lørdag 3. september 2011

Kausland Kyrkje 130 år


Fredag 2. september var det kulturkveld i Kausland kyrkje for å markere at kyrkja er 130 år. Det var eit flott arrangement.


Det var godt oppmøte, men det var ledige plassar. Som ordførar kunne eg ha ønskt meg at flest mogeøeg fekk med seg dette flotta arrangementet.  Eg fekk berre med meg starten før eg mått vidare i anna teneste, mmen det var eit stor kulturoppleving for dei frammøtte.
Programmet var variert svært godt. Hallgeir Fiskaaen spela gitar og Songkompaniet sang fleire flotte snagar. Sølvi Sangolt Førde og Anders Hummelsund sang solo. Erling Toft fortalte om kykja si historie. Vivian Steinsland sang som altid fantastisk og blei akkompanjert av Natalia Medvedeva.

Anny Telle frå Sparebanken Vest overrakte ei pengegåve på 50000.- frå banken.

Her er mi helsing frå Sund kommune:
Kyrkjelyd!
Gratulerer med 130 års dagen!
I kyrkjeleg samanheng er ikkje 130 år mykje –  ein har kanskje lett for å tru det. 

Faktum er at dei 130 åra vi i dag markerer – representerar ein unik historie for denne kyrkja.
Den gamle Kyrkja på Klokkarvik vart bygd i 1674 –1872 drøfta kommunestyret om dei skulle byggja ny kyrkje i Sund. Ein av dei aktuelle stadane var på Vorland. Prost Greve – som regjerte på den tida ville at Klokkarvik skulle vere kyrkjestaden i Sund.

Kommunestyret vart såleis samde om å bygga ny kyrkje på Klokkarvik og eit Kapell her på Kausland. Hovudkyrkja i Sund blei vigsla i 1877 - Ola Ingebrigtsen Søreide var ordførar og Kausland kapell sto ferdig og vigsla i 1881- ordførar då var Lars Lerøen.
Austevoll blei eigen kommune 1886 Austevoll – Kyrkjesongar, sundsoknar O.Strømme blei med over fjorden og blei ordførar o  me hadde felles presegjeld fram til 1918.

Kommunestyret lånte 16000.- til den nye kyrkja. Frå gamle sund kyrkje ble tårnets jernspir tatt med å brukt her i Kausland.Jernspiret er altså over 337 år no.

Kausland Kyrkje både har og er viktig for innbyggarane – og har vore mykje brukt opp gjennom åra.
I samband med 100 års jubileet i 1981 fekk kyrkja ei ”ansiktsløftning-
Totalt blei det brukt 1 mill kommunale kroner. Mykje dugnad blei utført. 
I den seinare tid vart det behov for kyrkjelydshus. Det vart vigsla i 1996. Her var det mykje innsamla midlar, men kommunen bidrog med 500 000.- samt noko arbeidskraft. Kyrkjelyden samla inn 1,2 mill. Lysakrono fant dei på loftet i her. Med Ellen i Bogen og Arne Bakke i spissen jobba 12 – 15 frivillige dugnad med å setta lysekrono i stand.Eg vil også takka Erling Toft for hans engasjemang og dugnadsinnsats gjennom mange år.

No i desse dagar pågår det ei stor utbygging og utviding av Kauskland gravpalss. Dette prosjektet har ei ramme på ca 23,5 mill kr og vil gje oss ein stor og flott gravplass i mange år framover. Dette er det største økonomiske løftet vi har gjort for kyrkja – og er såleis ei god markering ifm dette 130 års jubileet.

Kyrka har behov for ressursar og gjer ein god jobb med dei midlar dei har – eg skulle så gjerne hatt med meg ein stor sjekk til pengegåve, men det har eg ikkje – det eg har med meg er meir av symbolsk verdi – som kanskje ikkje kan målast i pengar.

Eg har med sund kommune si offesieklle gåve – ei fyrlykt, og den har for meg ein symbolsk verdi – ein kan også sjå på kirka som eit fyrtårn – som visar veg når livet er på det mørkaste - noko vi alle kan oppleve.

Eg set pris på at kyrka markerer denne 130 årsdagen, med opplegg både for elevar i skulen – og eit flott arrangement her i dag. Eg kan dessverre ikkje være med her i kveld – men eg er heilt sikker på at dåke får ein kjempeflott kveld her i dag – Lykke til – og kos dåke!


 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar