lørdag 9. februar 2013

Bergensregionen kan gjere Noreg til verdas fremste sjømatnasjon!


Den nye stortingsmeldinga om sjømat er under utarbeiding. Visjonen for sjømatmeldinga er ”Noreg – verdas fremste sjømatnasjon”.  Eit viktig grunnlagsmateriale for Stortingsmeldinga er tilrådingane frå arbeidet med ny strategi for marin forsking og utvikling; HAV 21-rapporten som blei lagd fram 7.november. I denne bloggen kan du lese korleis eg meiner Bergensregionen kan kan bidra til å nå visjonen.

God start på året


 
Det har vore stilt her på bloggen lenge no. Fleire har gitt meg tydeleg tibakemelding på det! Slik skal det være. At det er stilt på bloggen betyr ikkje at det ikkje skjer noko! Det er stor aktivitet i kommunen og det skjer mykje spennande.

lørdag 8. desember 2012

Regionråd, opning seniorsenter og litt til!

 

Då blei det helg, og enda ei spennande arbeidsveke er over. I denne bloggen kan du lese litt om møtet i Regionrådet, etterbruk av skular, lysa på Veten, kva eg ønskjer å nytta det nyopna seniorseteret til mm. 

fredag 7. desember 2012

BNR anmeldelser og ferjedrift

Denne veka har BT hatt fokus på ferjesambandet Hjellestad - Klokkarvik. Det er flott, men det er også slik at det er mykje info som ikkje får plass i ei avisspalte.
Fokuset har vore retta mot ueinighet mellom reiarlaget BNR og Sund kommune. Ueinigheita er ikkje til å legge skjul på.
 

lørdag 17. november 2012

Ei lita oppsummering


To fluer i ein smekk! Det blei inga blogg førre helg så her er ei kort oppsummering av dei viktigaste sakene dei siste to veker. Ikkje uventa kanskje men kommuneøkonomi må kommenterast. Det same må ferjesambandet Klokkarvik – Hjellestad, samt litt om kommunestyret og næringsutvikling.

lørdag 3. november 2012

Bygdebok lansering og VNR haustfest denne veka

Mange kommunar har for lengst skreve si gards- og ættesoge. Torsdag var endeleg dagen komen der me i Sund skulle få lansert 1.bind av den nye bygdeboka. Torsdagskvelden var det også duka for årets haustfest i regi av Vest næringsråd (VNR). Dette var ein kjekk kveld på Panorama.  Dette kan du lese meir om i denne bloggen.


lørdag 27. oktober 2012


Status for Vegprosjekta i Sund kommune


I denne bloggen gjer eg ein oversikt og status over vegprosjekta me har i arbeid der Hordaland Fylkeskommune og Statens vegvesen er involvert. Måndag 22. oktober hadde me møte med dei. Dei minste prosjekta som berre gjeld kommunale vegar blir ikkje omtala her.

lørdag 20. oktober 2012

Strakstiltak

I denne bloggen kjem eg med ei lita oppsummering av denne veka. Det har vore formannskapsmøte og andre møter. Me opplever at trafikkproblema aukar og no er det på høg tid at det blir iverksatt strakstiltak. Dette kan du lese meir on i denne bloggen.

lørdag 13. oktober 2012

Budsjettarbeid


No er statsbudsjettet framlagt og arbeidet med å få på plass kommunebudsjettet for neste år startar med full tyngde. Sund kommune er ein av ”budsjett vinnarane” bland kommunane i Hordaland meiner dep.råd Eivind Dale i kommunaldepartementet, men det er ikkje noko grunn for å juble. Etter min oppfatning er budsjettet i tal nokolunde som forventa for oss i Sund, men eg er overraska av at Bergen kjem så dårleg ut. Konsekvensane av samhandlingsreforma har regjeringa heilt gløymt.
 

lørdag 6. oktober 2012

Sotra i 2020

Onsdag fekk eg presentert mine tankar for Sotra i år 2020 på eit seminar arrangert av Senioruniversitet. Sotra er ein god plass å leve og bu. Få plasser er det betre mogeligheiter for å skape ei god framtid som sikrar velferd, vekst og trygge løysningar for alle innbyggara.

I denne bloggen kan du lesa litt om mine tankar for Sotra og regionen i 2020. Bloggen er ikkje komplett for alt eg ser for meg i 2020, men baserar seg på eit 15 minutters munnleg innlegg i kultursalen i Fjell, men beskriv utviklingstrekka slik eg trur dei vil gå.
 

søndag 30. september 2012

Reise til Bosnia Herzegovina, Konjic kommune.

No var tida komen for at eg burde reisa til Bosnia Herzegovina for å sjå og følgje opp det gode arbeidet Sund kommune saman med andre samarbeidspartnara har fått gjort gjennom mange år. Bakgrunnen for prosjektet var at det etter krigen på Balkan så skulle Noreg bidra til demokratiseringsprosessen på Balkan. I Sund kommune budde det mange flyktningar frå Balkan under krigen. Då då Dayton avtala var signert i desember 1995 var det naturlig for Noreg og Sund kommune å engasjere seg i gjenreisinga av landet.

tirsdag 25. september 2012

Tid for endring i barnevernet

Me ønskjer oss alle eit samfunn der borna våras veks opp i gode miljø som sikrar at vore born lærer og utviklar seg til å bli sjølvstendige gode borgarar. Der alle får mogeligheita til læring og utvikling, utdanning og arbeid.
Som leiar i Regionrådet Vest ser eg at kommunane Askøy, Fjell, Øygarden og Sund opplever ein auke i talet på saker innan barnevernet og auke i dei kommunale budsjetta. Det er press på barnevern tenestene og det er press på dei tilsette sin kapasitet innan barnevernet.