lørdag 26. mai 2012

Deiligt med sommar, men brannfare!

Det er pinsehelg og framleis godt vær. Denne veka har været vore nydelig, men me har vore vitne til ein storbrann grunna tørke. Elles har det vore ulike møter denne veka. Kommuneproposisjonen for kommuneøkonomien for 2013 er lagt fram. Konsekvensane for Sund kan du lese meir om her.




Takk til mannskapa!
God innsats frå vårt personell ute i markane mellom Glesnes, Kausland, Spilda og Selstø dei siste dagane. Alle mannskapa- kvinner og menn, som har vore ute har gjort ein fantastisk jobb. Me har hatt mannskap frå Sotra Brannvern IKS, Sivilforsvaret, Øygarden Brannvesen, Bergen Brannvesen, Politiet og skogbrannhelikopter som har deltatt. Velvillige innbyggarar har forsynte mannskapa med varm og kald drikke - Tusen takk for flott innsats. Det var ei tid fare for bygningar og hus, men så langt eg veit så har ingen bygningar fått skade, men store delar av utemarka vart brent. Håpar alle tar omsyn til at det lett kan bli brann når det er så tørt og varmt i været. Vi må unngå slike brannar!

Foto: Ronny Sangolt. Bilde frå brannslukkinga på Kausland onsdag 23.mai.


Ungdomskontoret
Ungdomskontoret er kanskje ikkje like kjent for alle. Dette er eit kontor som set ungdommen i fokus. Dei føl spesialt opp ungdommar som treng hjelp i møte med det offentlege tenesteapparatet. Det være seg skule, utdanning, NAV etc etc. Kommunen har fått innvilga ein prosjektstilling som skal arbeide med unge som skal busetje seg og treng oppfølging. Fokuset for stillingsinnehavar blir såleis bustadsosialt arbeid. Dette blir bra både for enkelte unge som treng oppfølging, men også ein trygghet for dei som ønskjer å leige ut til unge direkte eller via Sund kommune. Ungdomskontoret har gjort ein kjempejobb i dei åra som dei har eksistert, men det er eit ønskje om at me kanskje «spissar» oppdraget noko – sett frå NAV sin ståstad. Dersom ungdomskontoret kjenner arbeidsmarknaden godt samt dei unge sitt behov- blir det lettare og hjelpe dei som fell utanfor det ordinære skulesystem. Praksisplass er ofte ein flaskehals for ungdom som ikkje finn seg til rette i den vidaregåande skulen. Eit gammalt ordtak seier «ledighet er rota til mykje vondt» -det trur eg – difor er denne «spissinga» viktig. Utfordringa er å skaffe tilstrekkeleg med arbeidsplassar til denne gruppa av arbeidssøkjarar.

Museum Vest
Onsdagskvelden var det styremøte i Museum Vest. Denne gangen var vi på Herdla nord på Askøy. Her er det både museum og eit «nedlagt kystfort». I tillegg er det eit stort fuglereservat med fleire hundrede registrerte fugleartar samt ein golfbane. I Museum Vest arbeider me for ei ny utstilling i Fiskerimuseet i Bergen. Her har me spennande planer for å vise Norges fantastiske fiskerihistorie opp gjennom åra. I tillegg ønskjer dei på Herdla å arbeide for eitt nytt utstillingsvindauga «Morene». Her er målet å samle mykje av det ein har på Herdla. Herdla framstår som ei perle i dag, med golfbane, fuglereservat, naturområde, museum og i desse dagar nydeleg vær. Eg kan anbefale folk å ta ein tur til Herdla!

Kommuneøkonomi
Økonomi er alltid eit viktig tema for kommunane. No er dei grovaste tala for 2013 lagt fram.

Førebelse tal syner at kommunane i Hordaland og Hordaland fylkeskommune får ein vekst i frie inntekter på 470 millionar kroner i 2013. Dei frie inntektene veks meir enn dei ”bundne” inntekta – og det er uvanleg!
Regjeringa legg opp til vekst på mellom 5,25 og 6 milliardar kroner i dei samla inntektene til kommunesektoren i 2013. Av den samla veksten vil opp mot 5 milliardar kroner vere frie inntekter, men utfordringa er at dei frie inntektene som i Sund blir ca 5 mill i stor grad er bunden opp i folketalsvekst her i Sund samt pensjon.

Veksten neste år kjem i tillegg til dei auka inntektene kommunane allereie har fått i år. Det vil sei at kommunane får behalde auken i skatteinntektene i 2012, dei er på  på 2,3 milliardar kroner totalt i Norge. For Sund blir det ca 2 mill. Totalt veks inntektene ca 7 mill for oss i Sund. I tillegg kjem prisveksten. Endelege tal vil ikkje vere klare før i statsbudsjettet for 2013.

I Sund så indikerer eg at «pengane alt er brukt eller bunden opp» Befolkningsveksten betyr større behov for kommunale tenester i Sund. Når me blir fleire innbyggjarar, krev det at kommunane byggjer ut tenestene sine meir. Difor må ein sjå veksten i frie inntekter i samanheng med at kommunen også får auka utgiftene sine i 2013 på grunn av befolkningsutviklinga. Gode eksemplar på dette i Sund er behov for skuleutbygging, utbygging av legesenter, tilsetjing av fleire legar etc etc.

Kommunar har ulike behov. Difor er det avgjerande viktig at inntektsauken kjem som auke i frie inntekter. Det gjev kommunane fridom til å tilpasse tenestene til det som trengs mest for eigne innbyggjarar.

I Sund arbeider me godt med økonomien. Ein god kommune planlegg for framtida. I Sund er skulebruksplanen serdeles viktig for kommuneøkonomien i framtida samt ”omsorgsprofilen” for dei eldre. Me arbeider med gode planar på begge desse viktige områda for å sikre at utgiftene er tilpassa inntektene me får.

Andre saker!
Fylkesmannen har vedtatt at elevane frå Berge til Stranda skal få gratis skuleskyss, så her får me berre hive oss rundt å skaffe busskort!

Fylkeskommunen har lagt fram eit høyringsforslag til ny Skulestruktur for dei vidaregåande skulane. Det var knytt noko spenning til dette. Det har vore drøfta om Sotra vidaregåande skule avd. Sund skulle vore slått saman med Bildøy/Straume. I høyringsforslaget så får skulen i Sund bestå. Kva som blir vedtatt av fylkestinget er ikkje mogeleg å forskottere, men utgangspunktet er betre enn forventa! Me lyt arbeide politisk opp mot fylkestinget for å sikre dette.

Det har i den seinare tid vore ein del lukt frå Skaganeset. Noko skyldes innkjøring av nytt prosesseringsanlegg hos Biomega og dette vil ein snart få eliminert. Det har i tillegg vore eit uheldig utslepp til sjø v/Sekkingstad. Dette utsleppet er også under ”kontroll og oppsyn”.


Ha ei fin fin pinsehelg!
Ove

lørdag 19. mai 2012

På tur til Shetland denne veka!

Det er laurdag morgon og eg er på farten til å reisa heim att frå Shetland. I dag er det eit strålande vær, stille og sol. Ein nydeleg morgon her vest i vesterled.
Ei kjekk veke er over, med eit flott besøk på Shetland.


fredag 11. mai 2012

Travel veke med ei flott og verdig gravferd

Denne veka har det blant anna vore tenestereise i regi av Fylkesmannen, seminar om bustadsosial plan og gravferd til Alexsader Dale Oen.


Alexsander Dale Oen blei gravlagt fredag 11.mai.

lørdag 5. mai 2012

Veten tur og formannskap denne veka!

Då er det helg. Kjem nett frå Veten. Me har hatt ein kjempetur som du kan lese meir om her. Det har også vore formannskapsmøte med mange viktige saker denne veka. Dette kan du også lese meir om i denne bloggen.