søndag 8. mai 2011

8.mai markeringa i Sund kommune.

Årets 8.mai markering vart arrangert i Telavåg. Først med allsong, tale og kransnedlegging. Deretter ein samling på Nordsjøfartsmuseet med overrekking av ein modell av båten M/K Blia til museet.


Arrangementet starta kl 12:00 med minnesstøtta i Telavåg. Mange frammøtte deltok. Nedafor kan du lese mi tale.

Etter mi tale og kransnedlegginga var det samling på museet. Odd Strand haldt ei tale om bruken av M/K Blia under 2.verdenskrig – og det drama som fant sted den 11.november 1941 då M/K Blia forliste. Båten var bygd og brukt som brønnbåt for krigen, men under krigen blei båten brukt til å frakte flyktningar frå Noreg til England og Shetland. Båten var eigd av rederiet AS Jan Lerøy. Skipper om bord da båten forliste var Ingvald Karsteinsen Lerøy 21 år gammal. Han var med både i Shetlandsgjengen og kompani Linge under 2.verdenskrig. Han fekk krigsmedalje for sin innsats post morten juni 1946. Difor er det sers viktig og kjekt at Nordsjøfartsmuseet fekk denne modellen. Initiativtakar til å lage modellen var 92 årige Fritjof Mikkelsen. Modellbyggar er Arne Eggen. Stor takk til begge!




Kjære alle her tilstede. Gratulerer med dagen!

Det er med ærbødighet eg står her på vår frigjøringsdag. Departementet har bede kommunane i år om å ha ein serskilt fokus på alle krigsveteranar fram til no. Vi ser frå mediebildet at vår internasjonale bidrag er viktig – men vi lir også tap av uerstattelege liv.
Når eg ser på det flotte, dramatiske monumentet her i Telavåg får det meg verkelig til å tenke.

Tenk på den fridom vi nyter i dag, og som vi aldri må ta for gitt.
Tenk på all den liding så alt for mange måtte gjennomgå i krigsåra
Tenk på kva våre offiserar og soldatar i dag opplever i internasjonale operasjonar.
Men eg tenker også med stoltheit på kva nordmannen har betydd, og fortsatt betyr, for kampen for fred og rettferd i verda i dag.

Vi har alle kunnskap om Telavåg tragedien.
26. april i 1942 blei to tyske offiserar skotne av norske agentar her i Telavåg. Tyskarane reagerte på dette ved å utsetja bygdefolket her for alvorlege og grusomme represaliar. Alle vaksne menn blei sendte til tyske konsentrasjonsleirar, medan kvinner og born blei internerte på Framnes i Hardanger. Tyskarane sprengde alle hus og andre byggverk slik at bygda vart heilt utsletta.

Telavåg blei gjort til offer, men vi må huske og trøste oss med at Norsk innsats under krigen var viktig.

Gjennom NORTRASHIP makta Noreg å bidra med heile 1024 handelsskip bemanna av 37 000 mann.

Av det enorme omfang fartøy som deltok under D-dagen bidrog Noreg totalt med 10 krigsfartøy, 51 handelsskip og vel 2000 mann, samt et hundretals mann i teneste på allierte krigs- og handelsskip.

Av dei 10 000 nordmenn som falt under krigen omkom halvparten av dei på sjøen. Over tusen frå Marinen og nærmare 4000 frå Handelsflåten. De fleste av disse i Atlanteren. 27 marinefartøyer og 13 skøyter samt 706 handelsskip vart senka. Dessutan mista Marinens flyvåpen 49 fly. Ein formidabel innsats som kanskje ble meir verdsett av våre allierte - enn av nasjonen Noreg.

Norske fartøy og norsk mannskap hadde vore eit viktig bidrag i den lange og risikable oppgåva som bidrog så sterkt til å sikre den endelige seiaren og freden i Europa. Men ikkje så mange kjente til dette. Og det ble heller ikkje gjort så mye for å gjere det kjent hos nordmenn.
Det var ikkje så mange krigsseilara som fekk motta sin velfortjente hyllest og anerkjenning for sin innsats. Det skulle vise seg å herske ein manglande kunnskap og bevisstleik omkring kva Marinen og Handelsflåten hadde vore gjennom, og som dei fortjente beundring og respekt for.

Sjølv om freden var et faktum og feiringa sto høgt i Noreg på denne dag for over 60 år sida skulle dei neste åra vise ein dyster bakside av medaljen. Vi skulle få kampen for krigsinvalidepensjon og ikkje minst dei psykiske stridsreaksjonen – og seinskadane ved å delta i krigshandlingar.

I boka Sjøkrigens skjebner – deira egne beretingar,  har forfattaren samanfatta erfaringane som Marinens krigsveteranar gjorde seg under krigsåra og i ettertid, han har skreve ein appell til det norske folk og folkevalte. Eg har lyst til å lese opp denne appellen no:

Ikkje la nye generasjonar få oppleve å stå maktesløse overfor ein moderne fiende,
- som vi gjorde.
Spar dei for den ydmykelse, spar dei for den skam, og spar dei for den unødvendige liding,
- som vi følte.
Ikkje la dei dø forgjeves, i ein kamp de ikkje er forberedt på.
- Tren dei!
Ikkje la dei stå nakne og våpenlause i fiendens kuleregn.
- Utrust dei!
Ikkje ta for gitt dei som er villig til å ofre livet for sitt land.
- Verdsett dei!
Ikkje la dei som kjem skada heim frå kampen bli støtt ut i kulda.
- Ha tålmodighet og hjelp dei!
Ta vare på dei heime når deira kjære er i krig.
- Å komme heim til ein familie er uvurderlig!
Ikkje la det skje igjen
- Lær av historia!

Dette er vårt testamente.

Mange Tyske offiserar ønskte ein fredeleg men ærefull avmarsj då freden nærma seg. Dei innsåg at krigen var tapt - men få ville overgje seg. Det vart sett på som forræderi å overgje seg, men då Hitler tok sitt liv 30.april 1945, byrja ting å skje svært fort. Øvstkommanderande i Noreg general Franz Bøhme ville kjempe vidare, men marinemann og admiral  Karl Døniz som var Hitlers mann i Danmark og nord Tyskland - ville kapitulere. Karl Dønitz var u-båtsjef under 1.verdenskrig og han hadde mista sin son som også var ubåtsjef under 2.verdenskrig. Admiral Karl Dønitz kapitulerte 5.mai - Resten av Tyskland 7.mai. Då kunngjorde Franz Bøhme her i Noreg at han var klar til å ta imot ein delegasjon frå Scottish Command, nokre mindre endringar i kapitulasjonsdiktatet blei gjort og Frigjøringsdagen 8.mai var eit faktum.

Ein stor og grusom krig som hadde vart i fem lange år var endelig over. Europa kunne pusta letta ut og gjenreisinga kunne starte. Ikkje bare var krigen over, men Europa ble endelig frigjort frå nazismens grufulle og menneskefiendtlige ideologi. Frigjøringa avslørte ein systematisk råskap og vondskap som knapt nokon hadde kunna førestille seg, og som mange her frå Telavåg fekk erfart.

Tre år etter 2. verdskrig slutta Noreg seg til NATO. Alliansen saman med vårt nasjonale forsvar er sentral for vår forsvarsevne.  I meir enn 60 år har vi delt gleder og byrder med våre allierte.  Samarbeidet er tett og godt noko eg har erfart sjølv som offiser i 25 år.  
Verden er blitt liten og vår innsats saman med ca 80 000 allierte styrker er viktig for regional og dermed global stabilitet.  Eg er imponert og svært audmjuk overfor den innsatsen våre styrker gjer i dag. Det gjer uendelig inntrykk å sjå at unge menneskjer brenner så sterkt for oppgåva at dei er villige til å gje sitt yttarste igjen – sitt liv!

I dag har vi over 700 menn og kvinner i krigsherja områder rundt omkring i verda. I verda i dag er det over 50 væpna konfliktar mellom land og folkegrupper. Størstedelen av dei Norske styrkane er i Afghanistan.  Den norske regjering har vedtatt at vi skal delta med militære styrker der.

Det heltemot og den oppofring norske soldatar og offiserar viser i dag står ikkje tilbake for det som ble vist for snart 70 år sida. Vi har mista mange gode borgara i kampen for internasjonal stabilitet, demokrati og fridom. Og vi har grunn til å være stolte - av begge generasjonar og generasjonane imellom.

For den borgar i dei land våre styrkar opererar - fortonar den fridom vi opplever her heime nærmast utopisk. Tenk om dei ein gang i framtida får oppleva som oss - og feire ein dag i fredens og fridomens teikn.

Dei vil i alle fall ikkje dei ta fridomen for gitt.

Gratulerer med dagen!

Takk for oppmerksemda.  


helsing
Ove

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar