Tysdag deltok eg på januarmøtet til Vest næringsråd (VNR). Dette var eit godt arrangement. Ca 150 deltakarar som er ”all time high” i auditoriet til CCB.
Agendaen var følgjande:
- oppdatert markedsinfo v/Coast Center Base
- presentasjon av Strømme Group
- presentasjon av Strilalam
- nettverksbygging og smaksprøver av kortreist mat...
- presentasjon av Fokus Bank
- kunstauksjon (Vexgruppen inviterte til auksjon til et ideelt formål)
- oppdatert markedsinfo v/Coast Center Base
- presentasjon av Strømme Group
- presentasjon av Strilalam
- nettverksbygging og smaksprøver av kortreist mat...
- presentasjon av Fokus Bank
- kunstauksjon (Vexgruppen inviterte til auksjon til et ideelt formål)
Det var interessante innlegg, men spesielt spennande synest eg presentasjonen av Strilelam var. Håper eigarane får denne bedrifta til slik at dei lukkast med satsinga. Smaksprøvene var gode!
Vidare snakka blant andre Rolf Øvretveit i Radio Sotra om Straumedagane som skal arrangerast 13-19 juni i år. Dette blir spennande og kjekke dagar for næringsliv og familiar.
Tysdagen var det formannskapsmøte. Formannskapet gav støtte til ordføraren i at restverdien i Sotra ASVO AS kunne brukas på OL turen til Nest Sotra Unitet. Sund kommune kjem attende til spørsmålet om reisefølgje. Tilbodet på organisasjonsgjennomgangen blei presentert av konsulenten. Forståinga av oppdraget konsulenten hadde var ikkje heilt i samsvar med formannskapet sine forventningar. Vi ventar eit revidert tilbod (beskriving av prosess) då tilbodet ikkje samsvara heilt med formannskapet sine forventningar.
Vi hadde også ei sak oppe om gebyrauke i medhald av plan og bygningslova. Det blei vedtatt at den skulle leggast ut på høyring før den blir vedteken. Barnevern er i fokus både i media og i kommunane. Dette har medført at staten har øyremerka midlar til satsing innan barnevern. Formannskapet vedtok at Sund kommune skal søke ein pott på desse midlane. Vi gjekk også gjennom investeringsregnskapen 2010. Vi ligg noko over på nokre prosjekt ift budsjettet for 2010. Formannskapet kjem attende til inndekning når regnskapet for 2010 skal gjerast opp.
Formannskapet ønskjer at moloen som er i eige av Kystverket på Steinsland skal vera eit offentlig gode også i framtida. Formannskapet ønskjer såleis ikkje at den vert seld til private. Regionrådet Bergensregionen er vedtatt avvikla og formannskapet tilrår at Sund kommune tek del i de nye samarbeidsfora Bergensalliansen. Skal Sund kommune kunna påverke regionale spørsmål i Hordaland må vi vera tilstades i rette fora. Formålet her er å styrke samarbeidet i regionen, og såleis stå sterkare i nasjonal samanheng. Det vart også gjort suppleringsval til Gulating Lagmannsrett. Siste sak som vart drøfta var rådmannstillinga. Formannskapet tilrår einstemt i at rådmannen må få tilbod om å fortsette i ny åremålskontrakt.
Har du sakar du vil me skal ta opp i formannskapet kan du kontakta meg!
Helsing
Ove
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar