lørdag 18. desember 2010

Nyheitsbrev frå Regionrådet Vest 01-2010

Måndag 13.12 var det styremøte i Regionrådet Vest. Møtet vart denne gongen halde på Fjell rådhus. Styret er samansett av ordførarane i kommunane Askøy, Fjell, Sund og Øygarden. Dessutan møtte rådmennene i dei fire kommunane og sekretariatet til regionrådet.

Styret hadde invitert både BRB, Gode Sirklar, Askøy Næringslivsforening, næringssjefen i Askøy kommune og Vest Næringsråd til møtet. Det vart mellom anna drøfta kva forventningar dei ulike næringslivsaktørane, regionen og kommunane har til samarbeid. Det var gjeve tilslutnad til Gode Sirklar sitt framlegg til oppfølging av den strategiske næringsplanen for bergensregionen. Det er planlagt å etablera eit prosjekt som vert leia av ei styringsgruppe med brei samansetjing. Gode Sirklar og næringssjefen i Askøy vert dei operative aktørane i prosjektet. Formålet er mellom anna å sikra at næringsplanar på lokalt nivå samsvarar med planar på regionalt nivå.
I dag er det Fjell, Sund og Øygarden kommunar som er eigarar av Gode Sirklar AS. Styremedlemene frå desse tre kommunane gav i møtet uttrykk for eit ønske om at også Askøy kommune vert med i dette selskapet. Regionrådet vil difor ta initiativ til at det vert teke formell kontakt med Askøy kommune der kommunen vert invitert til å verta med i Gode Sirklar.
Styret gav også tilslutnad til at Gode Sirklar gjennomfører ein analyse av korleis kommunane i regionen kan ha gjensidig nytte av kvarandre sine tenester (komparativ fordel). Denne saka kan verta sett i samanheng med Agenda AS sin rapport om "Regional utvikling og tenesteproduksjon".Det vert kalla inn til det første formelle møtet i Tinget i Vest måndag 07.02.2011. Fylkesmann Lars  Sponheim er invitert til dette møtet som vert halde på Askøy. Dette vert eit halvdagsmøte med tre hovuddelar med fagdel, informasjon og drøfting med sikte på å få politisk forankring. Tinget i Vest er samansett av formannskapa i dei fire kommunane.Til møtet på måndag låg det føre ei oppsummering av forprosjektet Felles Ansvar. Dette er eit felles kriminalitetsførebyggjande prosjekt for dei fire kommunane. Så langt har 16 bedrifter forplikta seg til å løyva vel to millionar kroner til eit eventuelt treårig prosjekt. Styret vedtok at det vert sett i gang eit felles prosjekt i dei fire kommunane. Prosjektet tek med seg tilrådingane i forprosjektet og erfaringar frå eigne kommunar. Askøy kommune vert beden om å ta ansvaret for å samordna og leia prosjektet.Rådmannsgruppa skal gjennomføra utgreiing av eit eventuelt felles tomteselskap for dei fire kommunane. Utgreiingsarbeidet skal leggjast fram for politisk godkjenning. I første omgang skal ein ta prinsipiell stilling til om det er aktuelt å gå vidare med planane om eit felles tomteselskap.
Styret drøfta kva rolle Regionrådet Vest kan ha med omsyn til Sotrasambandet og andre samferdsleprosjekt i regionen. Det er semje om at kontakten mellom regionrådet, kommunane og andre aktørar må koordinerast. Til neste møte skal det liggja føre konkrete forslag til kva rolle regionrådet kan ha i slike prosjekt.
Sekretariatet presenterte budsjettprogrammet for 2011 som syner aktivitetar og samarbeidsprosjekt som har ei totalramme på tre komma sju millionar kroner inklusive eksterne tilskot. Regionrådet har ikkje eige budsjett. Det er lagt opp til ein enkel og ubyråkratisk modell der økonomien i størst mogleg grad vert teken hand om av den einskilde kommune. Sekretariatskostnadene går på omgang. For 2010 og 2011 er det Øygarden kommune som har sekretariatsoppgåva. I løpet av det første året for regionrådet, er det starta opp ei rekkje samarbeidsprosjekt. Sekretariatet har utarbeidd eit oversyn som syner pågåande og planlagte prosjekt i regi av Regionrådet Vest. Også andre samarbeidsformer er tekne med i oversynet.
Det er lagt opp til to styremøte og fire rådmannsmøte første halvår 2011. Styremøta er fastsett
til 21.03 og 27.06.


Regionrådet Vest skal bruka næringsutviklingsselskapet Gode Sirklar til å følgja opp den strategiske næringsplanen som er utarbeidd av Business Region Bergen (BRB).

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar