Sund kommune


Sund kommune

Sund kommune ligg på søre enden på Sotra. Sund har eit areal på 99,3 km2 og ei 110 km lang kystlinje. Kommunen består av 466 øyar, holmar og skjer. 


Høgste punktet er Veten 284moh. Innbyggjartalet pr januar 2011 er ca 6250. Frå 1950 heldt innbyggartalet seg på rundt 3000 fram til 1975 og nådde 5000 før 1990. Dagens kommunegrenser stammar frå 1886. Då vart Austevoll i sør og Marsteinen fyr skild frå som eigen kommune.


Kommunesenteret ligg i Skogsskiftet. Her finn ein Sund senter med ulike offentlige og private servicefunksjonar. Kommunen har ein desentralisert barnehage- og skulestruktur. Kommunen har ein ungdomsskule som ligg på Stranda, og ein vidaregåande skule i Skogsvåg. Det er eit rikt kulturliv for innbyggarar i alle alderstrinn, som i stor grad vert ivareteke og drifta av frivillige lag og organisasjonar.
Vi har ein symjehall på Stranda, ei kyrkje på Klokkarvik og ei kyrkje på Kausland. I Telavåg ligg Nordsjøfartsmuseet, som vert drifta av Museum Vest. Her er det utstillingar om Telavågstragedien, nordsjøfarten under krigen og Shetlands-Larsen. Muset har opna ei digital utstilling du kan sjå frå din pc:http://www.museumvest.no/barnogkrig/






Kommunen har historisk vore ein tradisjonell kystkommune med fiske og litt jordbruk som hovudnæring. I dag er det få fiskefartøy igjen i kommunen. I dag pendlar mange til Bergen og dei andre nabokommunane til og frå arbeid. Sund vart landsfast ved opninga av Sotrabrua i 1972. Statens Vegvesen arbeidar med eit nytt fastlandssamband til regionen her vest for å ivareta samfunnet sine krav til eit effektivt og rasjonelt transportsystem.

Du kan lese meir om Sund kommune her:

http://www.sund.kommune.no/

Helsing
Ove Trellevik