fredag 7. januar 2011

Oppsummering av første arbeidsveke i 2011.

Vanlegvis avsluttar eg arbeidsveka i studioet til Radio Sotra med sending på 104,5 Mhz. Men sidan Rolf er på ferie i Thailand og det såleis ikkje blir ordførarprat denne veka oppsummerar eg i bloggen her.


Første arbeidsveka i år har vore hektisk. Måndag 3.januar fekk eg besøk av Austefjorden smolt AS. Dei hadde fått forhandsvarsel frå Fiskeridirektoratet om tilbaketrekking av konsesjon for visningsanlegg av oppdettslaks. Dette er dramatisk for selskapet og kan resultera at heile den gode planen om eit industriturismeanlegg der ein får vist frå heile prosessen med lakseproduksjon av matfisk frå smolt til ferdig vare klar for eksport ikkje kan la seg realisera. Årsaka til at Fiskeridirektoratet vel å gje forhandsvarsel om at dei kjem til å trekka konsesjonen er manglande framdrift av prosjektet ihht forskrift. Forskrifta seier at konsesjonshavar skal framsende nødvendig dokumentasjon for klarering av lokalitet innan 6 månader atter at konsesjon er tildelt. Denne fristen er gått ut for ei lang tid tilbake.
Sund kommune vil søkja å arbeide politisk for at konsesjonen ikkje vert inndrege, men eg er uroa over at det kan verta vanskeleg. Austefjorden Smolt AS burde etter mitt syn søkt å fått fleire profesjonelle eigara inn i selskapet Austefjorden Smolt AS slik at for eksempel både matfiskproduksjonen og turistsatsinga var representert med store seriøse aktørar. Hadde Austefjorden Smolt AS hatt slike medeigara trur eg framdrifta ville vore handtert på ein betre måte og selskapet sine planar om visningsanlegg allereie kunne vore realisert. Som ordførar vil eg søkje å arbeide for at konsesjonen vert i Sund kommune.

Tysdagen var det nyttårsmøte med fylkesordføraren og heile den politiske leiinga i Hordaland samt mange fleire. Som ny ordførar var dette ein nyttig dag. Nye relasjonar vart etablert og eg fekk ein stor dose fagleg påfyll. Ref eigen sak nedafor her på bloggen min. Onsdagen gjekk i stor grad med til interne møter om omstillingsarbeidet i kommunen. Nedafor ligg det også ein blogg oppdatering med mine inntrykk frå partileiarmøtet Torsdagen.

I dag fredag har det vore eigarmøte i BKK. Det går mot eit utbytte på 800 mill i 2011. Det blir ca 8 mill til Sund. Det er gode inntekter for ein kommune med avgrensa inntekter. Resultatet for 2010 er svakt men gjer ein rentabilitet på eigenkapitalen på 9%. I åra som kjem har BKK planar om å investera ca 1 mld årleg for å oppdatera produksjon og strømnettet.



Ha ei fin fin helg
Ove

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar