og fleire frå kommunen deltek og arrangementet er opent for alle som ynskjer å delta. Gravferda blir i heimlandet.


Det er framleis stor uklårt om kva som er orsaka til dødsfallet. Når noko er uvisst blir me fort engsteleg – spesielt born. Difor er det viktig at me snakkar med borna våre om dette. Me må være opne på kva som er fakta frå politiet og kva som ikkje er det.

Fakta kan me forholda oss til å forklare – så godt som me kan, men det som er uvisst skapar ofte grunnlag for fantasi, grubling og draumar. Det er viktig at me snakkar med borna våre om desse forskjellane og at det er naturleg å ”draume/fantasere” om det me ikkje har faktakunnskap om. Det gjer me alle. Snakkar me med borna våre om dette vil dei klårare sjå skilnaden på fakta og det som ikkje er det, og såleis kunne føla seg tryggare.

helsing
Ove

1 kommentar:

  1. Takk for forståelsen og oppmerksomhet for denne familien i denne vanskelige situasjonen.
    Jeg er også fra Litauen. Uansett hvor du er fra, døden gir alltid stor sorg for alle. Det er kjempe viktig å være ikke alene da. Ha folk i en god periode, som hjelper, støtter og forstår...

    SvarSlett