lørdag 8. oktober 2011

Veke 40. Kommunestyre - Ny næring gamle naust

Då er det helg og nokre dagar med haustferie. Når slike dagar står for dør blir det ofte travelt - mykje må gjerast før ein tar fri. Dene veka var det det siste kommunestyret for dei "gamle" kommunestyremedlemmane. Det har også vore samling for kommunane Sund, Austevoll, Bømlo og Radøy som er med samman med forvaltningsorgana Fylkesmannen og Fylkeskommunen i prosjektet Ny næring i gamle naust. Veka vart avslutta med ein fin avslutningsfest for det gamle kommunestyret på Panorama Fredag kveld.


Kommunestyret 4. oktober
Denne gangen var det mange saker på sakskartet. Her er ei kort oppstilling.
Kommuneplan – Kommuneplanen vart endeleg vedteken. Dette er gode nyheiter bl.a for Sotra Fiskeindustri AS som ventar på løyve til utviding av lokala sine. I den nye kommuneplanen fekk me ikkje godkjent dei nye areala til næringsformål som me hadde håpa på. 
Vurdering trafikkfarlege skulevegar - kommunestyret godkjende retningslinjene –ei vurdering må leggjast til grunn ved vurdering i kvart enkelt tilfellet når ein skal vurdere kva som er serleg trafikkfarleg og ikkje.
Sund bygdemuseum – Kommunestyret ønskjer eit samarbeid med Museum Vest og Nordsøfartsmuseet slik at samlinga på Berge kan ivaretakast på ein god måte. Det blir såleis ikkje igangsatt noko restaureringsarbeid av det gamle skulehuset på Berge.

Kjøp av ny reinhaldsmaskin – Kommunestret godkjende at ein anskaffar/leaser ei slik maskin. Kostnaden må førast i drift.

Søknad om støtte til dirigent Skogsvåg skulemusikk- Kommunestyret gav tilslutning til saka og korpset får kommunal støtte. Det blir arbeida med ei langsiktig løysing i samband med budsjettarbeidet no i haust.

Eigarskapsmeldinga. Hensikt fremje bevisstgjering og profesjonelt eigarskap. Oversikt over våre selskapa eigarform. Saka kan vera utgangspunkt for vidare drøfting om deltaking i aktuelle selskap. Kommunestyret kjem attende til nokre av problemstillingane ifm politikar opplæringa til hausten.

Bergensalliansen. Kommunestyret godkjende medlemskap i dette samarbeidsfora, og gav rådmannen i oppdrag å utgreia kva konsekvensar det får om Sund kommune melder seg ut av Hordaland Olje og Gass (HOG Energi) og Vest Norsk Brysselkontor.

SFO – Plan og Nye Vedtekter. Kommunestyret godkjende den nye planen.

Kommunestyre og fylkestingsvalet 2011 – godtgjersle for arbeid.
Satsane uendra dei siste 4 år. Nye satsar blei godkjent av kommunestyret.

Kontrollutval – endring medlemstal frå 3 til 5 medlemmer. Fordelar med å auke antal medlemmar er betre kontinuitet, kapasitet og bredde. Kommunal og regional departementet anbefaler dette for å styrkje eigenkontrollen i kommunane. Kommunestyret vedtok å endre frå 3 til 5 medlemmar.

Kommuneregnskapen 2010 endringar. Bakgrunnen for denne endringa er vedtak av fylkesmann og departement at det ekstraordinære utbyttet frå BKK må førast i investering og ikkje i drift. Resultatet er for 2010 er at driftsbudsjettet blir saldert med ubundne driftsfond. 2011 blir budsjettet saldert ved at budsjetterte overføringar til driftsfond blir redusert tilsvarande.

Reguleringsplan gnr 5, bnr 289. sund prestegard – endeleg handsaming
Kommunestyret godkjende reguleringsplanen.

112 gnr 15, bnr 2,243,255,314 og 263 Forland, endring reguleringsplan – endeleg handsaming.
Kommunestyret godkjende reguleringsplanen.

113 gnr 14, bnr 4 og 87. Fiksnesvika – kleppe. Klage på dispansasjonsvedtak
Utbyggar har søkt om dispansasjon frå rekkefylgjekrava som seier at det skal byggjast gang/sykkelveg ned til bustadområdet samt sikker kryssing av fylkesvegen. Kommunestyret opprettheld tidligare vedtak. Saka går til Fylkesmannen for endeleg vedtak.

114 Skaganeset industriområde – forslag til løysing
Etter at miljøverndepartementet sa nei til vidare utvikling av industriområdet på Skaganeset har det vore drøfta ulike alternative løysingar mellom partane utan at einigheit er oppnådd. 1 juli i år mottok kommunen eit brev få Sotra steinindustri – der dei foreslår at ein takstmann takserar verdien av tilbakekjøpet. Formannskapet gav ordførar og rådmann i oppdrag 16 august å forhandle fram eit tall/verdi som kunne framleggjast for kommunestyret. Summen er på 2,9 mill. Kommunestyret aksepterte denne løysinga, men ønskjer at kommunen ser på mogeligheita for at for eksempel statlege mynde kan bidra med finansiering. Kommunestyret tok også til ordet for at området/fjellskrentar må sikrast før overtaking.

Ny Næring i Gamle Naust

Onsdag 5 oktober var det ”kick off seminar” for naustprosjektet. Representantar frå kommunane Sund, Austevoll, Bømlo og Radøy var saman med fagfolk frå Fylkesmannen og Hordaland Fylkeskommune samla til seminar å Nordsjøfartsmuseet i Tælavåg.

Det var eit godt seminar. Me presenterte bakgrunnen for prosjektet og dei vidare planane for framdrift. Hovudmålet til prosjektet er å sikra bygg og gje nye næringar mogeligheit til å ta i bruk eldre næringsbygg. Utfordringane til Fylkesmannen er ”Korleis få løyve til ny bruk”? – og det er dette som mest sannsynleg blir kjernen i problemstillinga. Å få løyve til bygningsmessige og tekniske endringar vil mest sannsynleg kunne oppnåast ved at ein imøtekjem og ivareteke kulturminne ressursane som dei gamle nausta representerar på ein god måte. Mangen bygg treng sårt vedlikehald og målet er å få fram den verdifulle kystkulturen!

Dei gamle nausta og sjøbuene blei tidligare nytta til næringsformål innan primærnøringane. I framtida vi bruken i større grad bli dreidd mot sekundærnøringar. Me får då ein endra bruk, men eg opplever positiv haldning både frå Fylkesmannen sine folk og frå Hordaland Fylkeskommune. Fylkesmannen sine folk lova ei intern drøfting slik at kommunane kan få felles retningslinjer for korleis dette kan ivaretakast på ein god måte i kommuneplanane. Ein aktuell definisjon i kommuneplanen som kan opne for slik alternativ nøringsbruk er at tradisjonelle naustområdar med gamle ”nørings naust” blir definert som naustområde med sprett næring. Dette kjem Fylkesmannen tilbake til.

I det vidare arbeid no så vil kommunane identifisere aktuelle naustprosjekt. Eigarane må ha ein ide - og det skal lagast ein enkel rapport for kvart naust/prosjekt. Me tar sikte på å ha ca 10 prosjekt i kvar kommune, og at det skal føreligge rapportar innan midten av januar 2012 for kvart enkelt naust. Då skal styringsgruppa ha nytt møte. Ein vil då kunne sjå utfordringar som fagfolk, juristar og forvaltningsorgana må arbeide vidare med. Neste år (2012) vil gå med til å realisere nokre prosjekt som har konsept og planar som er realistiske, - og som klarar å skaffe eigen finansiering. Ein del prosjekt vil truleg måtte avvente grunna mangel på finansiering. Målet er å gjere eit forsøk på å spela inn behov for økonomisk støtte frå kulturminnefondet frå år 2013.


Kommuneøkonomi - Statsbudsjett for 2012
For Sund kommune kan det sjå ut som om me kjem godt ut av det med ein vekst på neste 7%. Dette er mykje meir enn dei andre nabokommunane våre. Orsaka til den store veksten i dei frie inntektene ligg i alderssamansetninga av innbyggarane. Me har bl.a. mange eldre i Sund og difor får me auka tilskott. Dersom me ser på budsjettala for Samhandlingsreforma ser det ut til at me kjem betre ut enn det me trudde i juni når kommunepropposisjonen vart lagt ut. Årsaka til det er at me får fleire eldre. Dersom det blir slik med denne reforma som med andre statlege reformer at dei er underfinansierte blir dei økonomiske utfordringane til Sund stor – mykje større enn kva det me kan lesa ut frå tala i statsbudsjettet. I tillegg blir det ein utfordring og økte kostnader på pensjon. Statlege tiltak innan barnevern blir ikkje vidareført over statsbudsjettet, men kommunane må søke støtta av Fylkesmannen gjer at også denne posten kan bli utfordrande. I tillegg er finansieringsordninga for barnehagane endra – til tap for kommunane! Utfordringar i kø – men dette skal me klare!
Avslutningsfest for det gamle kommunestyret Fredag 7 oktober.

Fredag kveld var kommunestyret samla på Panorama til ein avslutning for det sittande kommunestyret. Her var det god mat og flott underhaldning – eigenprodusert av dei ulike partia og representantar frå administrasjonen. Her var det mange gode ”revy talent”. Ein kjekk kveld!

Her er mi helsing til gjestane:

Me er ein mangfaldig flokk som er samla her i dag. Både politikara og administrasjon. Nokre skal forlate kommunestyret for godt, mens andre vender tilbake når det nye kommunestyret skal konstituere seg.
Felles for oss alle er at me har lagt nokre verdifulle år bak oss. Desse åra er blitt forskjellig utnytta av oss ulike kommunestyrerepresentantar. Nokre har grunn til å være fornøyde med det dei har oppnådd og andre skulle kanskje ønskt dei fekk meir igjennom av sitt syn – både i partia –og i kommunestyret. Men Ingen tid er forspilt dersom den gjer grobunn for forbetringar i framtida – når eg ser på listene kven som gjer seg etter desse 4 åra er eg overbevist om at Sund samfunnet har fått mykje att av dåkas arbeid både i partigruppene, utvala og i kommunestyret.

På vegne av Sund kommune og innbyggarane vil eg takka dåke for dåkas kunnskap, tid og vilje til å gjere Sundsamfunnet til ei kvar tid betre stad å bu.
Menneskjer er ulike, og nettopp i dette mangfaldet ligg det styrkje når det gjeld å tileigna seg forståelse for nye krav frå innbyggara og samfunnet,  og nye betingelsar og rammer frå overordna og statlige myndigheitene. Her har dåke bidratt godt alle.

Den jobben de har gjort i ulike utval og partigrupper har hatt innverknad på politikar kollegaer, på administrasjonen si haldning og på sjølve ordlyden i enkeltvedtak. På den måten har alle ytt – på sin måte – enten direkte eller indirekte - enten ein er snakkesalig – analytisk - har fagleg innsikt eller har eit anna fortrinn som er med å gjer eit mangfald viktig for å påverke utviklinga. Det er ein god grunn til at kommunestyret i alt tel 25 representantar – det er nettopp for at det skal gje bredde og mangfald.

Den 4-års perioden me no legg bak oss – vil gå inn i historia som ein av dei viktigaste og minnerike. Det mest utenkjelege skjedde i kommunane her vest. Det at me skulle miste 2 høgre ordførara nesten samstundes blei ein realitet. For kommunestyret og kommunen var det eit stort tap å miste Albrigt – vår folkekjære ordførar gjennom ei årrekkje.

Opp gjennom åra har det vore mange ulike ordførara her i Sund.
Forståinga av politikarrolla  har vært i stadig utvikling. Det var for eksempel først
i 1910 me fikk dei første partilistene. Før den tid stilte man til val som enkeltpersoner og blei
valt som enkeltpersoner på basis av den ”tillit og standing” man hadde i lokalsamfunnet.
Det er frå denne perioden begrepet ”bygdas beste menn” stammer. Politikar idealet var å være så fri og uavhengig av alle bindingar som mulig. Dette var 1800 – talet sitt politikar ideal.

I dag er politikarrolla sett meir opp mot partia – men ein forventar at  allereie igangsatte prosjekt og prosessar blir fylgt opp - slik sett betyr enkeltpersonar framleis mykje i eit lokalval.
Ein kan lesa dei ulike valprogramma og ein vil finne mange fellesnemnara for kva partia oppfattar som viktige for oss Sundsokningar.
Eg trur kommunestyret i Sund kjem til å ta med seg mykje av dette i perioden som kjem – mykje av det arbeidet som både det førre kommunestyret og dette kommunestyret har sett i gang skal fullførast.

Slik sett  – så er dåke som no gjer dåke etter denne perioden - fortsatt med å prege utviklinga i Sundsamfunnet i mange år framover med dei føringar og vedtaka dåke har vore med å arbeida fram. På vegne av innbyggarane og kommunestyret takkar eg for den innsats de har gjort. Og lykke til vidare!

Til administrasjonen og dei andre som blir med vidate til det konstituerande møtet 18 oktober – vil eg takke for sammarbeidet og innsatsen så langt, og håpar også me kan få eit fruktbart og godt sammarbeidsklima i kommunestyret og med administrasjonen også i kommande periode.

 
 
 
Ha ei fin fin helg
Ove

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar