torsdag 11. juli 2013

Høgre sin arbeidslivspolitikk


Høgre har i den seinare tid vorte angrepet frå ulikt hald for vår arbeidslivspolitikk. Felles for angrepa er at dei er tufta på synsing om korleis Høgre vil styra, og ikkje fakta frå korleis Høgre styrer. Det er som kjent svært mange kommunar som er styrt av eit fleirtal der Høgre er sentral. Det er Høgreordførar i 125 kommunar.  Som Høgre ordførar I Sund kommune har eg gode erfaringar frå samarbeidet med dei tilsette sine organisasjonar lokalt.


Høgres utgangspunkt er at me skal ha eit anstendig arbeidsliv her i Noreg. Eit velorganisert arbeidsliv, og høg organisasjonsgrad er ein fordel for det norske samfunn. Det gode 3 parts samarbeidet me har er grunnlag for at Noreg har evne til omstilling når behovet har meldt seg. Samarbeidet er også grunnlaget for eit svært lavt konfliktnivå i arbeidslivet her i Noreg. Me har ein kultur for at me dreg «lasset i lag». Til det trengs det god og sannferdig kommunikasjon.

Høgre ønskjer eit godt samarbeid med fagbevegelsen og andre. Dialogen mellom regjering, arbeidstakarar og arbeidsgivarar skal oppretthaldast om Høgre kjem i regjering. Høgres dør er open for både leiaren av LO og NHO. Men døra vil også være open for andre; bla. leiaren av YS, UNIO, Akademikarane, HSH og Bedriftsforbundet. Samarbeidet mellom regjering og arbeidslivets parter er viktig, men det skal være balansert.

Venstresidas skremmebilde om at samarbeidet vil rakne med ei borgarlig regjering er feil. Høgre har en politikk som er samanfallande med fagforeininganes ønskjer, og medlemmenes og samfunnets behov.  Høgre er helt einige med Norsk Tenestemannslag i at helsepersonell skal få bruke mindre tid på papir, og meir på pasientar. Me er helt einige med Fellesforbundets om å modernisere offentlig sektor, og vi er helt einige med LO-kongressens vedtak om konsekvensutredning i Lofoten og Vesterålen. Det er ikkje alle på raudgrøn side.

Høgre ønskjer å bevare arbeidsmiljølova som ein vernelov og ha sterke rettigheiter for tilsette. Me ønskjer å slå ned på useriøse aktørar og sosial dumping. Derfor har me på Stortinget foreslått å auka bevillingane til Arbeidstilsynet – men har ikkje fått støtte frå den raudgrøne sida. Men Høgre har støtta ei rekkje forslag frå regjeringa.

Høyre ønskjer at det skal være mogelig å komme frem til fornuftige løysingar lokalt, så sant både arbeidsgivar og tilsette er einige om det. I dag krev fagrørsla sentral godkjenning frå fagforeiningane sentralt for å godkjenne blant anna optimale turnusordningar for tilsette. Her i Sund kommune er det ønskjeleg å få på plass ein livsfaseturnus. Det vil seie ein turnus som er tilpassa den enkelte tilsette sin livssituasjon og arbeidsgjevar sitt behov. For eksempel så er det fleire tilsette som for eksempel arbeider i omsorg som er gift med ein nordsjøarbeidar.  Dei kan ha ønskjer om å arbeide mykje når ektefellen er på jobb. Me har også pasientgrupper som ønskjer meir ”stabilitet i kvardagen”. Forsøk har vist at utviklingshemma får myke betre livskvalitet når de har stabile rammer rundt seg, i staden for at mange tilsette kjem og går gjennom døgnet. Der det er einigheit om det, bør det være mogeleg å avtale turnusordningar lokalt så lenge man får godkjenning av Arbeidstilsynet. Det skulle vore heilt unødvendig for meg som ordførar og dei tilsette sine representantar å måtta reise til Bergen for å få godkjent ei slik praktisk løysing dersom det er einigheit lokalt!

Høgre ønskjer også å gjere det lettare for personar som har det vanskelig for å komme inn i  ordinert arbeid. På tross av ein særdeles lav arbeidsløyse, er det slik at mange opplever det som krevjande å komme inn på arbeidsmarknaden. For å gje desse betre muligheiter, ønskjer Høyre å opne for større bruk av midlertidige tilsetjingar gjennom å harmonisere tenestemannslova og arbeidsmiljølova. Hovudregelen i norsk arbeidsliv skal fortsett være faste tilsetjingar, men der det er midlertidig behov skal ein kunne nytta midlertidig tilsetjing. Noreg er ein god plass å leve og bu i, det er likevel rom for forbetringar og tilpassinger.

 Ove Trellevik
 Stortingskandidat
 Hordaland Høgre

 
 

 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar