Ordføraren i ulike rollar


Ordføraren i ulike roller


Ordføraren blir ofte ei personifisering av kommunen sin fremste representant. Mange oppfattar ordføraren som kommunen sin øvste sjef. Formelt sett har ordføraren ikkje noko anna myndigheit enn å kalle inn og sette opp kommunestyret og formannskapet sine sakslister og å leia møta. Ordføraren er òg kommunen representant, og må stå til rette for kommunen om kommunen skulle hamne i rettssak. Ordføraren er såleis ein figur som skal representere heile kommunen og såleis vere heva over strid mellom partia. Ordføraren har likevel ei rolle som krev ei stor kontaktflate med andre personar som har mykje å seie både innan offentleg verksemd og innan næringslivet. Ombudsrolla for alle innbyggarar er viktig. Ordføraren er innbyggarane ”sin representant”. Likevel har ein eit ansvar for eige parti og deira forventningar til oppslutnad og gjennomslag i saker for partiet.

Viktige eigenskapar for ein ordførar er å evne til å kombinere politisk innfallsvinkel med rolla som brubyggjar – å skape eit grunnlag for samspel. Brubygging og godt leiarskap går hand i hand. Ein må vere ærleg, inkluderande og ha stor gjennomføringskraft. Mykje handlar om å skape gode prosessar for å skape gode resultat.
Formelt sett har ordføraren såleis avgrensa mogeligheit til å gjere vedtak, men reelt sett er muligheitene større og langt meir krevjande. Gapet mellom oppfatningar og formalitetar, kva makt og myndigheit vedkjem, kan berre fyllast med samspel og samarbeid.

Innbyggarane forventar at politikarane skal ta ansvar og vere handlekraftige, men det er altså formalitetar som skil politikarane sitt ansvar og mogeligheiter, frå administrasjonen sitt ansvar og mogeligheit. Ordføraren er det formelle bindeleddet mellom administrasjon og politikk, men har ikkje noko med saksbehandlinga eller personalforvaltninga å gjere. Dette er rådmannen sitt ansvar.Politikarane har ansvaret for arbeidsgjevarpolitikken som kommunestyret skal vedta, men altså ikkje den daglege drifta/leiinga.

Kommunen eig verdiar i føretak og selskap. Ordføraren deltek ofte i ulike typar av selskap. Behovet for kommunal styring og kontroll med selskapa vil vere avhengig av kva tenester og verksemd som skal ytast av selskapet. Organisering av eit selskap og val av selskapsform vil vera avhengig av kven som skal eige selskapet, formål og grad av administrativ og politisk styring frå kommunen si side.

Som ordførar i Sund kommune har eg ulike rollar som følgjer med vervet, eller som eg er vald til å representera Sund kommune i. Nedafor fortel eg litt om ulike organisasjonar og dei rollane eg har. På startsida i bloggen finn du linkar til nokre av organisasjonane.


Gode Sirklar AS
Gjennom Gode Sirklar AS går Sund, Fjell og Øygarden opp nye vegar for å tilføra regionen forskingsbasert kunnskap og kompetanse på internasjonalt nivå – til næringsutvikling, nyskaping og utvikling av eksisterande verksemder. Selskapet stimulerer òg til å utvikla kultur som næring, og til regional utvikling. Som ordførar representerer eg Sund kommune i styret òg i generalforsamlinga.
 
BIR AS
BIR AS er etablert for å eige og forvalte dotterselskap som skal stå for oppsamling, innsamling og behandling av hushald- og næringsavfall.   Verksemda skal dessutan ivareta renovasjonsforpliktinga som eigarkommunane har etter §30 i Forureiningsloven. Selskapet sitt hovudkontor ligg i Bergen. BIR skal vere et leiande avfallsselskap innan kundeservice, miljøriktige tenester og gjenvinning av materialar og energi. Gjennom overvaking av og kontroll med produksjonskostnadene, skal de lovpålagte tenestene til ei kvar tid vere konkurransedyktige. Styret har som mål at renovasjonsprisen skal haldast lav og stabil, og ikkje utover generell lønns- og prisstiging. BIR skal gi kundane tenlege og miljøriktige avfallstenester som tilrettelegg for god kjeldesortering og høgast mogeleg materialgjenvinning og energiproduksjon. BIR har som målsetting at verdien på selskapet skal aukast. Som ordførar representerer eg Sund kommune som eigar i bedriftsforsamlinga, i eigarmøta og på generalforsamlinga.
 
BKK AS
BKK (Bergenshalvøens Kommunale Kraftselskap) ble stifta 2. juni 1920 av Bergen og elleve omlandskommunar. I dag er BKK eit av Noregs største selskap innanfor produksjon, engrosomsetting og transport av elektrisk kraft. BKK AS eig og drifter landets nest største distribusjonsnett med 178 000 nettkundar, og har 31 vasskraftverk med ein årleg middelproduksjon på 6,7 TWh.
Bygg og driftar fjernvarmenett i Bergen. Tilbyr bustadalarm, breiband, kabel-tv og breibandstelefoni. Sel rådgivings- og entreprenørtenester i bedriftsmarknaden.
Som ordførar representerer eg Sund kommune som eigar på eigarmøta og i generalforsamlinga.
 
Nordsjøfartsmuseet
Nordsjøfartsmuseet vart opna 26.april 1998, same dag som skytedramaet i Telavåg i 1942.
Nordsjøfartsmuseet si hovudutstilling omhandlar Telavågtragedien. Museet har òg utstillingar om Nordsjøfarten og Shetlands-Larsen, ein sentral person i denne trafikken. Vidare vert det vist skiftande utstillingar, som regel med krig/menneskerettar som tema. Museet har auditorium, konferanserom, kafé og butikk. Nordsjøfartsmuseet er eit godt utgangspunkt for turar i Nordsjøløypa. Stiftinga Nordsjøfartsmuseet eig museet sin bygningsmasse og tomt. Som ordførar er eg styreleiar i stiftelsesstyret som har eigaransvaret.

Museum Vest
Stiftelsen Museum Vest ble etablert i 2005 som et resultat av den nasjonale museumsreforma. Reforma har hatt som målsetting å styrke musea og drifta gjennom å etablere større og meir robuste einingar. I utgangspunktet omfatta den nye stiftelsen følgjande institusjonar: Noregs Fiskerimuseum, Det Hanseatiske Museum og Schøtstuene, Kystmuseet i Øygarden, Herdla Museum og Nordsjøfartsmuseet og Fjell festning.  Museum Vest står for drifta av desse musea. Styret for Museum Vest er samansett av representantar frå dei vertskommunane for sjølve musea. Som ordførar er eg styremedlem i Stiftinga Museum Vest.

Sotra Brannvern IKS
Sotra Brannvern IKS er organisert som eit interkommunalt selskapet etter lov av 29. januar 1999 nr. 6 om interkommunale selskap. Selskapet ivaretek Fjell og Sund kommunar sitt ansvar etter lov av 14. juni 2002 nr 20 om vern mot brann, eksplosjon og ulykker med farlig stoff, og om brannvesenet sine redningsoppgåver (brann- og eksplosjonsvernloven). Representantskapet er selskapet sitt øvste organ i samsvar med Lov om interkommunale selskap. Det er ordførarane i dei to eigarkommunane Sund og Fjell som utgjer representantskapet

Trellevik Kystkultursenter
Stiftinga Trellevik kystkultursenter vart stifta 6. mai 2003. Det er ei ideell stifting som legg vekt på å visa fram eigedom, inventar og båtar på ein måte som syner korleis ein i eldre tider nytta bygningane, båtane, dei gamle fiske- og fangstreiskapane. Trellevik kystkultursenter består av Bygnaden, Jektanaustet, Sjenkestova og fleire båtar. Bygnaden vart oppført seint på 1700 talet som saltebu, og framstår i dag som eit levande museum som òg er i bruk. Kystkultursenteret ligg i Trellevik på Tofterøy. Bygningar og båtar blir leigt ut til ulike lag, organisasjonar, skular, barnehagar, firma og privatpersonar. Kommunestyret i Sund har valt ordføraren til å representera kommunen i styret for stiftinga.


Stiftinga Marsteinen Fyr
Marstein fyr ble automatisert i 1987 og sida 2002 har det vore ubemanna. Fyret vart kjøpt av Austevoll kommune i 2005. Stiftinga Marstein fyr har ansvaret for kaianlegg og bygningane på holmen. Som ordførar representerer eg  Sund kommune i styret for stiftinga.


Trigger AS
Trigger er et aksjeselskap som tilbyr eit breitt spekter av varer og tenester innan ulike driftsområde. Trigger har lokal forankring, og betener eigarkommunane Askøy, Bergen, Fjell, Sund og Øygarden. Trigger er ein organisasjon i vekst. Vi har  i dag 30 tilsette og gir et tilbod til ca 165 arbeidstakarar fordelt på avdelingar på Askøy og Sotra. Som ordførar representerer eg Sund kommune i generalforsamlinga.

Sund Vatn og Avlaup AS
Sund Vatn og Avlaup vart skipa i november 1998. Selskapet har ansvar for det som vedkjem dei offentlege vass- og avlaupsanlegga, utbygging og drift av desse. Sund Vatn og Avlaup AS skal handsama søknader om tilknyting til offentleg vass- og avlaupsleidningar. Sund kommune skal handsama søknad etter plan- og bygningslova, med eigne gebyr etter eining areal sitt gebyrregulativ. Som ordførar representerer eg Sund kommune i generalforsamlinga.
 
Andre samarbeids fora
Sund kommune deltek også i følgjande samarbeidsfora der ordføraren er representert:
HOG Energi
Regionrådet Vest
Bergensalliansen
Business Region Bergen