fredag 27. mai 2011

Vårfest med pensjonistlaga i regionen

Onsdag var eg invitert til vårfest med pensjonistlaga frå kommunane Askøy, Fjell, Øygarden og Sund. God mat og flott arrangert av Sverre Bungum frå Sund pensjonistlag. Super underhaldning av Rune Solberg, Vivian Steinsland, og Therese Hummelsund samt ein Engelsk gitarist. Dei framførte flotte låtar av bl.a Johannes Kleppevik, Vivian og Kåre Glesnes. Sund blandakor sang serdeles bra bl.a You Raise Me Up og fleire andre sangar.




Arrangementet varrt halden på Sotra Vidaregående skule avd.Sund. Dagleg leiar her informerte om den flotte skulen. Elevane serverte og maten smakte godt! Full middag med dessert og kaker og kaffe! Det var fleire helsingar frå dei inviterte pensjonistlaga. Her er mi helsing:

Kjære alle saman!
Velkommen til Sund Kommune!

Det er godt å bu i Sund kommune.

For born og unge har vi eit gode barnehagar og skular. Vi har opna ein ny privat barnehage, og vi skal no byggja ny skule på stranda.
Folkeveksten i kommunen er eit sikkert teikn på at kommunen vår er attraktiv. Det er positivt, men det gjev også nokre utfordringar som krev planlegging og evne til å sjå fram i tid.

Ei av dei største utfordringane er kommuneøkonomien.
Trass dette har Sund kommune hatt gode tiltak for seniorar, takka vere mange sin frivillige innsats på dette her i kommunen. Vi får snart eit seniorsenter, - og for dei aller eldste har vi hatt tilbod om dagsenter for demente – eit tilbod som no staten ser er godt og fleire kommunar gjer som Sund. Vi har også fatta vedtak om flytting av legekontoret inn i nye lokalar. Det blir bra både for oss brukara, men også for legane.

Det er viktig for oss at alle har tilfredsstillande helse- og omsorgstilbod. Heilt frå spedbarnskontrollar til eldreomsorg.

For å kunne gje tilfredsstillande tenester innanfor alle område, så vil regionalt samarbeid bli meir og meir viktig. I regionen her vest er det allereie eit omfattande samarbeid med Fjell, Askøy og Øygarden innanfor til dømes psykiatri, helse, næringsutvikling og brannvern. Aktuelle samarbeidsområde i framtida er barnevern, kriminalitetsførebyggjande tiltak, kultur, IKT, eldreomsorg, for å nemna noko.

Difor er det serdeles kjekt å sjå at det kjem besøk frå nabokommunane her i kveld.

Med eit så omfattande samarbeid ein har i regionen er det mangen som spør seg kvifor ein då ikkje tar steget fullt ut og slår seg saman med dei andre kommunane vest om brua. Me har i fleire år fylgt utviklinga i kommune-Noreg og me ser både fordelar og ulemper med kommunesamanslåing. Målet med kommunesamanslåing må vera at ein skal sikre og styrke tenestetilbodet til innbyggjarane.

Rammetilskotet vert radikalt endra etter 5 år for ein ny storkommune, og då forsvinn mykje av dei frigjorte midlane som ein treng for å kunne ha best mogleg spreidde tenester. Difor har me per i dag eit omfattande samarbeid med nabokommunane som eit alternativ til kommunesamanslåing. Kommunesamanslåing er såleis ikkje noko tema no.

Vi har alle et ansvar! -  For kvarandre, og saman – for samfunnet si utvikling – til det beste for alle. Regionen her vest er ein svert godt plass å leva og bu  – det må vi ta vare på for framtidige generasjonar.

Så nokk ein gong – velkommen til Sund og håpar vi får ein fin kveld saman her i dag!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar